Inneleik på lemmen

På regnversdagar fekk me vera inne, og rolleleiken kunne gå høglydd på lemmen. Eg var sjølskriven leiar, og delte ut rollar anten det var mor, far barn eller vi leika skule. Vi song, hadde bibelhistorie, skriving og lesing. teikna og hadde friminutt. Læraren var streng, og slo strengt ned på avvik. Det hende ikkje sjeldan at elevtalet skrumpa litt undervegs, og at nokre tok vegen ned trappa i stille opposisjon og fann seg anna å gjera i nede i stova. Andre for i skrikande protest, og mor megla som regel på fylgjande måte- Du får gje deg, du som er eldst!  Så var den autoritære læraren degradert, og måtte kjempe for å etablere ny kustus.
Når vi leika mor , far og barn var mor alltid heime. Far drog på arbeid på utelemmen, som dei første åra  var stor, ettersom det var tre rom som ikkje var gjort i stand. Ungane vart fordelt på mor og far, der nokre var med på arbeid, medan andre passa ungar ( dokker, ), eller gjekk og  handla. Havregryn og rosiner frå kjøkkenet fann vegen opp på lemmen, med eller utan lov, og då far kom heim att frå arbeid, svolten etter ein lang formiddag der han  hadde som seg hør og bør, kjørt lastebil, bora husagrunnar og støypt grunnmurar, åt familien tørre havregryn med rosiner til dessert.  Så var det ut att på arbeid til kvelds, medan mor tok oppvask og klevask, sydde og strauk klede. Dei minste "ungane" måtte sove middag, og vart kommandert i seng, og liggje der til dei vart tekne opp att.
Lemmen hadde dør med nøkkel. Eg bruka den når eg ville vera i fred, og fekk det, om ikkje høglydde appellar til mor fekk meg til å låse opp att.
Så oppdaga yngre søsken nøkkelen, og vreid om. Men å låse opp att var ikkje like greitt. Så måtte vi stå på utsida og instruere om å ta ut nøkkelen og kaste nøkkelen ut vindauga. Men det var høgt ned, og ikkje ufarleg , for det var  minst 5 meter ned. Dei minste  klarde heller ikkje å opne vindauga. Då kom omnen til nytte. Med høglydt forklaring utanfrå, og gråt og tenners gnissel innanfrå, fekk ein forklart at du må opne omnsdøra, legge nøkkelen opp i omnsrøret, og så opna vi p å utsida røret utanfrå  gjennom den luka som var på røret, stakk armen langt inn og fekk tak i nøkkelen.  Etter nokre slike episodar forsvann nøkkelen sporlaust, og dukka ikkje opp att. Merkeleg!
- Du finn meg ikkje! kitlande spanning der du stod gøymt bak døra eller hadde krope under senga, medan ho som stod talte til obligatoriske hundre før ho tok til å leita.
Det var skråtak på lemmen, og der var det ein lang krypgang som og var fin å gøyme seg i, om vi fann på å leike gøymsle.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar