Tilbakeblikk


Av og til må ein gå ut over sine fysiske minne, og skrive om den tida som var før.
Eg undrast:korleis såg det ut i Dalebygden for lenge, lenge sidan? Når det ikkje var veg, berre stigar og hestevegar mellom gardane? Når dei hadde klyngetun ? Når dei brukte robåt og rodde fjorden for å kome seg til Bergen og til kyrkja på Hamre?
I Strilesoga står det at i vikingtida var det ein stor gard som heitte Leiknes. I  mellomalderen vart han delt i  3 gardar: Øvstegard, Midtgard og Leiknes, den nederste kalla dei  Nergard. Dei nemner og at etter Svartedauden var det berre. to gardar. Øvstegard var øydegard. Det same var Hodnesdal, Sjauset,Haukås og Sætre, medan det budde folk på Mundal og Hopsdal.
For å kome seg ut av bygda brukte ein robåt, og rodde både innover og utover fjorden, eller til Bergen. Folk var med på fiske, eller ein gjekk markavegen til Nepstad, over fjellet til Seim, eller over Hodnesdalen og Soddalskaret og brukte kongevegen til Seim, etterat han kom, rundt 1600-talet.


Når det gjeld Leiknesgardane, så vart dei delt i 4 på 1700-talet, i følge Alenfit IIB, og enno to bruk vart skilde ut i første del av 1800-talet.  I 1876 var det jordskifte på Leiknesgardane, og folka og husa på¨dei 7 bruka flytte då frå kvarandre. Det låg i tida at om kvart bruk fekk sine eigne teigar, ville det gje betre avlingar. Mor hermer etter dei gamle at dei høyrde gardvoren gret då han for over haugen og i Lunddalen. Antakeleg var ikkje alle like nøgde med skiftet.
Flossvik høyrde til Leiknesgardane, og vart eige bruk i 1897.

Men bygda var ikkje avsondra. Det er fleire av bøndene på Leiknes og Mundal som var  med på strilekrigen i 1765. Dei rodde til Bergen fordi dei var misnøgde med skattane, og tukta kommandanten på Bergenhus med sitt sinne, sine høygaflar, orvar og økser, og fekk seinare bøter for framferda si.
Mor fortel at oldefar hennar og fleire andre frå bygda reiste til Bergen og høyrde Bjørnstjerne Bjørnson halde foredrag i 1890-åra. Rodde dei , eller tok dei dampen? Det veit eg ikkje heilt. Det var dampbåtlag i Osterfjorden på den tida, men om dei nytta det, er usikkert. Dei måtte i alle høve overnatta, anten hjå slektningar eller på gjestehus.

.Det var først rundt 1900 at ein laga veg til  Hodnesdal, og litt seinare til Hopsdal, Port Arthur, svingen mellom Tångjen og marka deira, fekk namnet då dei høyrde om slaget ved Port Arthur, og vegen var kome dit.  Dei laga vegane sannsynlegvis   for å kunne køyre mjølka til meieriet på Tångjen. Vegane var gjort som pliktarbeid, og sikkert ikkje så populært arbeid.
.

                                                  Biletet er teke frå  "Farne tider " bind 3

Vegen over Soddalsskaret fekk nytt anlegg i 1876, og vart ferdig i 1884. Det vart og nevnt i 1908
 medan  brua over Leiknesvågen kom først i 1949, og då først kunne ein køyre til og frå bygda med bil, sjøl om nokre unge våghalsar køyrde over Soddalskaret og til Hodnesdalen tidlegare.. Mellom anna veit eg at far min og Alf (Svingen) Fyllingen køyrde den vegen. Onkel Gunnar fortel at han som 3-4 åring masa seg til å vere med på ein slik biltur. Fleire stader la dei under lastebilen for å få  han over eit par av dei verste stadane, men over kom dei! Det er veldig kort veg  frå Hodnesdalen og til Soddalskaret, berre 10-15 minuttar å gå.
Bygda hadde i byrjinga av 1900 talet handelslag og meieri, feavslag og mange misjonsforreningar. Dei fekk ungdomslag og hadde bedehus for pinsevenner, indremisjon og hus for ungdomslaget, alle bygd i dei harde 30-åra. Dei hadde bokkassar, og seinare bibliotek med utlån kvar veke.
Det var  helselag som arbeidde for å fremja helsa, ha nødvendig helesutstyr som sjukekorg og bekken til utleige,  og medbetale samaritten som reiste mellom bygdene på nordsida i Hamre kommune.
Redningslaget hadde kvinneforreing  som hadde basarar til inntekt for redningsskøytene langs kysten.
 Generasjonar har gått foran. Mykje har endra seg i Dalebygda. Frå å vere ei nokså isolert bygd, har ho no gode kommunikasjonar til Bergen og alle delar av Nordhordland.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar