Ferievikar hjå onkel



 Første feriejobben eg hadde, var hjå onkel Ingebjørn. Han bdde på Eikanfervåg , der han hadde fiskemathandel, men starta etterkvart opp med butikk og fryselager, der folk kunne levere inn frysevarer, og hente dei ut att når dei hadde behov for det. 

Det var ein travel heim, og nå skulle eg bu der nokre dagar, og hjelpe til saman med Berit, dattera i huset. Ho var to år eldre enn eg. 

Onkel Ingebjørn var oppe tidleg, henta fisk frå brønnbåt til fiskebilane, og tok så til med sløying, salting og røyking åv  fisken.  Tante Magda gjekk i gang med å lage fiskemat, og steikte fiskekaker og fiskepudding til fiskebilen neste dag. Kjempegod fiskemat, utan mykje tilsetningar. Me ungane stod opp, fann oss frukost og  tok oppvasken. Me vatna blomar og vaska golv, og reidde opp senger. 

Litt leik vart det tid til, og så hjelpte me til i butikken, og ekspederte, vog og brukte kasseapparat til å ta imot pengar. Me flaug på fryseriet om det var behov, men det ville helst ein av dei vaksne gjere. Samma det, det var kaldt og ufyseleg der inne. 

Folk kom innom, eller dei stoppa og prata. Slik var livet den gongen, at du tok deg tid til ein prat i arbeidstida, og forlenga dagen til arbeidet var ferdig.

Fredag køyrde onkel ut varer.  Han hadde ei lang rute, om Høyland og Vaet, til Hjelmås, Hillesvåg  og Leiknes. 

Folk ringde inn bestillinga si, og kom dei på noko ut på ettermiddagen, ringde dei på nytt og  fekk dei siste varene med i kassa si. 

Onkel og tante hadde samla høvelege kassar heile veka, og vi hjelpte til å finna fram varene, la dei kassane og skreiv rekning. men tante Magda ville alltid ha overoppsynet, både med kva som kom i  kassane, og korleis rekninga såg ut.  Men kaffi og sukker og kveitemjøl, hermetikkboksar, frukt og gulerøter vart fordelt, og dei som skulle ha frosne kotelettar eller steik til sundagsmiddagen, fekk det. Dei tok me ut med same me skulle køyra. Til sist  skreiv  me på kassane  kven som skulle ha dei, og plasserte dei  slik at dei folka vi kom til først, der stod kassane bakerst, .slik at dei skulle vera lett å finna at når vi kom fram. 





Den eine fiskebilen var spylt og reingjort, og fungerte no som varebil. 

. Så var vi med på turen. Onkel var, som alle brørne sine, glade i å ha med ungar, så vi stua oss saman i styrehuset og var med på utleveringa. Det var alltid tid til ein prat med mottakar, og ofte vart det ein kopp kaffi ved kjøkkenbordet. Mange var slekt, og det var ekstra greit med å frette nytt om kva som hadde skjedd sidan sist. 

Dei hadde god tid. Praten var ein del av livet, den gongen. 

Eg gjekk av heime. Ingebjørn skrytte av ferievikaren sin,  og eg fekk nokre kroner for jobben. Ei kry jente sovna den kvelden!



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar