På gamle stigar- i Husdalen.


Då Sigmund Husdal kom inn i livet til mor i 1961, og eg og syskena mine samstundes fekk ny stefar, så hende det mykje nytt. Eg overnatta i år i Husdalen for fyrste gong på mange år, og då kom tankane om korleis det var då me starta å reise dit.
Husdalen er ein avsidesliggjande gard ein times gange frå Bjørsvik. Du reiste dit, anten med rutebåten eller vart køyrt,  og gjekk så ei ganske bratt stigning opp til Husdalsvatnet, der du anten kunne ro over, eller gå den bratte og til dels glatte stigen opp til Grautevika, der det var kjerreveg resten av vegen. Me ungane lærde snart snarvegane, der du kunne korta inn turen med opptil 10 minuttar. Det du måtte ha med deg, bar du på ryggen og i hendene, så vi måtte ha eit par kvilepausar uansett.

Vel oppkomen var det tre hus, der bestemor og bestefar budde i det eine,  Ivar og Olaug budde i det andre saman med ungane sine, og Sigmund hadde kjøpt det nedste huset, og hadde det som ei familiehytte, der også søskena hans kunne vera på vitjing. Huset var eit vanleg vestlandshus, med gang og kjøkken på midten, stove på eine sida, og stove og kammers på andre sida. Oppe var det to store lemmar, med tilsaman 6 dobbelsenger, og stor "danseplass"  på golvet.
Det var innlagt straum, men ikkje vatn, så det henta vi med bytter i bekken, og hadde vassause og vaskefat på kjkkenet, og der varma alt vatn til vask, oppvask og golvvask. Tannpussen gjorde vi i bekken, og det same med kattevasken på sumaren.
Doen var ein einsetar i tilknyting til huset, og du kunne koma inn der gjennom kammerset eller utanfrå, så du måtte passe på å setje på alle krokar, og opne dei når du var ferdig. Det var både toalettpapir, aviser og blad der, så dei fleste gav seg tid når dei hadde ærend dit.
Matlaginga foregjekk på ein gamaldags vedkomfyr, men i tillegg hadde Sigmund kjøpt ein hybelkomfyr som me og brukte. Alle tok sin tørn med matlaging og oppvask, og oppryddinga var og felles innsats, sjøl om dei vaksne tok det meste.
 Bestefar og bestemor var tidleg oppe og høyrde andakt, og vervarsel og dagsnytt når dei var. Dei høyrde preikene om sundagen, og hadde middag klokka 12. Bestefar  gjekk i Bjørsvik og handla når det trongs,  og bestemor stellte huset. Dei plukka bær og slo kantslått.
Olaug og Ivar hadde hest, kyr og sauer, og ein hund. Det var fjøs, sauehus og geithus på garden, samt smie og eit revehus.  Det var mange slåtteteigar, både på heimegarden og lengre unna, og det var fleire mindre høyløer dei henta høy frå på vinterføre. Ivar bar mjølka til meieriet i Bjørsvik, eller han brukte båt.
Dei næraste naboane var elles i Molvik, der ein gjekk over fjellet, eller til Andås, der ein og gjekk fjellvegen, eller rodde. Dei som budde der var vane med lange avstander, og såg ikkje mørkt på ein sundagstur til naboane.
Det var koseleg å koma i Husdalen, og me vart tekne mot som familie frå første dag. Småsøskena mine tutla i helane på Olaug i fjøset og inne, og me besøkte bestefar og bestemor og hadde mangt eit godt måltid der.
 Der oppe hadde dei framleis namn på alle haugar, dalar og rindar, og me lærde mange nye namn på stadene der me for og leika.  Dei fleste er no i gløymeboka mi.  Men den gongen var det nyttig informasjon for dei andre kvar me hadde vore den dagen.

Me bada i Husdalsvatnet og fekk vere med på båtturar, vi gjekk fjell og finne og hadde panoramautsikt når vi nådde på toppen.

Min ungdoms paradis var Husdalen, i eit hus på ein fjellgard ovafor Bjørsvik.

Kommentarer

  1. Jeg kan godt forstå at Du har fine minner derfra ja. Etter å ha funnet ut via Per Husdal at mine tipp-tipp oldeforeldre drev gården der langt tilbake så har jeg tatt meg mange turer fra Askøy og opp i Husdalen.
    Jeg ble betatt av gården og omgivelsene fra første gang jeg var der og søker tilbake når jeg kan for å puste inn den friske luften og filosofere over forgangne generasjoners slit for tilværelsen

    /Helge

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar