Matstell og kafebesøk

 Når ein budde på hybel, måtte ein ha mat.  Det var greit med brødmat, for den ordna ein sjølv. Brødet skar ein med brødkniv, for oppskjersmaskin var ikkje kome.  Margarinen var hard eller blaut, alt etter årstida, og var oppbevart i skapet under kokeplata.  Syltetøy, kaviar og meir eller mindre sveitt fårepølse låg i og  skapet, for kjøleskap var ikkje vanleg på hyblar i den tida.  Middagsmat hadde ein med heimanfrå  sundagskvelden, og han rakk oftast til tysdag, om ikkje veret var for varmt. 


Middagspølse var greit å steike på panna, og ein kunne kjøpe ferdigrettar av fisk, lapskaus  og kjøt med poteter, hjå slaktaren,  og varme på kokeplata på hybelen. 


Men når økonomien  ein hende gong var god, så var det mange kafear og kaffistover som selde middag, og  ein kunne unne seg eit herremåltid på kafe. Ofte låg kafeane  i 2. etasje, og matlukta nådde deg allereie i trappa på veg opp.  Du bestillte  ved disken, og fekk maten lagt på tallerken av ho som ekspederte. Unntaket var fisk. Han kunne koma nykokt frå kjøkkenet, og du fekk tallerkenen ved bordet. Torsken hadde lever og av og til rogn som tilbehør i sesongen. Torskerogn var og ein god rett å kjøpe når du var på kafe. Raspekaker hadde dei fleste ein gong i veka, med heimelaga  raspeballar, salta fårekjøt, gulrot, kålrot og bacon.Det var ein innertiar.  Ein kunne kjøpe eit glas brus til om  økonomien var skikkeleg god. Rømmegraut med spekemat og raud saft var ein annan innertiar. Nokre gonger var det gratis dessert, og sjokoladepudding med vaniljesaus var best!

  Det var fleire kafear og kaffistover i nærleiken av Torget, der du kunne få plass ved vindauga, og nyte utsynet over Bryggen eller Fisketorget medan du åt. Indremisjonskafen  i  G Sundts gate låg litt utanom allfarveg når ein skulle på skulen, så han åt me ikkje på.

Eit karbonadesmørbrød eller helst eit dobbelt sådant på eit av konditoria var og ein god og velsmakande middag, som ein levde lenge på. 

 Sidan eg gjekk på ettermidddagsskule, høvde det å ete på veg til skulen, men ein vart i overkant mett og god etter eit slikt måltid. Nokre klassekameratar gjekk på Ugla, der dei kunne få øl til maten, også litt før alderen var inne, men vi heime hadde  avhaldsrørsla som mal etter Sigmund kom inn i familien, så det var utenkjeleg for oss å nyte alkohol til maten, så der var eg aldri. 



På Bellevue, den vakre restauranten i Kalfaret,  kunne du få kjøpt deg trerettars middag for ein billeg penge. Trur det hadde noko med at dei hadde opplæring i kokk og servitør der.  Det var suppe til forrett, hovedrett og dessert. Vakkert i spisesalen, men det tok lang tid, for du måtte ta buss dit. Trur eg var der ein gong.  Det var ei oppleving, og ein smak på eit anna liv og veldig god mat. 

Livet var mest kvardagar, med langebrød, margarin  og fårepølse, poteter og steikt middagspølse på kokeplata. Men kafebesøka var viktige.  Hårek får siste ordet: 



 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar