Julebukk


Vi ungane gledde oss til jul, til fødselsdagen, 17.mai og jonsok. og ikkje minst til nyttårsaftan.. Den siste kvelden i året skulle me gå julebukk. I folkeleg tradisjon har denne skikken røter tilbake til førkristen tid, der ein slakta ein geitebukk ved vintersolhverv for å sikre grøda neste år. Seinare vart det ein tradisjon som kunne vera bunde til Lucia, oskorrreia eller julenissen.Før var ein i følget utkledd med dyrehovud, horn og dyrefell, og såg skræmande ut.
 Ulike land hadde ulike skikkar.

 Halmbukken med raude band som mange har som julepynt den dag i dag, er eit symbol på julebukkskikkar.

I Noreg har det utvikla seg til at ungane går utklede frå hus til hus i romjula, syng og får gotteri.
 Så langt eg veit, er dette å gå julebukk på  nyttårsafta ein skikk ein finn berre i Bergen og på strilalandet.

Vi planla på forhånd, og la opp ruter. I byrjinga var det helst besteforeldra og naboane me besøkte, seinare utvida me området, og dei siste åra gjekk me både til Hopsdal, Mundal, Leiknes, Øvstegård Hodnesdal og litt av Hillesvåg. .
Utkledninga vart nøye planlagt. Dei priviligerte hadde nissemaske, me andre trekte ein nylonsokk over hovudet, og så malte mor oss med fargar frå maleskrinet. Raud trut, fargar i kinn og svart over augo. Vi var fine, syntes me sjøl. Det var om å gjere å ha nøytrale klede, så islendarar, gamle jakkar etter far eller mor, kjolar og skjørt etter mor, og luer som ikkje me bruka kvar dag.Nokre kostyme krevde pute på magen. Me måtte ha nett eller veske med, for noko av vitsen med turen var jo nettopp å sanke inn så mykje gotteri, julekaker og frukt som mogeleg. Derfor vart jo området utvida etter eldre me vart, også!

Vi gjekk i små flokkar på 4-6 personar, og traff me nokon på vegen, slo vi oss ofte saman. Nokre stader opna folk ikkje for nissane, men dei fleste hadde klar ein liten sjokolade til kvar, eller ei småkake eller kva det måtte vera.  Vi helste, vinka, neia og bukka når døra vart opna.Nokre bad oss inn, og ville ha ein samtale om kvar vi kom frå eller kvar vi skulle, og då var det om å gjere å gjere seg grov i målet når ein svara, forat naboen ikkje skulle finne ut kven ein var. Noko dei sikkert  gjorde likevel, ettersom dei nok hadde sett kjolen til mora vår før. Det sikraste var å peike, nikke eller riste på hovudet når ein vart spurt om noko. Me song ikkje, det eg hugsar.

Eg hugsar at i Myrane vart me bedne inn, og der fekk me nokre ruter Freia kokesjokolade. Andre gav frukt, gjerne eple frå hausten, som hadde teke til å få skrukker. Men mest gjekk det i karameller, småsjokoladar og småkaker.
Det var mørkt etter vegane, med nokre vegalys eller utelys frå husa som lyste opp. Gjekk me gjennom utmarka hadde me med lommelykt, om ikke månen lyste veg.  Var det turrafrost, måtte me passa oss for svedl, men veret kunne vera snø eller regn, som no.
Dei siste åra var utbyttet stort, og varde i fleire dagar.. Vi delte litt med småsøsken, men i det store og heile gjekk gotteriet i eigen buk. Mageknip? Men det gjekk over. Me kosa oss med utbytet, og såg alt fram til neste år, og planla utkledning, utrustning og kven me skulle besøkje. Ikkje å undre seg over at nyttårsafta stod høgt i kurs hjå oss ungane!


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar