Arthur på Kleiva


Han var onkelen til mor, gift med Martha, ei av tantene til mor.
Han budde på Kleiva, den øvste av Leiknegardane. Huset var forholdvis stort. Løa var bygd i stein med tre over, og hadde plass til dyr og til låve med høy. Garden var ganske flat etter vestlandske forhold. I byrjinga av 1900-talet hadde far hans kjøpt eit av dei mindre bruka som vart lagt ned, så garden var forholdsvis stor etter tilhøva på Leiknes. Dei hadde ein stor hage med mykje frukt og bærtre, noko vi ungane fekk smake på i sesongen. Dei brukte mykje frå den store hagen sjøl, ettersom dei hadde mykje naturalhushald, men eg trur dei selde litt på torget og.
Onkel Arthur var pinsevenn, og leiar for den vesle flokken i Betel i mange år. Historia fortel at han fyrst gjekk bygda rundt og samla inn pengar til bedehuset til indremisjonen, og så reiste han og nokre vener til Bergen og høyrde på Barrat, og så vart han pinsevenn. Han gjekk då for andre gong rundt i bygda, og samla inn til bedehus for dei frie, og Betel vart bygd.( Alle tre forsamlingshusa, inklusive ungdomshuset, vart bygd i 30-åra, så bygda tok tunge tak dei åra. )
Onkel Arthur dreiv jorda si godt, og han låg frampå når det galdt tiltak for å forbetre  jorda og driftsformene.. Eldste dotter hans reiste til USA, til Washington, og Arthur og Martha var borte og besøkte henne. Då han kom att, kjøpte han traktor, som den første i bygda. Eit blått vedunder, som eg sjølsagt ikkje hugsar namnet  på, men som vart til stor hjelp for han i gardsarbeidet. Folk kom langvegs for å beundre arbeidsreiskapen. Både slåtten og dei andre onnene gjekk lettare.
Arthur var oppteken av nydyrking, og fekk dyrka opp fleire myrar, som då sjølsagt gav høy til fleire dyr. Han dyrka opp ei lita myr på Flossvika, like utanfor der me budde. Eg hugsar enno grøftene som me hoppa over ( og av og til datt nedi), koleis dei etterpå vart lagde att, og vatnet lagt i veiter og rør, slik at han kunne pløye, så og hauste. Så slo han, og køyrde heim høyet med traktor og vogn.
Av og til hesja han, andre gonger la han graset i silo.
Han dyrka og opp ei stor myr i utmarka. Eg hugsar far fekk kompressoren dregen anten med traktor eller hest så nær bekken som muleg, og så drog dei slange lange vegar forat han skulle bore der det ikkje var fall for å få vatnet bort frå myra. Eg trur Arthur brukte området til beite for dyra.
Athur var vel lika i bygda, og hadde fleire små og store verv. Han var ein av dei  bestemor spurde om mannfolkhjelp når bestefar min var på arbeid i byen, og berre heime i helgane.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar