Kunnskap er næring for sjelen.



Eg tok artium i 1964 ved Hordaland fylkeskommunale gymnas, ein toårig studentfabrikk  i Bergen  for dei som ville opp og fram i verda. Han var organisert som ettermiddagskule på Pihls gymnas, og me kjende ofte eimen av deira elevar når me inntok klasseromma klokka  14.15.

Det var ikkje mange frå Leiknes som tok artium. 2 frå mitt årskull, seinare vart det fleire.  Me var i ferd med å gjere klassereisa, frå bondelandet til utdanning. 

Etter artium kunne du ta ymse lærarskular og sykepleieutdanning, eller du kunne bli akademikar og begynne å studere ved universitetet.  Men for å kome dit, måtte du immatrikulerast,  og då fekk du akademisk borgarbrev som bevis på at du var ein akademisk borgar.  Tradisjonelt var immatrikuleringa ein høgtideleg sermoni, der studentane fekk sine akademiske borgarbrev og avla akademiske lovnader ved å ta rektor i handa. Lovnadene innebar at universitetet og studenten gjensidig skulle ivareta plikter og rettar, og at studenten skulle leve opp til den standard for livsførsel som var forventa. Borgarbrevet vart overlevert med helsinga " quod bonum felix faustumque est", som betydde: Må det vere til gagn. lykke og framgang!"  Til den høgtidelege seremonien hadde alle  kjøpt seg studenterlue som ein brukte for første gong, og ein var kledd i sin finaste stas, penkjole, bunad eller dress og slips.    

Mor hadde aldri fått utdanninga ho ynskte seg, for i følge bestefar skulle jo jenter gifta seg likevel. Ho fekk nokre månader i sylære før ho reiste heim og hjelpte bestemor som venta yngste onkelen min. Så traff ho far min og fekk etterkvart hendene fulle med omsorg for heim og born. det vart aldri tid til skulegong. Hennar 5 døtre fekk derimot den utdanninga dei ville ha. 

Når så den eldste dotter hennar skulle få akademisk borgarbrev, var det ei storhending også for mor. Ho tok båten til byen for å vera med på tildelinga .  Me møtte opp i aulaen i Bergen universitet, eg i nystroken  hardangerbunad  og mor i bestekåpa.  Det var sang av eit akademisk kor,  rektor held tale, og ein etter ein vart me ropt opp, fekk spørsmålet om rettar og plikter, tok rektor i handa og neia og bukka, og tok imot eit akademisk borgarbrev.  Nå var klassereisa begynt!

Eg kan ikkje hugsa at me feira noko særleg, mor og eg. Om  det var noko, var det vel kaffi og kake på Kaffistova.  Men mor var stolt over at eldste jenta hadde oppnådd meir  ho sjølv hadde drøymt om.



Studenterlua vart bruka 17.mai.  Ho var stas, og prestisje. Så vidt eg hugsar var det ein i bygda som hadde ho, nemleg skulelæraren, og to utflytte sambygdingar.  Eg kjende meg stolt når eg på nasjonaldagen feste dusken med sikkerheitsnål på skuldra på  høgresida  av bunaden, og eg brukte ho denne grunnlovsdagen medan eg studerte og arbeidde på lærarskulen på Nesna.

Så vart det mange som tok artium, og mange studerte. Studenterlua gjekk av moten. Dei siste 40 år har ho fylgt meg under diverse flyttingar, og ligg no  i ei skuff saman med den raude og grøne russeluva, som minne om ei forgangen tid.   Men studerte gjorde eg, og brukte etterkvart eit tosifra antall år  på å kvalifisere meg i ulike fag. Kunnskap er lett å bera, så det har vore "quod bonum felix faustumque est"

 Og det akademiske borgarbrevet, kvar vart det av det?  Det har blitt borte under ei flytting, tur eg. 


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar