Akvariet i Bergen. 61 år i år.



 I 1960 vart Akvariet på Nordnes i Bergen opna.  Der skulle ein vise fram.fisk, vannlevande dyr og pingvinar. Akvariet vart  finansiert ved ein innsamlingsaksjon i Bergen, og det blei bygd samtidig og var nabo med Havforskningsinstituttet. 

Du kom først inn til to utvendige innstallasjonar, eit basseng med sjøløver og fuglar, der dei symde, hoppa og såg nyfykne på dei som kom. På andre sida var det eit berg der pingvinane budde, og dei hadde og ein symjedam. Du kunne gå omkring på området, eller sitja på ein benk og nyte finværet og synet av dyra, gjerne mens du slikka på ein is.

Inne kom du først inn i kiosken, og måtte løyse billett. Så gjekk vi frå basseng til basseng, og såg på symjande fiskar, store og små. Nokre  bevega seg raskt gjennom vatnet, andre symde bedageleg.. Nokre såg nysgjerrig på folket utanfor, andre gøymde seg blant tang og tare. Du kunne lesa om fisken på plakatar på veggen, og i broskyrer du hadde kjøpt i kiosken.  Vi gjekk ned i underetasjen, og såg på enkeltfisk i dei små bassenga. . 

Det var skræmande å sjå u-fisk, som steinbit, morosamt å sjå laks, sei og torsk. Torsken kjende vi, med skjegg under haka, og sildestimar sumde forbi, små brisling og storsilda. Det var makrell og lyr, krill og knarr og mange fiskar vi ikkje hadde høyrt om. Lite visste me at steinbit etterkvart skulle bli sett på som delikatessemat på fine restaurantar.  Det var krabbar, reker og kreps, og flyndre og storkveite  som levde på  dei store djup.


 Sjøstjerna kraup framover, og pirajaen sumde omkring, og me visste med eit lite gys at eit lite bit kunne vera dødeleg.



Du gjekk turen, snudde og såg på nytt. Det var så mykje å leggja merke til.! 



Du kunne setje deg ned på benkar og betrakte den symjande fisken, og du kunne sitje og betrakte symjande sjøløver  som nysjerring sette snuten mot ruta og såg på folket innanfor.  Sjøløvene hadde faste matetider, og vart mata med sild av personalet. Nokre av løvene hoppa opp for å få mat, og det var alltid morosamt å sjå på. I bassenget var det også ender og
andre sjøfuglar, men dei såg du best når du var utanfor bygget.  



Akvariet   var det største og finaste av sitt slag i Nord- Europa. Det var tilknytt Havforskningsinstituttet  og skulle visa fram  ein del av faunaen ein fann i havet rundt oss.  Det hadde  9 store og 42 mindre tankar med fisk, og dei som vitja det starta i det store rommet oppe, med dei store bassenga, og gjekk så ned i underetasjen for å sjå på  på enkeltfisk.  Ved inngangen var det fuglar, og dei mest interessante var pingvinane, som kom vaggande og ville helse på. Dei vart og mata av dyrevaktarane. 

I kiosken kunne du kjøpa bøker om fisk og fugl, gotteri og is, og suvenirar frå dyre- og fiskeverda, og frå Bergen, sidan Akvariet snart vart ein turistattraksjon som dei fleste turistar besøkte. 

Var du på skuletur, var eit besøk på Akvariet like viktig som eit besøk på Naturhistorisk museum og Fløyen. 


  (frå BAs arkiv)

I dag  har Akvariet har mer enn 300 arter og over 60 store akvarium. .Anlegget omfatter i dag mer enn 60 akvariekummer og tre utendørsdammer med seler, pingvinar og karpefisk. I de senere år er det blitt utbygd med ein tropisk avdeling med terrarier, hvor ein finn kubanske krokodiller, slangar, skilpadder, silkeapar og andre eksotiske dyr. Storparten av desse dyra er beslaglagt hos privatpersoner som har importert dei ulovleg. Den såkalla «Dodraugen», ei øgle som ein fann i eit toalett i Bergen i 2005, høyrer også til .


Frå opninga

Til saltvannskummane sirkulerer meir enn 3 millioner liter vann per døgn, pumpa opp fra 130 meters djup i Byfjorden. Temperaturen er konstant 6–9 grader C..

Litt reklame til slutt: 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar