Bading- ein del av sommarkvardagen.




 Dei sommarlege  dagane, der bading var  viktig, og   gav også mykje læring. Flod og fjøre stod i Bergens Tidende, og eg var ikkje gamal før eg lærde å finne det. Det stod på siste sida, og hadde opplysningar om vannstanden dagen etter. Vi hadde to badeviker å velje mellom, og valde dei etter flod og fjøre. 

Var det fjøre, var det finast i Vågen, for der var det langgunt med sandgrunn, og var det flod, var det best på Flossvika. Der var det forresten to viker, ei mellom nausta, og ei attmed ei hytta. Den første var den finaste, for når floda trekkte seg tilbake var det her og ei lita sandstrand heilt til marebakken, og du kunne hoppe og småstupe frå robåtane som låg fortøydd der. 



Eg kjenner enno den kildrande følelsen i kroppen når du vassa utover, og kjende dei små bølgene mot kroppen, og korleis du til slutt vippa deg utover på tærne, for å nå lengst mulig utover i sjøen før du la på svøm.

Til ei god badestund var det førebuingar. Ein lærde å organisere, for det var mykje å hugse på. Ein fann badetøy og handkle, og oftast smurde ein mat, pakka inn og blanda saft på flasker til drikke. Vi trang koppar, badesko, Symjevingar og symjebelte, ball og båt, spade og bøtte, og alt var lasta opp i nett og vesker (NB! ikkje plast).

Mor var heime. Ho hadde sitt å gjere. Vi eldste hadde ansvaret for dei yngste.

Heile søskenflokken var med, først 4, seinare 6. Vi gjekk på venstre vegkanten til me nådde vegen ned til Flossvika, Der gjekk me gjennom gardstunet og helsa på Margit, før me gjekk gjennom leet som me måtte hugsa og lata att, så ikke dyra kom på innmark. 

Gjekk me i Vågen, var det litt lengre å gå etter storvegen, før me kraup over støypemuren og klatra med svaberga mot stranda.

Det var om å gjera å koma først uti , og dukka. Som eldst hadde eg eit par kreative påfunn for å vinne denne kappestriden. Anten kledde eg av meg i full fart og sprang uti og dukka, for så å skunde meg innatt for å hjelpe dei minste med badedrakt og symjevingar. Om dei vart våte når dei fekk hjelp av ei dryppande våt storesøster, så fekk det våge seg. 



Elles kunne eg hjelpe småsøsken med avkledning, for så å bråkle badedrakt og springe uti og dukke, og så hjelpe dei yngste med resten. 

Så tok badinga til, med dukking, symjing, kappsymjing, dukke og symje under vatnet, hente skjel og tang. Ja, det var mykje å utforske. Ein skvetta vatn, og det var moro å ha vasskrig.  Til slutt var ein blå på kroppen, og måtte innatt og tørke seg, og få seg litt mat. Koppane kom fram, safta vart drukke og nistepakka pakka opp og fortært. 



Så måtte me ha ein tur til uti, for å symje og kappsymje. Vi kjende ansvar for at dei yngste skulle lære seg å symje, og me som var eldst lærde dei symjetak og held dei under haka., medan dei kava med armar og bein som best dei kunne. Men dei lærde seg kunsten, den eine etter den andre, og både mor og dei var tryggare. Ein måtte jo ikkje skyssast næraste symnjebasseng for å lære seg å symje ( Kvar var det forresten det ?) Dei fleste barn lærte seg å symje om sumaren av sine eldre søsken. Thats it!

Etter tredje turen uti var det som regel slutt. Vi tørka oss med våte håndkle, lærde dei yngre søsken å tørke seg, kle på seg og skylle badedrakta utan å dette uti sjøen.  Dei måtte pakke saman pargaset sitt. Matpapir vart lagt inn under stein, der det kunne rotne og verta til jord.




Så vandra me heim att, på rekke og rad på venstresida ,  i alle fall om det kom bilar. Vi plukka litt blåbær etter vegen, og fann blomar og kongler. Vi balanserte på sementmuren og prøvde å gå på utsida av stabbesteinane utan å detta ned.  Av og til kraup ein hogga\orm over vegen, og han enda sine dagar der. Vi hadde lært på skulen korleis dei skulle tas av dage, og praktiserte vår lærdom. Ormen var ei dyreart som var truga av mennesket, og ikkje freda. 

Vel heime var det prosedyre å henge opp badetøy på snora til tørk. Alle som var høge nok til å nå opp, henge opp, og dei små hjelpte til med å finne fram det våte tøyet frå netta. Så var det å rydde opp koppar, mat og saftrestar. Trøytte, slitne og fulle av gode bademinne tok me etterkvart kvelden.



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar