Askild- Ola- Berent

                                                     
Han heitte Askild- Ola- Bernt.  Me ungane syntest det var eit rart namn,men det var veldig logisk, for faren heitte Ola, og bestefaren Askild. Så hadde ein heile slekta i namet hans. Han vart og nemt for Bernt i Røyskattlia, etter plassen han budde.. Det var eit lite på hus på ein og ein halv etasje, med kjøkken, stove og kammers på første plan, og eit par små rom på loftet. Det var ein oppløa steingard mot Kleiva, og eg trur det var delvis stakitt og delvis netting rundt resten av tomta hans.
Då eg leste meg opp på kven han var, fann eg ut at far hans, han Ola,  selde heimegarden i 1907, men skilde ut Røyskattlia for seg og familien sin. Heimegarden vart seld til Salomon Olson Kleppe frå Tysnes,
Ola hadde tre born. Olivia gifte seg til det nedste bruket på Leiknes, Stella vart gift med son til Solomon, han Bernhard, og Berent, som han eigentleg heitte, reiste til sjøs ei stund, før han i 1941 fekk skøyte på Røyskattlia av mor si, mot at ho fekk bu der resten av livet.
Då eg vaks opp var han ein eldre mann, satt, med mage. Han var blid og omgjengeleg, men heldt seg helst blant sine eigne, og blant dei som dreiv fjordfiske. Han var ungkar, og hadde ein dåm av litt framandt rundt seg fordi han hadde vore til sjøs.
.  Ein stor hage var det rundt huset, med mange bærtre, og litt frukt. Bak huset var det nokre runnar med hassel, og eikerunnar. Om eikene stod på hans grunn eller hjå Stella og Bernhard, hugsar eg ikkje. Den vestvendte tomta gjorde at det var varmt og mildt, og både hassel, frukt og bær trivast på tomta.hans.
I dei fyrste åra, då bærtrea heime var små, var mor og plukka rips, solbær og stikkelbær hjå han Bernt. Han hadde altfor mykje for ein einsleg mann, og var glad nokon plukka litt. Vi ungane leika mellom bærtrea, og Bernt kom ut og snakka med oss, og med mor.
Seinare selde vi lodd der. Ein sjeldan gong var vi inne på kjøkkenet hans, men oftast møtte han oss i bislaget på trappa, og kjøpte av oss der.
 Han var mykje ute og fiska, og selde og gav vekk noko av fangsten.Torsk, sei og flyndre, sild og makrel, han fekk det meste. Han og Ole Vik held seg ein del ilag, og fiska ein del saman.
Eg trur det var dei var som fekk håkjerringa på kroken. Det var veldig uvanleg å fange noko slikt inne fjorden, etterson denne fisken gjekk djupt, og heldt seg i nordlege farvatn.  Dei sette vesle Leiknes på kartet for ei kort stund, då Bergens Tidende hadde både bilete av fisken der han hang i heisekrana på Oster på veg til bydn, og ei halv side tekst. Håkjerringkjøtet hadde liten verdi, men levra var verdifull.
Vi flytta til Flossvika, og miste kontakta med Bernt. Han var ikkje så mykje på dei kantar, og tok vel til å bli gamal, og etterkvart dårleg til beins. Så reiste eg ut frå bygda, og miste kontakta med mange av bygdefolket
Bernt døydde i 1974.
Kanhende andre hugsar noko om han?
                                                               Bilderesultat for Leiknestangen

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar