Jeg tenker hele tiden. Men jeg tenker bedre på trikken, for der gjør jeg ikke annet enn å tenke ( sitat frå ein stil).


  -  Me tar trikken, sa mor. Me hadde vore og besøkt gammeltanta hennar  på Sandviken aldersheim, og hadde dårleg tid. Det var moro! Å ta trikken var annleis og eksotisk, og små føter vart trøytte av å gå lenge på brusteinen.  Mor hadde tannlege sin, Yri,  i Sandviken,  og når me hadde vore der, tok me og
 trikken til byen.  


 I min tidlege barndom hadde trikken ofte to vogner, der
 trikkeføraren kjørde første vogna, og trikkekonduktøren tok 
betaling og hjelpte folk med av- og påstigning, og tok eit tak med 
barnevogner og bagasje-   Konduktøren gav signal ved avgang, 
og føraren ringde med klokka. Klokka vart og brukt for å 
varsle bilar, og i svingar.   
Seinare betalte du føraren ved påstiging

Prisen for ein tur var ikkje avskrekkande: 25 øre i 1949, 
og 50 øre i 1960. Skulle du ta fleire ruter, fekk du overgang,
som varde i ein time. 

Då eg var liten, var det mange trikkar i Bergen. I alle høve føltes 

det slik for eit barn. . Men det var berre 4 trikkelinjer, men dei 

dekka det meste av sentrum i byen:

  • Sandviken – Torget – Småstrandgaten – Minde
  • C. Sundts gate – Småstrandgaten – Fridalen
  • Tyskebryggen – Torget – Møhlenpris
  • Nordnes – Småstrandgaten
  • Linje 1 og 2 hadde dobbeltspor, linje 3 og 4 hadde strekninger med enkeltspor.

Skulle me til Møhlenpris eller Engen, tok me ofte 'trikken. Han gjekk på skinner, og vart driven av elektrisitet som 

han fekk gjennom kablar  som han var fest til.ledningsnettet over trikken.  

Trikkeskinner i Øvregaten: 



Skinnene gjekk som regel midt i gata, og trikken delte ho 

med bilar og bussar. Eg kan hugse at far ikkje alltid var blid på trikken,

 der han snegla seg fram føre bilen, og me 

hadde dårleg tid til ferja på Steinestø. 



Det kunne skumpa litt ettersom trikken slengde fram og 
tilbake, særleg i svingane, sjøl om toppfarten ikkje var 
større enn 50km i timen.
Oslo hadde trikk lenger enn Bergen. Då eg kom dit på 
70-talet,  hugsa eg vandrehistoria som vart fortalt meg om 
ein av professorane på Menighetsfakultetet som hadde vasa 
seg ombord på ein trikk. Det var fullt, og han stod bak i 
eine vogna og klumheldt seg i ei stang medan trikken 
slingra seg framover på skinnene. Konduktøren kom og 
ville ha betaling.- Det skal jeg gjerne 
gi Dem, min gode mann, svara professoren, 
- dersom De ville holde denne stangen for meg! 

Trikkeskinnene gjekk gjennom trange gater, og svinga brått
 inn i neste. Det galdt å vera aktsom, både for førar og 
fotgjengar : 
  

Trikkeskinnene kunne det vera i det meste av gata der det var knutepunkt. Ei av dei mange årsakene til mange sykkelulykker, då sykkelhjula hadde lett for å setje seg fast i trikkeskinnene, om du skulle vera så uheldig at hjulet fall nedi skinna.  Mange av oss hugsar nok Jan Erik Volds Trikkeskinnedikt, der han fortel om ublide møte med trikkeskinnene.: - Trikkeskinner og sykling! Engang gikk jeg på hueforan læreren, det var i svingen ved Sophies gate utenfor parfymeriet og lekebutikkender, bare med ballongdekk var man trygg( hadde bare halvballong.-



Her er ei spektakulær utsikt  i  Sandviken, men den einspora trikken kunne vera farleg, om det kom trikk imot. Dei skulle helst møtast i sløyfer og passere kvarandre der.  Derfor var nok ringesignalet mykje brukt for å varsle at trikken kom. 

Trangt om plassen ved Sukkerhusbryggen i Sandviken. Bilar og trikken kunne slåss om plassen. 
Trolleybussen køyrde til ytre bydelar, til Haukeland sykehus, Nattland og Møllenpris.  Han gjekk fortare, men vi bruka han ikkje så ofte, då vi sjeldan hadde ærend dit. 


"En
 trolleybuss (uttales trållibuss) er en elektrisk drevet buss som via en strømavtaker henter strøm fra kontaktledninger over veibanen. Trolleybusser kjører på likestrøm og kan holde en fart opp til 80 km/t. Kjøreledningen på fortausiden er negativ, og kjøreledningen på gatesiden er positiv. Lavere investeringskostnader enn for sporvogn , særlig på steder hvor trikk ikke finnes på forhånd. Kjøretøyene (pr. passasjerplass) er billigere, og en trenger jo ikke skinnegangen; gatevedlikeholdet forenkles." ( Wikipedia)

Slik er det i dag
No er trikken i Bergen historie. Det finns ein att på museet, museumstrikken, resten av materiellet vart senka i Puddefjorden. 
"Bergens tekniske museum  har ved hjelp av frivillig innsats og en del økonomisk støtte holdt vedlike de siste par hundre meterne av skinnegangen inn til Trikkestallen på Møhlenpris  – inklusive strømledningen. Mye av det rullende materiellet er hentet utenfra, sammen med skinner fra Trondheim. Trikkene går per 2010 som sommerattraksjon. Skinnegangen skal med tiden bli kontinuerlig fra Møhlenpris via Nygårdshøyden til Engen/Ole Bulls plass. ( Trikken i Bergen). Trikkeskinnene er tatt opp eller asfaltert over. 
Bybanen har tatt over trikkens si oppgave.

Trolleybussen  har i dag totalt 7,5 km linje, der linje 2 (eneste operative linje) går som følger:

  • Strandkaien–Fridalen: 4,5 km
  • Fridalen–Nattlandsveien: 2,0 km
  • Nattlandsveien–Birkelundstoppen: 1,0 km. Bergen var lenge den einaste byen som hadde trolleybuss, men no har Landskrona same type buss.
Er vilkåra for å tenke i Bergen vorte dårlegare?

Museumstrikken 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar