Toget til bestemor og bestefar (frå Bergen til Seimsmark.)


                                                    Gamle Arna stasjon


Å reise til Seimsmark og besøke bestemor og bestefar, var litt av ei reise. Du kunne leige motorbåt frå Leiknes og til Indre Arna, eller du kunne reise med bil, ferje og vidare tilVågsbotn og innover forbi Ytre og Indre Arna. 

Men det fanns ein tredje veg. Det var å ta båten til byen, gå til jarnbanestasjonen  og ta toget. Fram til 1964 var det ikkje noko hol gjennom Ulrikken, så toget måtte gå den lange og tunge vegen  om Fana og  via Haukeland , Indre Arna og til Seimsmark. Ein lang tur på ein time og eit kvarter, men i dei dagar visste me ikkje betre, og syntes det var ei grei reis.  Det vart nesten ikkje noko att av reisa då tunellen kom, ein reiste gjennom den underjordiske gangen i nesten 10 minuttar, og vips så var me i Indre Arna!

Du kjøpte billett i luka på billettkontoret, og venta på ein benk til Oslotoget hadde gått. Då var det tid for lokaltoget. Konduktøren i uniform  med fleirfarga striper på  luva,  flagg og fløyte  svinga flagget  og brukte fløyta, og du hadde funne deg plass, medan beskjeden :Dørene lukkes lydde. 

Første delen av turen hadde også her mange små tnnellar, særleg på strekkja Helldal-  Midttun. Men det var små mørke hol, der du snart såg lyset på nytt.

Vognsetta kunne vere ulike. Det var små kupear med plass til 8, i utrangerte vogner. frå før krigen.  Toalettet var i  gangen på sume av vognene, og du rista deg frå vogn til vogn  med opne passasjar der du såg ned på skinnene.  Vognene kunne og  ha berre ein kupe, men sjølvsagt ikke så mange finessar på setebruk, bord og vindauga.  Du måtte som regel sitte rett i ryggen. Konduktøren kom for å kontrollere billettane, og han klipte med tong i dei, så du ikkje kunne bruka dei fleire gonger. 


Interiør frå kupeen

Toget stoppa på kvart eit stopp, og fleire som ikkje var sett opp i  den offisielle ruteplanen. Folket som budde etter ruta, rekna seg ut kor tid toget stoppa. Seimsmark, ein stoppestad mellom Indre Arna og Garnes var ein slik plass. Der budde bestemor og bestefar. Var toget langt, og du sat på feil plass måtte du gå av utanfor den vesle perrongen. Me venta til toget hadde køyrt, såg til høgre og venstre og sprang over jernbanelinja  og opna grinda på andre sida. For me måtte opp på Hardangervegen eit lite stykke før me kom til huset der besteforeldra våre budde. Det var mykje trafikk, så me var nøye på å halda oss på venstre sida av vegen. 

 Opphaldet på stoppestaden var som regel kort, og bestemor og bestefar var oppteken av det å nå toget, for det var ofte både ein time og to til neste. Det var ikkje snakk om å kome i siste liten til toget. Bestefar arbeidde i Bergen, og starta arbeidet klokka sju. Han tok toget i 5- 5.30 tida kvar morgon.  For oss frå grisgrendte strok var det jo storveges at det gjekk fleire tog om dagen. Hjå oss var det slik at miste du båten om morgonen, måtte du venta med byturen til neste dag.  

Toget hadde med gods, og frå gamalt av var Haukeland stasjon  ein av dei store stasjonar  for gods av - og pålevering. Frakt av varer gjekk etter kvart over til varebilar, men enno gjekk ein del av godstrafikken med jernbanen, så ei eller fleire godsvoger i slutten av toget var vanleg.  Ved Espeland låg Janus trikotasjefabrikkar, som var ei hjørnesteinsbedrift i den tida. Mange var på fabrikkutsalget der og kjøpte undertøy, sokkar, labbar og strømpebukser. 

Eg kan ikkje hugse om det var matvogn med toget, men me hadde oftast litt niste og kjøpte ei flaske brus i kiosken til desse turane. 

Garnes stasjon den gong 

Folk steig av og på, men etter Haukeland var der mindre folk. Bagasjen var plassert på hattehylla, og ofte var konduktøren behjelpeleg når du skulle av og på, då som no. Mange hadde mykje bagasje, for dette var einaste måten å reise på. Svært mange hadde ikkje eigen bil. 

Då eg jobba med denne bloggen, fann eg at bana vert halde i hevd, og køyrer  Garnes - Midtun  søndagar i sommarmånadene.  Ser ut til å vere ein flott søndagstur for heile familien  der ein kan mimre om gamle reisemåtar og nyte vakker Vestlandsnatur.  

Gamle Vossebanen hjem (njk.no)

Her er video frå turen:

Ein tur med Gamle Vossebanen- GARNES - MIDTUN. 


 

Utgangspunkt  for dagens togreise

Bileta er lånt frå Gamle Vossebanen  si heimeside. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar