Skitnesundag

Sundag var kviledag. Ein fekk på seg fine klede, åt sundagsfrukost med blautkokte egg, og far tok oss med på sundagstur, anten etter vegen, der han preika med andre fedre som var ute og gjekk tur, og me leika med ungane som var med, eller drog i armane på far for å koma vidare. I seinare tider reiste me på biltur og besøkte slektningar, medan mor var heime med småsøsken og laga sundagsmiddag. Me kom heim att til ferdige kjøttkaker og ertestuing, eller kotelettar med surkål, og hadde dessert  med sjokoladepudding med vaniljesaus, eller eventyrpudding med raud saus.

Dei vaksne kvilte ofte middag, og me ungane leika rolege leikar, eller etterkvart som me vart eldre  tok  me oppvasken.. Det vanka ofte kake til nons, eller bollar. Sundag var annsleis, ein kviledag for vaksne og born.
Ikkje slik med skitnesundag. Siste sundag før jul vart rekna som arbeidsdag,  der ein gjorde ferdig til jul. Det vart vaska rundt der det ikkje var gjort før, eller ein baka dei siste kakene før jul. Nokre vaska dei siste kleda, og sørgde for at huslyden hadde nok finklede til helgedagane. Ein laga sylte og anna julemat,




 Alle gjekk i kvardagsklede, og tok del i daglege sysler. Nokre fann juletre den dagen, eller sette grana på fot, om det var nær innpå julafta. Ein sette opp julenek, kosta trappa, hogg opp juleved eller fyllte på med ved og kveiksel om julafta nærma seg. Vi øvde på julesongar og pynta både ute og inne.
 Dei siste julegåvene vart pakka inn, og ein kunne  skrive julekort og brev. Kort sagt, full aktivitet med alt som hadde med førebuing til den store helga. Mest for mor og far, som hadde regien for å få alt ferdig. Me ungane syntes det var artig med denne eksrta kvardagen like før jul, med den hektiske aktiviteten, og alt som gjekk føre seg både ute og inne.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar