Vegar og vedlikehald på 50-talet



 I min barndom var gata i Bergen belagt med brustein, og når noko var gale, og dei vart veldig skeive og ujevne, så var dei teke opp og erstatta med nye. 

Det vert fortalt at det var  Kristan 2 som hadde ein kjæreste som heitte Dyveke: Mor hennar var lei av at dottera vassa i søle i Bergen, og krevde at kongen måtte lage vegar som i Holland, der ho var ifrå. Ho budde i Hollendergata, og derfor trur historikarane at den første brulagte gata i Bergen var Hollendergata, for ca. 500 år sidan.  Alt for kjærleiken! 


Ein broleggjar fortel at steinae var lagt slik at vatnet skulle renna ut til sidene av gata, og at det var forskjell på stein , både han som kom frå ulike stader i Noreg, og frå utlandet. Å leggje stein var både handtverk og kunst. 

Asfalt, slik eg hugsar det, vart først lagt på eit stykke i nærleiken av tunellen gjennom Eidsvågfjellet og Ytre Sandviken . Den tunnellen kom i 1956, for før det  køyrde rundt Hellesneset det for å koma til Bergen. Det vat såleis ingen shortcuts gjennom fjellet i min tidlege barndom. Køyr rundt!  

Elles var det grusvegar og atter grusvegar over heile landet. Men utover 50-talet vart  asfalt meir vanleg. Mellom anna vart brustein erstatta med asfalt mange stader i Bergen. Ofte vart asfalten lagt oppå brusteinen. Men asfalt held seg ikkje så godt som brustein, og måtte ofte fornyast. Frå 1980 talet fann ein ut at  at brustein er meir miljøvenneleg og varig, og derfor vert det lagt brustein på nytt fleire stader i Bergen. Rullestolbrukarar likar det ikkje, for det vert tungt, og folk med stiletthelar set seg fast og snublar no som då.  Men folk flest synest det er vakkert. 



På Leiknes hadde dei ein som var tilsett for å ta vare på vegen. Han budde på Hopsdal, og kom  på sykkel, hadde med spade, jarnrive eller grev, og grov innatt på vegen den grusen som hadde lagt seg på kanten av vegen. Regnskyll laga ofte holer i vegen, og du kunne ha strekkjer med hol på hol, såkalla vaskebrett, som gjorde at bilen og sykkelen huska godt, og du kjende det når du køyrde over. 

Hopsdalen kom då med sykkelen sin, og grov innatt grus slik at vegen vart køyrbar att. Folk verdsette ikkje slikt arbeid, og det gjekk ein del vitsar om at vegvaktarane sleit ut skaftet før spaden, fordi dei stødde seg så mykje på det. Men det må jo vore eit slitsamt arbeid. Dei tok ut i allslags ver, og ikkje alltid hadde dei regntøy. 



Ein hende gong var vegen grusa. Det var storhende. Det kom lastebåt med grus på kaien, og mellom anna far min var engasjert for å køyre grus. Dei køyrde bilen nær skøyta, og sanden vart lest på, og dei køyrde ut, lyfte opp lasteplanet, og slepte av sanden medan dei køyrde sakte framover. Hopsdalen var på plass med jernrive, grev og spade, og jamna grusen utover.  Det vart fint, men ubrukeleg å sykle i før bilane hadde pressa grusen på plass. 



Vi fekk ikkje skli ned lasset når han køyrde på vegen, men når han lagra grus heime på tomta, fekk me sitja på lasteplanet, halda oss fast, og sleppa slik at vi skleid ned med resten av lasset. Det var moro, og du fekk ein kitlande kjensle i magen!

Det vart etterkvart strøing om vinteren. Det kom bil med grus, og vegvaktaren strødde det utover, til glede for bilar og gåande, men til ugagn for den som likte å aka. Av og til strøydde han berre på eine sida av vegen, og då gjekk kjelken  bra. Vi kunne også nyte godt av den strødde sida oppover bakken, og den glatte nedover.

Bilen tok over. Ansvaret for vegen vart lagt over på ein som hadde lastebil, og han pløygde snø, grusa vegen og hadde folk på lasteplanet som fylte i vaskebretta. Området han nådde over vart mykje større. Vegvaktaren la vekk sykkelen, og sat på lasteplanet til arbeidsoppgåvene sine. Snart gjekk han av med pensjon.

Meir om brustein. Ein klasse har laga nysgjerrigperoppgåve om brustein i Bergen: 

Brostein i Bergen

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar