Barndommens nytevekster


Eg har alltid vore glad i blomar. Nabokona fortalde om at då eg var liten plukka eg blomar, og framtidsyrket mitt var ei tid å bli gartnar.
Dei første blomane om våren var kvitveis, som vi plukka og sette i eggeglas. Vi visste tidleg at han var giftig, og at han ikkje måtte forvekslast med gauksyre, den vesle blomen med blålilla striper , som kom litt seinare. Han vaks på skrinn jord, ofte under grantre. Me åt han, både blome og blad. Det smaka fortreffeleg!

Jordneter, som og kom litt seinare, gjekk og fint an å ete. Me grov opp dei små knollane med hendene eller det me hadde for handa, tørka av skiten, skrella av skalet og åt. Litt nøttesmak, men mest åt me fordi det høyrde årstida til.
Markjordbær var små, søte og gode. Det hende vi tredde dei på strå og åt dei etterat vi kom heim. Me kunne og laga syltetøy nok til 2-3 brødskiver, og då smaka nonsmaten ekstra godt!  Men aller helst åt vi jordbæra der vi fann dei, som eit lite kosttilskot i kvardagen.

Syrstilk var og godt å suge og tygge på. Syrleg smak, og fin som ekstra mat han og. Me brukte han og i leikarstova, og laga rett som det var syrstilksuppe, som då i leiken sjølsagt heitte rabarbrasuppe.
Syrstilken åt me blad og stilk, men ikkje blomen av.

Knollerterknapp fekk små slireliknande frukter, og dei smaka godt. Anten når dei var umodne, og då åt me både slire og innhald, eller når slirene var gamle, brune, svarte . Då skrelte vi dei, og åt dei små ertene inne i belgen.


Heggebær var litt tørre i smaken, så vi smakte jo på dei, og hadde vi ein litt kjedeleg dag, så åt vi ein del, saug på bæra og spytta steinane ut. Eit lite bonus var jo å sjå kven som spytta lengst!

Raunebær var sure. Ein åt ikkje mykje av dei, men siterte ofte reven: Høgt heng dei og sure er dei!. Raunebær hadde ein annan funksjon, som ammunisjon når du skulle blåse gjennom blåserør, eller sløkjerør som var det offisielle namnet. Ein kunne bruke mykje tid med å blåse. På katten, etter småsøsken som sprang inn og klaga, for det var ikkje lov å skyte på folk.Helst skaut vi  på mål ute i naturen. Blåserørsesongen måtte ein ha med seg!.
Einebær var av typen: - har smakt. Ferdig med det! Bæra freista ikkje til oppattsmaking. Vi var barn, på jakt etter den gode smaken,og var ikkje nyttevekstsankarar.
Nyperosene var fine å sjå på, men vi plukka hest nyper. Dei var gode på smak, hadde mykje vitaminer, sa dei vaksne. Me delte dei, skrapa ut kjernane og åt med velbehag.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar