Vårblomar og kusymre på Myraåsen







Dei lyste gulgule mot deg. Kusymrene fann du på Myraåsen, ein ås mellom Dalebygden og Hillesvåg.
No går E39 som over Myramarka, og deler henne, men da eg var ung, gjekk du gjennom denne marka, tok til høgre etter ei stund, og fylgde ein stig etter myrkanten, før du byrja oppstiginga til sjølve åsen.  Trea var store, og det var onnesolt første delen oppover mot toppen. Stigen var ikkje mykje brukt i mi tid heller, så du måtte skreve over nedfall og smøyge deg ved nokre forvoksne brakar. Når du kom nesten opp, og gjekk over rindane, såg du ut over Dalebygden, nedover mot Leite og oppover mot Øvstegarden.Det var så befriande å kome opp i høgda. Du såg dyr som beita, folk som arbeidde, bedehuset, skulen , vegane, og Lone med litt av Piparvatnet. Men dei var langt borte, og du var åleine på toppen. På , høgre sida  hadde du og utsikt over Hillesvåg og Hedlesneset
Du såg berre fyrstikkmenneska langt borte, høyrde ei og anna bjølle som singla, og såg ned på eit roleg myrdelta. og stille vatn.  Du hadde med deg litt mat, eller ei lita rosinøskje, og sette deg attmed varden og såg utover. For det var sjølsagt ein liten steinvarde på toppen. Steinvarde var det på alle høgdedrag på den tid. Tankane vandra om alt og ingenting, og du nytte å vera på denne freda pletten midt mellom to bygdelag.

Du kunne gå nedatt i Hillesvågen, men det var aldri aktuelt, for det var ein omveg heim. På vegen fann du litt blåbær, men det var onnesolt, så ein fann helst litt blokkebær bottetter rinnane på toppen, om det var sesong for det.
 .Men tok du til venstre ned dei bratte rinnane, fann du kusymra. Så vidt eg veit den einaste plassen i Dalebygda ho vaks. Ho vaks ofte på sør og vestvendte stader, og krov ein del sol. Blomen  hadde litt høgare status enn kvitveisen, som du fann overalt i høgsesongen.

Det var jo stas å finne dei første kvitveisane og, dei som var så småe at du måtte setje dei i eggeglas i staden for kopp, og som fekk heidersplassen på stovebordet til eit vitnemål om at no var våren endeleg komen! Mor var alltid glad for dei!
Men å kome heim med kusymre var toppers! Dei vakre blomane var eit sikkert teikn på vår. Etter dei kom det mange andre, med ulike fargar og fasongar. Men det er noko med å vera blant dei første, og bera bod om at vinteren endeleg er over!
Då eg i vaksen alder flytte til Halsa på Nordmøre, var det fleire kusymrestader, og du kunne køyre bil for å hente blomane. Far min som lika å springa i skog og mark, kom heim med fleire stø som me hadde i hagen der oppe. Eg måtte alltid ut for å leite etter dei første kvitveisane og kusymrene.
Ja, enno i dag er eg ute for å sjå etter vårblomar. Nå er det hestehov, blåveis og kvitveis som ber  bod om at vinteren er over!


Til høgre i biletet, på eit høgdredrag til høgre og nedanfor Øvstegarden låg Myraåsen, eit fredeleg høgdedrag mellom to bygdelag.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar