Fløksand husmorskule

Litt frå 60-talet.

 Då eg var ferdig med gymnaset i -64, meinte mor at eg måtte kunna koka poteter. Det kunne eg, men forat utdanninga mi skulle vera perfekt, så måtte eg ha eit halvår på husmorskule. Denne skulen var og god å ha både om ein skulle søkje sykepleie eller bli hustellærar.
Så eg søkte opptak ved Fløksand husmorskule våren 1965, og kom inn. Skulen var då vel etablert, opna 1909, og nyrestaurert i 1954. Mange kjende personlegheiter har gått her, og eg lærde seinare at Ingrid Espelid Hovig var elev her i 1943, då det ikkje var elektrisitet, og alt måtte kokast på ved og kol i kjellaren. Ho kom tilbake som lærar i 1954, til ein  skule som var i topp stand .
 ( Ingrid Espelid Hovig og Olga Leiknes Hopsdal møtes etter 61 år. Dei var kullingar i 1943)

Vi fekk ei liste så langt som eit vondt år med alt ein skulle ha med, så mor var engasjert i vekesvis med å sy. Det var sengetøy og håndklær, arbeidsklede, forkle, hette, høvelege sko, og mykje meir som eg ikkje hugsa. Alt skulle vera namna, og me sydde inn sirlege namnelappar i alle klede.
Reisa var omfattande, frå Leiknes om Kleivdal til Knarvik, vidare med båt til Frekhaug og buss til Leirvik i Meland.

Vi kom fram om kvelden, og trekte kven me skulle bu med. Vi budde på tomannsrom. Dei var enkle, med senger , nattbord og ein leksepult på deling. Det var nyttig, for me måtte ta omsyn til kvarandre. Stort sett gjekk det bra, etter at eg hadde stilt inn nattlampa slik at eg kunne lese utan  at lyset fall på romkameraten. Vi hadde lov til å ha radio på romma, men det var påbudt  ro i 10- tida.
Ordenreglementet stod oppslege på innsida av garderobeskapet. Då eg las meg opp til dette innlegget, fann eg eit sitat: - Ha ikkje mannfolk på rommet, ha dei i daglegstova. Det var i sanning andre tider.

Dagen var strukturert : Elevar laga frukost, og etter den skulle romma ryddast og luftast. Så samlast me i  daglegstua  og høyrde på radio, andakt og husmorens 5 minuttar. Så var det opp og lukke att vindauga og finne bøkene til undervisninga. Me hadde to lærebøker, ei grøn som heitte Husmorboka, og ei kokebok. I Husmorboka stod det meste ei husmor trengte å vita . Eg nemner i fleng: Hus og innredning, skikk og bruk, husholdningsøkonomi, arbeidslære, hustellbakteriologi, oppvask, rengjøring og klesvask, helselære, spebarnstell, sykepleie i hjemmet og førstehjelp, kostlære, hustellfysikk og kjemi, og elektrisitetslære. Alt vart gjennomgått i teoritimane, og me hadde prøvar i stoffet.
 

Det teoretiske dreia seg altså om huset og husarbeid, og litt om dei tinga ein kunne få bruk for om ein utdanna seg vidare.

Det meste av dagen var det praktisk arbeid, der me var delt inn i 4 parti, og var ei veke på kvar stad: Kjøkken I eller II,på  håndarbeid eller i vaskekjellar/grovkjøkken.
Når dagen var slutt, og leksene gjort, sat me ofte i daglegstova og gjorde håndarbeid, eller besøkte kvarandre på romma. Sidan eg gjekk vårkurset, var det også turar ut i den vakre Melandsnaturen, i fjøra, i myrlendet og langs dei lave rindane.
Vi hadde eit par elevkveldar, der me sjølsagt også syrgde for maten, ved sida av underhaldninga.
Det var  unge lærarar. Styrarinna var frå Austlandet, og ei av kjøkkenlærarane var frå Sogn. Vi hadde stor vyrdnad for dei. Dei stod minst eit trinn over oss, og hadde respekt. Det dei sa, var lov.

Vi betalte skulepengar, for kost og losji. Kor mykje hugsar eg ikkje, men eg trur eg hadde spart opp det meste i ein hushjelppost eg hadde før jul.
Nokre helgar var det obligatorisk å vere på skulen. Vi hadde då vakt, og ansvar for å lage frukost og kvelds til dei som var på skulen, og gå runden og låse alle dører i heile skulebygget / internatet. Lærarane gjekk etterrunden, og såg at vi hadde gjort jobben skikkeleg. På laurdagskvelden fekk vi vere lengre ute, men det var nokre som gjorde avtale med vaktelevane om å ha ei dør open.  Stor var overraskinga då dei i staden møtte rektor kl. 2 om natta. Hauk over hauk.

Husmorskuleelevane var populære blant ungdommane i nærområdet, og mange fann seg livsledsagar på denne måten. " Monsane" vart dei kalla,desse unggutane,  etter utnamnet ei lærarinne sette på dei. Dei kom ofte i bilar, men laut halde seg utanfor porten.

Eg såg at ein skreiv i CV`en sin at han hadde hatt ei natt på Fløksand husmorskule. Var det i mi tid, så står det respekt av å ha kome innom murane. Det må nok kvalifisere til jobbar som krev både kløkt og utholdenheit.
-I neste innlegg skal eg skrive om dei praktiske faga, og dagleglivet, slik eg hugsar dei.
- Bileta er stort sett frå andre husmorskular, då det var lite å finne frå Fløksandskulen. Men nokre er frå Husmorboka, ei håndbok for det meste.


Kommentarer

  1. Jeg lurer på om ikke det var der min fars tante var ansatt? Hun het Inga Helleland.

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar