Vegar og vedlikehald på 50-talet

I min barndom var gata i Bergen belagt med brustein, og når noko var gale, og dei vart veldig skeive og ujevne, så var dei teke opp og erstatta med nye. Det vert fortalt at det var Kristan 2 som hadde ein kjæreste som heitte Dyveke: Mor hennar var lei av at dottera vassa i søle i Bergen, og krevde at kongen måtte lage vegar som i Holland, der ho var ifrå. Ho budde i Hollendergata, og derfor trur historikarane at den første brulagte gata i Bergen var Hollendergata, for ca. 500 år sidan. Alt for kjærleiken! Ein broleggjar fortel at steinae var lagt slik at vatnet skulle renna ut til sidene av gata, og at det var forskjell på stein , både han som kom frå ulike stader i Noreg, og frå utlandet. Å leggje stein var både handtverk og kunst. Asfalt, slik eg hugsar det, vart først lagt på eit stykke i nærleiken av tunellen gjennom Eidsvågfjellet og Ytre Sandviken . Den tunnellen kom i 1956, for før det køyrde rundt Hellesneset det for å koma til Bergen. D...