Å nå opp.




 I mine unge dagar lika eg å klatre. Det var viktig å kome opp, og få oversikt og utsyn.
Det har blitt meg fortalt at då eg var to år, klatra eg ut på nettingen over hønegarden, sette meg fast og måtte hentast ned att.

I gamlahuset hadde far garasje med skukk, og for å kome opp dit, måtte ein klatre i stige. Det var greit å klyve dit opp, og så vere i  i si eiga verd. Katten var også der oppe, og ein gong hadde han fått kattungar. Mor sin reaksjon på det har eg fortalt ein annan stad. Men pus kunne kosast med, og kroa seg inntil meg.  Eg kunne lura med seg ei bok og lese litt, tegne litt, eller berre vere der for seg sjøl. Litt moro var det når dei andre lurte på kvar eg var : - Kvar er ho Britt? Og så kunne eg liggje der og bestemme sjøl om eg ville gje meg til kjenne eller ikkje.  I rule.

                                                               
Der var ein del tre på og omkring tomta. Ikkje alle eigna seg til å klatre i, men eiketreet nedst i hagen hadde fine greiner til å krype oppi.  Der sat eg ofte, såg ut over tomta, på huset heime og ekrene til bestemor og bestefar. Dokka kunne vere i armkroken, eller eg berre sat der.
Ved huset stod det ei bjørk. Ho var litt verre å kome seg oppi, så eg måtte finne meg ein kasse å stå på for å kome opp. Men der såg eg nedover Dalebygden, og kunne sjå kven som for etter vegen, både syklistar, gåande og dei med hest og kjerre. Kanhende gjekk ho Stella, nabokona med mat til grisen, eller han Bernhard slo med stuttorv. Og eg sat der, såg kva dei alle gjorde, men dei såg ikkje meg!

Då me flytte på Flossvika , var gleda over å klatre ein del av livet.  Tarzan Britt hadde klatra lenge, og til og med øvd seg på å svinge seg frå tre til tre, med vekslande hell. Å klatre i gran var litt komplisert, for då fekk ein ofte barnåler ned på ryggen, og så fekk ein ikkje noko særleg utsyn på grunn av dei tette greinene.  Så det var sjeldan eg klatra der, om eg ikkje skulle hjelpe kattungar ned på jorda att..

Far hadde ofte plankestablar på tomta. Han brukte dei til forskaling, men mellomlagra dei heime. Dei vart stabla i trekant, og var ypparleg til å klatre i. Her var prosedyren litt annleis. Fyrst klatra du opp til toppen , sat og såg utover og fekk oversynet, og så klatra du ned på innsida, og var i ditt eige vesle husvære, om det ikkje regna. Men me lærde jo etterkvart å leggje på tak, og så kunne me ta kaffimaten der ute, om me ikkje hadde slaberas på sølekaker og vatn. Kaffimaten var liksom frisleppet i mi tid. Då kunne du smørje mat og ta med deg ut.
 Dei minste var sjølsagt med . Til å begynne med så heldt vi dei i hendene og slepte dei ned på innsida , men etterkvart så lærde vi dei å halde seg fast med hendene og setje føtene på rett plass i plankestabelen. Lær ein mann å fiske, så har han mat. Lær ei syster å klatre, og ho klarer seg sjøl- nesten.

Men yndlingsstaden var ei krokete furu i utmarka hans Arthur. Ho hadde vakse seg krokut og fin, med gode greiner både nedst og langt oppover.  Kom du mot toppen, kunne du sjå over småskogen og heim, sjå mor skunde seg ned til bensinpumpene når einkvan bilen tuta, eller småungar som leika i sandkassa om dei ikkje var med på utferda i marka.

 Under furua var det kongler dei kunne leike seg med, om ikkje ei geskjefig storesyster insisterte på at dei burde prøve å klatre dei og, så ho lyfta dei opp på dei nedste greinene, der dei klamra seg fast til dei vart lyft ned att. Furua var både båt og bil, og mange turar vart i fantasien teke ut i den store verda  med utgangspunkt i den trestamma.
Men alt har sin ende. No er det nok å klatre til trinn 5 på ein stige for å male huset!


(alle foto er ill)

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar