Hyblar og skuleveg


Skulle du opp og fram i livet, måtte du gå skule.  Så etter opptaksprøve på 2 og ein halv dag til Lindås interkommunale realskule, avdeling Alversund, der eg hadde skrive norsk, rekna og svara på spørsmål frå allmennkunnskap, og eg svara så godt at eg kom inn , 14 år gamal, så var det tid for å starte på skulen i Alversund. 

Mor hadde lest og høyrt mykje om korleis unge som flytta på hybel hadde vanskar med å stelle seg maten sjølv. Spesielt var det fleire frå bygda som hadde byrja på tricotasjefabrikken i Salhus, og som hadde forsøkt å overleve på kaffi og wienerbrød.  Det gjekk ikkje så bra, og dei kom heimatt utsvelte og sjukemelde. 

Alversundbrua og skulen nokre tiår seinare

Så mor bestilte opphald på  Rognaldsens (?) pensjonat i Alverstraumen, der eg skulle bu i vekene.  Der hadde nettopp vorte bru over Straumen, og det var ein halv times gange til skulen. Buss tok ein berre i spesielle tilfelle, dersom det var uvær eller ein hadde mykje å bera på. 

 Eg hadde full pensjon, med frukost, middag og kvelds.  Det var fin oppdekking i spisesalen, og du forsynte deg sjølv frå ein liten buffet. Me fekk servert middag halv fire, og kveldsmat klokka 7.  I den tid var elles klientellet omreisande agentar , litt arbeidsfolk, og ein elev til frå Lygra som og gjekk på realskulen. 

Rommet var greit, med seng, skap og ein liten leksepult og ein ekstra stol for besøkande. Utsikta var mot vegen, og ikkje særleg mykje å sjå, men litt bråk utanfor på kveldane. 



Me gjekk på skule til kl.14 på laurdagar,  og tok så BNR buss til  Knarvik, og bytte til  Seim og Kleivdal.  Det var framleis ei mil att, og BNR  korresponderte ikkje med INDL.  Ein sjeldan gong tok eg beina fatt, og håpa på haik, men elles hadde mor bestillt drosje, eller Alf Fyllingen  eller mor henta meg med lastebilen.  Sundag  kveld eller grytidleg måndag morgon var det vendereis. 


Folkevognsdrosje


Når sant skal seiast  var eg nok meir moden  kunnskapsmessig enn  i kjenslene, så eg fellte ein del tårer over å vera heimanfrå  det året.  Så mor og fru Hermansen, som hadde ein gut på  realskulen på Lindås, arbeidde for å få skuleskyss til Lindås andre året. Det lukkast.  Einar Børtveit kom vel inn på første året, og Bente Hagesæter, så me var tilsaman 7 stykke.   Me gjekk til Blindtarmen , der Reidar drosje henta oss,  tok opp fleire på vegen gjennom Hjelmås  og ved Hagesæter, og så sette han oss av ved Vaet, der ein BNRbuss tok over , og køyrde elevane over Høyland, gjennom Myking og til Lindås. Då var hybelen rommet mitt heime, maten var mor sine kjøttkaker  og  næraste omgangskrets var søsken og naboar, som før.  Det var mykje betre!



Men året etter var det å prøva vengene på nytt. Realskulen var ferdig, og det neste steget var gymnas.  I den tida var dei fleste gymnasa 3 årige, men i Bergen var det ein studentfabrikk som heitte Hordaland fylkeskommunale gymnas. Han var toårig, og leigde lokale i Phil skule i Fosswinckels gate 5. på ettermiddag.  Elevane frå Phil gjekk ut, og eit kvarter seinare var "bondestudentane" på plass i lokala, der det trass i utlufting hang ein eim etter byfolket i romma. 


Her var det  slett ikkje snakk om å reise heim når skulen var slutt. Mor skaffa hybel hjå nokre byfolk frå  Leiknes,  Madsen  i  Steinkjellergaten, og eg fekk ein skråtak hybel  i 3.dje etasje. Det var to rette vegger, og to skråtak. Plass til divan, vask og eit spisebord som fungerte som leksepult og spisebord.  Vindauga var på skråtaket, og under det stod kokeplata. med ein liten reol med gardiner foran til å ha panner, dekketøy, koppar og tallerkenar.  Eg trur det var plass til ein kommode ved sida av vasken, bakom bordet. Bordet var skuva bort til skråtaket, og hadde to stolar, der den eine var under det skrå taket.  Toalettet var i kjellaren, tre trapper ned. Dusj hadde me heime. 

Eg kunne regulere opninga på vindauget med ei jernstong, og utsikta  var hustak , og eit glimt av eit av Bergens sine sju fjell i det fjerne. 

Steinkjellergaten i Bergen 

Her levde eg så, sov, åt og gjorde lekser. Ei litt eldre jente frå  bygda, Wenche Sjursæter, budde tvers over gangen , og ho hadde både stue med skråtak og utsikt over Bergen by, eit lite kjøkken og sovealkove.  Ho hadde jo reine luksusen. Eg var på besøk hjå henne. 




Ei skuleveninne,  Kjellaug Hodnekvam budde i Øvregata, og me tok ofte følgje på til og frå skulen. Ho arbeidde godt under press,  var ofte i seinaste laget, så me sprang av og til  for å kome tidsnok. Det var bilar og trikkar som hadde forkjørsrett, og ingen overgangar, men eit og anna trafikklyset som regulerte trafikken. men me nådde fram. Skuleplassen var liten, og me hadde ikkje lov å gå ut på gata i skuletida. I friminuttane gjekk me rundt og rundt, som ein sildestim i nota. 

Det var skule laurdag, og siste bussen gjekk før skulen var slutt. Eg måtte derfor be meg fri, og i siste timen sat eg i stadig angst forat bussen skulle gå frå meg. Men vi visste at vi kunne stoppe han på veg ut frå Busstasjonen. Reisa var lang, gjennom Åsane, ferje og buss til Kleivdal. Men no hadde mor gifta seg på nytt, så Sigmund henta meg der, om han var heime. Det var dessutan fleire frå bygda som hadde fått bil, og lettare å haike. 




Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar