skulegang på 50- og 60-talet.


Det slår meg at det har vore litt av ein revolusjon innan skuleverket sidan eg gjekk på skulen på 50- og 60-talet.  Godt er det, for inkje er verre enn at me sver til at alt som var i går  er betre enn det i dag.  Kven ville heller bu i eit urestaurert hus frå 50-talet, eller bruke strikka strømper av ull ? 

Men la oss sjå litt på kva som har hendt: 

Vi pugga og lærde kunnskapen utanatt.  Kunne du leksa di, var du flink. Eg forstod ikkje fysikk på realskulen, men eg pugga, og fekk Meget. Læring var utanattlæring, og reproduksjon av kunnskap. Kunne du det som stod i boka, var du flink .Læraren formidla kunnskapen, gjennomgjekk stoffet, vi lærde det og las i boka, og attfortalde det.  Den individuelle prestasjonen stod i høgsetet. 

hadde du spesielle behov, som lese- og skrivevanskar  måtte du følgje med så godt du kunne, prøve å få hjelp heime, men rekne med at du kom til kort i det teoretiske. 

Vi hadde ikke gruppearbeid. Det høyrde til reformpedagogikken, som kom på 70-talet  I mitt første år som lektor i kristendomskunnskap på Nesna lærarskule var eg introduset for det.  At eg sette 120 elevar til å lage pedagogiske malar for ulike klassetrinn utan at biblioteket hadde lærebøker for grunnskulen  er ei anna sak.  Ein var ikkje heilt van med at lærdommen skulle brukast i praksis på 70-talet.  mange var imot gruppearbeid, fordi gav du elevane ansvaret for ein liten del av temaet,   lærde du ikkje heilskapen i det du arbeidde med, vart det sagt. 

  Innhaldet  i faga var konsentrert om Noreg.  Det var Noregs historie,  Mest norsk landkunne  og norsk fauna. Me song stort sett  norske songar lærde om   norske dyr og fuglar.  Det var 50-60 år sidan Noreg vart eigen stat, og det galt å byggja opp ein nordmanns identitet. 

Vi hadde håndarbeid og sløyd, og lærde ferdigheiter innan desse faga. Vi kunne brodere og strikke og bruke symaskin, og gutane kunne bruke hamar, sag og høvel.  Vi laga nyttige ting til oss sjølv og til heimen. Praktiske fag stod sterkt, og både på folkeskule, i framhaldsskule, realskule og yrkesfagskulane  var det opplæring i  handverk.  Vi lærde å lage mat, ikkje berre å teikne pannekaker. 

Respekt for læreren var sjølvsagt. Han hadde kunnskap og utdanning, og lærde oss om livet. Vi reiste oss når han kom inn i rommet, og helste. 

Lurte vi på ein karakter, kunne vi spørre om grunnen til karakteren, men helst godtok vi det vi fekk. Læraren var autoritet, og hadde siste ordet. 

I dag gjeld det å lære  solidaritet og ansvar over landegrensene. Elevane arbeider i grupper, og stiller spørsmål  med det meste som foregår i skulen.  Pendelen svingar.



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar