Feriearbeid på Seim.

 



Margit Strandabø var lærar i småskulen på Leiknes. Ho budde på Hopland på  Seim, var gardjente og hadde gifta seg med ein sunnmøring, Karl Strandabø, fra Ulsteinvik, på sine eldre dagar.  Dei yngste søskena mine hadde henne som lærarinne, og det hende ho stoppa bilen utanfor huset på veg heim og tok ein prat. 

Alle syntes det var leitt då mor vart enkje, og prøvde å hjelpa på ymist vis. Margit spurde om eg kunne vera der ei veke om sumaren, og hjelpa til i slåtten. Eg hadde ikkje noko særleg greie på gardsarbeid, så eg trur ho gjorde det mest for å vera snill. Eg har gløymt kor gamal eg var, men tenkjer at eg var 13-14 år . 

Ho henta meg med bil, og me køyrde inn til ein liten gard på Seimsneset, i nærleiken av kyrkja.   Ein liten gardsveg førde opp til huset, med ein vakker hage rundt, slik eg hugsar det. Det var fjøs og låve, og ein del jord rundt. 

 Det var eit koseleg kjøkken, der me åt under måltida, og elles var det eit lite bad, og nokre soverom oppe. Far til Margit, Johannes Revheim,  levde enno, og eg trur han hadde den eine stova. 

Karl slo graset om morgonen, og eg var med på å hjelpte til å setja opp hes. Han sette staur opp,  og eg hjelpte til . stort sett såg eg på, men sørgja for at hesjestrengen rulla seg av rullen. 



"Hesja har loddrette hesjestaurer med hesjestreng (ståltråd) eller vannrette stenger imellom. «Å hesje» betyr å legge gras på hesja. Etter at graset er tørt kalles det høy.Hesje med streng settes opp ved at en lager en rett linje med hull i bakken ved hjelp av spett, og så setter staur i hullene. For å få en rett linje kan en enten følge streng langs bakken, eller sikte slik at staur som er satt opp står overrett. Avstanden mellom hullene bør være rundt 1,8 meter, avstanden mellom staurene kalles et "golv", hæsgolv. En legger så første tråd på hesja og fyller den før en legger på neste tråd, alternativt settes hele hæsen opp med alle strengene før en starter å hesje.Ifølge en lærebok om bondeyrket fra 1943 bruker en 4 eller 5 slike tråder, 6 og av og til 7 tråder er imidlertid også vanlig mange steder. Tråden festes til stauren enten ved omkast eller surres fast med snører, hæsband, og egen knyteteknikk, for permanente hæser kan det benyttes spiker/kramport " (Wikipedia.)

Karl hesja med høygaffel, men me andre riste høyet i  høvelege bundlar og hengde det over strengen. Det regna, og arbeidet var ikkje så hyggeleg, sjøl om vi hadde regnklede. Vatnet rann nedover halsen og innover verd armane.   Eg trur nok dei skjøna at eg ikkje lika oppgava, så eg vart sendt inn for å laga mat, og ta oppvasken, noko som absolutt var betre. Etter middagen laga Margit røre til ausekaker, og eg steikte dei opp til nonsmaten. 



Ein dag skulle dei få kuene flyttast.  Eg fekk ei, den snillaste av dei alle. Eg heldt ytterst i tauet, og me skulte på kvarandre i gjensidig mistillit, kua og eg. Lettelsen var stor då me kom fram til det nye beitet, og eg kunne løysa . kua frå bandet. Ho takka ikkje akkurat for laget ho heller.  

Me plukka bær, og Margit koka sylte og safta.. Dei første potene var ferdige, og me spadde opp nok til kvar middag. Velsmakande og gode! 

Veka tok sin ende, og eg reiste heimatt. Ei erfaring rikare, og ikkje innstilt på å bli gardbrukar. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar