Advent



Advent betyr å vente på noko. I kyrkjeleg tradisjon betyr det å vente på Jesu andre kome, og er innleiinga på kyrkjeåret.
I folkeleg tradisjon har nok advent vorte å vente på jula og feiringa.
Korleis var advent i min barndom?
 

Jau, vi hengde nok opp ei adventstjerne , laga av papir og etterkvart plast, og let ho lysa om kvelden. Straum var dyr.
På skulen laga vi som regel adventskrans av granbar, og pynta han med lys, raud sopp og lav., Så tende me lys medan me song julesongar, og læraren las forteljingar.
Me lærde mange julesongar, og song dei på skulen, slik at når jula kom, kunne me dei fleste, og kunne gå rundt juletreet og vere med i songen. Det var ikkje slik som no, når gongen rundt juletreet fortonar seg som lang dags ferd mot natt, fordi ungane ikkje kan syngje med. Då vert jo juletregangen ei endelaus mil, utan slutt, der det mest morosame vert å dulta borti dei som går i ein av dei andre ringane.
Jula hadde meir kriste innhald enn i dag. Jula var til minne om Jesu fødsel, og førebuinga var prega av det, sjøl om gåver og feiring hadde sin del.

Heime så vart det baka, ikkje alltid 7 eller 12 sortar, men ein del vart det jo, og vi ungane fekk vere med på nokre utvalde slag, gjerne dei som skulle kjevlast eller stikkast ut. Vi pensla med egg, eller la mandelen på. Mor hadde ein del oppskrifter, sirleg skriven ned i ei lita notisbok, og boka tok ho fram til jul. Dessutan eigde ho Sara Dekkes kokebok, der det også stod oppskrifter på julekaker. Smultbakst var oblogatorisk, og både hjortebakels og fattigmann vart baka heime. Då fekk vi ikkje vera med, for smultkoking var farleg. Men smaka på baksten fekk me, særleg dei mislykka kakene. Dei andre vart lagt på toliters Norgesglas, og seinare, når velstanden auka, i kakeboksar eller andre aluminiumsboksar som var tomme. Mor sette dei høgt opp på skapet, så det var ikkje snakk om å finne seg godbitar før jula var inne. Vi ungane laga små julegåver, eller fekk litt pengar å kjøpe for.

Mor laga adventskalendar av ei appelsin med nellikspik, og vi sette inn ein spik for kvar dag fram til jul., og så trekte vi ut ein spik for kvar dag, og kvar gong vi hadde teke ut den vesle pinnen, var det ein dag mindre til jul!
Seinare, då velstanden vart større, fekk me kjøpte adventkalendarar. Inni var det ofte små plastikkfigurar. Vi var mange i familien, så vi ungane  hadde kvar vår dag til å opne kalendaren. Ikkje som no, når kvar unge har 3-4 kalendarar kvar! Eit år fekk me sjokoladekalendar ! På deling. Vi var fire som delte, så det vart nokre søtsmakar på kvar i løpet av advent.







Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar