Rutebilen overtek.


Dampen var kommunikasjonsmiddel nr. 1 inn og ut gjennom Osterfjorden. Du reiste med den, og gods og varer sendte ein med dampen.  Men så var vegane betre, bruene fleire og det vart meir ferjene. Nordhordland var i ferd med å verte eit rike, til lands.
Då kom rutebilen. Den første ruta til INDL gjekk frå Osteridet til Nesbø, og fra Eikanger til Myking, og start allereide i 1929. Men på 50-talet fann dampbåtlaget ut at det var betre å sløyfe små og dårlege kaiar, som for eksempel Hillesvåg, og heller setje inn bussrute frå Høyland  og til Leiknes. Vegen om Fyllingsnes til Eikanger kom seinare, på slutten av 50-talet.
Dei første bussane var små, med snute framme, kasse ved sida av sjåføren, og inngang framme.

Sjåføren hadde billettørveske, og du fekk fargerike billettar for kvar tiøre, tjuefemøre, femtiøre og krone du betalte med. Han hadde uniformsjakke og huve med dampbåtlaget sitt emblem, så han var stasleg.
 Koffertar la du inn i bagasjerommet under bussen, saman med ryggsekk, medan det andre pargasset tok du med inn og plasserte på bagasjehylla eller på setet ved sida av deg, om det var lite folk. Var det mykje folk, stod dei, eller sat på kassa ved sida av sjåføren. Der sat dei og om dei ville ha ein drøs med han som køyrde. Skulle du bli bilsjuk, fordi setet var utan fjøring, vegane dårlege og disellukta sterk, låg det spyposar ved setet ditt. Då sette du deg framme i bussen.
Var det kjentfolk ombord, fann  du deg plass  ved sida  dei, og fekk ein passiar om livet deira, medan bussen snegla seg mot endestasjonen, Leiknes kai. Der stod det på det meste 3 bussar på den vesle kaia. Båten venta på rutebilen, og skulle rutebilen vera først, var det berre å smørje seg med tålmod til dampen fløytte.
Til å byrja med var det ingen faste busstopp, så bussen stoppa om du rekte ut handa. På den andre sida var det ikkje nøyaktige rutetider, så du burde vere ute i god tid, i tilfelle det var lite passasjerar, og fylgjeleg lite stopp før deg, og bussen var tidleg ute.

Det begynnte også å gå direkte rutebuss til Bergen. Vi reiste om Sjauset og Kleivdal, og tok ferje. Det var dyrare, så folk flest tok framleis dampen. Men bussen gjekk jo forbi huset..  Og folk nytta bussjåføren til å gjere ærend for seg. Han hadde jo ventetid i byen, og då var det lett å sende med  pengar og be han handla eitkvart lite. Eller hente hostesaft eller ta ut ein resept på apoteket, når han for likevel. For oss som var av den yngre garde, syntes vi nokre drog strikken vel langt når dei i tillegg til ærendet la ut om sjukehistoria, doktoren og sine eigne opplevingar med sjukdommen før dei let bussjåføren reise. Godt ruta var sett opp med god margin. Dessutan venta ferja alltid på rutebussen!
Du måtte gå av bussen før han køyrde ombord i ferja, men kunne sitja i han under overfarten, om du ikkje gjekk ned i salongen og kjøpte deg noko å eta eller drikke. Det var jo folk å snakke med der og, og du kunne nytte tida til eit dobesøk, eller gå opp på øvre dekk og nyte utsynet over fjorden. Så måtte du gå i land, før du entra bussen for vidare ferd. Bussen slepte av passasjerar etterkvart. Mange gjekk av på Bryggen, men etterat me fekk busstasjonen i 1958, var han endestasjonen.
Etterkvart som kommunen bygde nye skular, fekk me skulebussar.  Men ein skulle ha lang veg for å få køyre med dei. Eg trur det var 5-6 kilometer. Nokre busssjåførar var barmhjertige, særleg i dårleg ver, og stoppa og tok opp ungar langt innan for tillatte kilometer. Dei køyrde jo same vegen!
Bussane vart betre og større, og dei fekk inngang bak, og baksete, ynda for dei som yngre var. Støyninvået og herjinga var større der bak, men om bussjåføren såg ofte i speilet, eller påpeika at det skulle vera ro, vart det stille. Det var langt å gå heim, og i den tida kunne du bli kasta av bussen om du ikkje sat i ro. Ingen foreldre protesterte på det! Dei fekk sikkert ikkje høyra det heller, om så gale skulle skje. Ein visste grensene for oppførsel den gongen.

Skulle du av rutebilen, trekte du i snora, og heile bussen høyrde at du skulle av. Det hende at nokon kom borti snora utan grunn, men det var flaut, og ikkje noko du gjorde.
Vi fekk godsbilar, og for oss som budde eit stykke frå vegen, var det greit å få oljekanner, materialar og anna frå byen med bil, for han stoppa utanfor døra. Han tok og vegen om Sjauset, reiste til Sætre og opp i Hjelmåsen, så det var absolutt ein føremun å få varene sendt med vareruta. Rutetidene var det så som så med. Du visste når vareruta starta, men om det nokon gong har passa med ordet mjølkerute, så var det her.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar