Byfolk på landet


Dei var litt høgre enn oss, byfolket. Dei snakka annsleis og finare enn oss. Dei hadde finare manerar, og tala litt ovanfrå og ned når dei møtte oss. Dei som flytte til byen for å arbeida som hushjelp eller i butikk, kom heim att etter fjorten dagar, og snakka bymål. Det var finare.
Når vi ungane leika oss med dokkene, eller hadde andre rolleleikar, så tala vi bymål. Vi skarra på r-en, og brukte bergenske ord og uttrykk. Tjua deg!

Byfolket reiste på "lanne". Dei kom med dampen laurdag ettermiddag, fedre, mødre og barn som skulle på "hytten", eller skulle losjere seg inn hjå bønder og andre som hadde ledig plass, eller sjølvefolket flytte litt saman for å leige ut eit rom til dei som kom frå bydn. Dei hadde stort sett med seg det dei trong til helga i koffertar, ryggsekker, pappøsjer med hyssing rundt, og nett. Var det midt på sommaren, var familien på lanne i veka, og far kom med dampen laurdag ettermiddag.. Då henta familen han, slik vi gjorde med våre slektningar, berre det at vi måtte venta på ferskt brød og posten etterat dampen hadde fare vidare.
Men dei var finare kledd, og prata finare enn oss.

Me hadde og leigefolk frå bydn dei første leveåra mine, fram til eg var 6-7 år. Dei leigde heile første etasje, medan vi budde på loftet. Byfolket hadde 2 rom og kjøkken, + eit kott på gangen. Det  var utleigearealet. Det var to familiar som leigde dette, med tilsaman 3 born.Dei var slekt som heldt til der, syskenborna til mor med familie. Eg kan ikkje hugse så mykje frå den tida, men veit at leiligheita i første etasje var utleigd heile tida, og me ungane hadde ikkje lov til å gå inn der. Dei var der i feriane, og elles i helgene, i alle fall vår og haust.

Når eg no tenkjer på det no, undrast eg på korleis dei fekk plass, desse 7,men eg trur dei to familiane disponerte kvart sitt rom Kven som disponerte kottet, hugsar eg ikkje. Men dette var like etter krigen, og folk var vane med å bu trongt. Dessutan folk var meir ute i den tida Når dei var slekt slik som hos oss, hjelpte dei til på heimegarden i onnene. Dei hesja og køyrde høy, og var med på å få høyet i hus. Til gjengjeld kunne dei få litt bær, nokre poterer eller litt slaktevarer.
 Vi ungane var ute og leika oss. Eg har bilete frå den tida, der me har ein stor sinkstamp utanfor huset, og så var leiken knytt til stampen, til segling og sutling, til sanddungen like i nærleiken, Leikebilar hadde me ikkje, men steinar og kongler gjorde same nytten for barnefantasien. Ho som enno ikkje kunne gå, aka seg på baken. Ute var vi, og leika gjorde vi.
Mor fortalde at Atle åt maur, som det var mykje av på tomta på grunn av eit par maurtuer. Ingen reagerte på det, og tok han innatt i huset av den grunn.! Ein og annan makk for i munnen til Liv. Sikkert sunt det og!
På eit anna bilete sit me oppstilte på hagebenken, systrene mine, Atle, Liv og eg.Som alltid i den tida,hadde vi sola midt i mot, så vi set der og glirer mot fotografen, som var far til Atle. Han var verkeleg fotograf, og ein som hadde gjort det stort i våre auge. Det var spesielt å bli foreviga i den tida, så sløyfene var i orden, dei og.

 Eldste bror til Atle, Gjert, var ikkje med. Han var eldre, og held seg med onklane mine på nabogarden. Dei var store, og ville ikkje ha med småungar. Vi klatra litt, brukte dissa flittig, og leika med katten. Det var bærtre og fruktre å gøyme seg under, ein gris å sjå på, og høner kakla og sprada omkring.. Vi kunne gå til bestemor, som budde 100 m unna, og der var det enno større plass å leike seg på, og mange vidder å utforske.
Elles er bileta mykje fra store jubileum hjå bestemor og bestefar, der storfamilien set oppstilt ute, og kvinnene har meir eller mindre regjerlege ungar på fanget,fanga inn for å vera med på den høgtidelege forevinga. Bestemor og bestefar sat på stolar i midten, og karane står  bak. Men det er tydeleg at byfolket er rekna til næraste familie. Dei er med.
Elles leika vi ikkje så mykje med borna av byfolk. Dei hadde andre leikar og andre leikemønster, trur eg. Vi landsungane var meir vant til naturen og å utforska han, og ikkje vant til bygater.

Men då vi flytta på Flossvika var eg større, og då fann vi kvarandre, byjentene og eg. Vi bada ilag, og spelte kort, mølle og tre på rad saman. Vi plukka bær i utmarka, og skremde kvarandre med ville historiar om hoggormen, som i vår fantasi var som Midtgardsormen.
Dessutan hadde byfolka store mengder av vekeblad og tegneseriehefter, så eg kunne sitje i timesvis og lese Donald, Hjemmet og Wild West. Dei hadde mange blad som vi ikkje hadde heime, og hadde samla fleire årgangar. Eg var nok ein roleg og vel tilfreds gjest, tenkjer eg, så lenge lesinga føregjekk, i alle fall..
I den tida var det stor skilnad på bymann og stril, både i levemåte og språk. No er det flata ut, talemålet er nesten likt, og levemåten er nesten den same om du bur i byen eller på landet.

Bergensdialekt|

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar