Mangfoldige og spesialiserte butikkar


 

Kvar vart det av alle butikkane  i sentrum av byen ?

Det var butikkar overalt. Gjekk du Øvregata, var det små og store butikkar alle stader. Mest små, med eit eller to utstillingsvindauga, og ei inngangsdør i midten. Det var paraplybutikk der du kunne få reparert paraplyar. For om ikkje paraplyen vrengte seg heilt, kunne ein få festa ei spil eller noko av trekket.  Her selde dei platikkhetter til å ha på hovudet om det regna, Det var skobutikkar, med utstilte sko med høge og lave helar, skinnsko og sandalar, støvlettar og tøysko. Det var ein skomakar som tok imot sko og reparerte dei, og sydde sømmar og bytte helar som hadde vorte skeive. Ein kjøpte ikkje nye sko om dei gjekk an å reparere. 


Det var veskebutikk som handla berre med vesker, koffertar og handlenett. Ein annan butikk hadde serviser, koppar med snill gutt og tante i gullskrift, krustøy, bollar og fat . Så vidt eg hugsar var det bakeri og konditori i same kvartalet. 

Du kunne kjøpe blomar i blomsterbutikken, grønnsaker hjå grønnsakhandlaren  og fisk i fiskebutikken. Alle hadde ei til to-tre tilsette, og innhavaraen sjølv var ein av dei som ekpederte. Mange stader var det kjappe replikkar og mykje latter og godt humør. 




På Bryggen kjøpte eg min første sykkel. Han var raud, halvstor, og hadde ringeklokke, håndbrems og heitte Svitun. Eg hadde spara til han sjølv, men sanninga var nok at far og mor la til nokre lappar for å få han på vegen.  Men eg rulla han ut frå butikken- eg trur det var Skurtveit-  og han vart lagt på lasteplanet til Opel Bliz for å fraktast heim til Leiknes. Sykkelen hadde eg glede av i mange år, og etterpå vart han arva nedover til dei fleste syskena mine.

Bryggen hadde  også grønnsakhandlarar, fleire bokhandlarar, kolonial, fiskenøter og  suvenirbutikk . med meir Nabojenta heime på Leiknes var gift med ein grønnsakhandlar som hadde butikk der, og dit gjekk me for å kjøpe eksotiske grønsaker som persille og selleri, eller om me skulle ha ein riktig fin bunt med gulerøtter til kjøtsuppa.  Madsens bokhandel låg på hjørnet, og dit gjekk eg titt og ofte når eg var med far til byen, og hadde mast meg til nokre kroner. Dei hadde barnebøker, glans, papirdokker fargestiftar og malebøker, så her var det mykje å sjå på og kjøpe for ei lita jente.  Det var faktisk to bokhandlarar til i området, ein kristen, der me kjøpte biblar og salmebøker med og utan gullskrift, og så ein annan stor handel tvert over Torget. Eg besøkte alle jamnt. 

Det var små kaffear der du kunne kjøpe middag eller kaffi, og brus. Den sterke eimen av steikt feitt og middag slo imot deg i gangen opp til 2. etasje, for dei fleste låg slik at du hadde utsyn over  byen, eller aller helst Vågen. Det var kaffistova og Nordhordland indremisjon sin kafe og Hordaheimen og  Utsyn   i  C Sundts gate.  God mat hadde dei alle, og koke fisk kunne dei og. (Hugsar då eg kom til Oslo som student og skulle ha min første fiskemiddag. Han var utkokt og smaka råttent- ). Nei, noko kunne bergensarane betre!  For oss ungane var brusen viktig, dei få gongane me åt på kafe! 



 Kong Oscars gate krydde det av små butikkar. Eg hugsar best at kaffehuset Friele hadde utsalg der. Skulle in ha god kaffe, drog ein dit, og fekk male ei mork eller to som ein tok med seg heim att.  Det var  store plakatar  av Frieles neger på veggene. Ingen reagerte på det!

Ein av dei første sommarjobbane mine var hjå ein grønnsakhandlar i Marken. Ein mann med pondus, bevisst sin eigen posisjon, men  høfleg og kundevenleg. Han henta varene sjølv på Gartnarhallen, og hadde dei på plass i butikken i god tid før opning. Han selde grønnsaker, bær og frukt, og hadde mange faste kundar.  Han hadde god varekunnskap, og  tok vel vare på produkta sine for å få mest muleg ut av det han tok inn. Kvar kveld vart varene lagra i kjellarrommet bak butikken, og kvar morgon sette me dei fram. Me vog opp det kunden ville ha av epler, poteter og gulerøter på ei gamaldags vekt med lodd, og slo inn summen på eit eldre kasseapparat. Mangla det papirrull til å registrere ein sum, måtte kunden vente medan ein skifta.  Om kvelden vart kassa telt omhyggeleg opp, og stemte det ikkje, talde han på nytt, til alt stemte.  Han henta vekslepengar i store rullar på banken, for det gjekk mykje av dei 



Eg var vikar for førstedama då ho var på ferie, og sidan for innehavaren sjølv. To veker for året reiste han til Syden, og denne gongen skulle eg vera diskenspringar medan han var borte. Den betrudde førstedama hadde ansvaret, og eg gjekk til hande. Det gjekk bra med butikken, og me selde mykje. Han var fornøgd då han kom heim att, og underheldt oss med historiar frå det store utland.  Då han kom heimatt fekk førstedama  eit gullsmykke, og  eg sjokolade.

Svært mange av desse butikkane er borte no.  Dei store kjøpesentra har teke over.  Eg saknar småbutikkane, kontakten med innehavarane  og den sjarmen  det var å handle der. 

  


   Kong Oscars gate


I

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar