Stadnamn.


Det var namn på alt, på alle haugar, rindar, dalsøkk, bekkjer og motbakkar.
Mor sa eingong at det var viktig med namn på stadane, både for å vite kvar folk arbeidde, kvar ein skulle gå med mat til dei, og for å orientere seg. Mange namn har gått i gløymeboka, og eg skulle få litt backup som eg  ventar på , men trur eg vil skrive det eg hugsar.
Storækre, Attleggjæ og Myræ låg på bøen, og alle visste kvar folk skulle når dei gjekk dit.  Hadde du gått gjennom   Trealee  eller Haualet, så visste alle kvar det var. Kveldsturen som gjekk til Storhøyen og Kuhøyen som var mindre høgdedrag,gav god utsikt, og sundagsturen til Myraåsen og Miggarsåsen som var  litt høgare utsynspunkt.
I Lonæ gjekk bekken roleg og vida seg ut, og du kunne gå gjennom Myramarkjæ, Kleivamarkkæ, Leiknesmarkjæ for å kome til Hedlesvågen. Utmarkene hadde  namn etter gardane dei høyrde til.  Rinnane var den lange åsryggen som gjekk mellom Dalebygden og Mundal/ Hopsdal, og det fanns fleire stigar dit. Fra Dalebygdæ kunne du kunne gå opp gjennom Miggardslia, og etterkvart kom du til Hopsdal og kunne gå vidare til fjelltoppane Krossane og Gladihaug. Søre delen av åsryggen  heitte Jærfjellet, og då gjekk ein ned til Leknes gjennom Leknesliæ.

Søtholo ovafor Angelskåren hadde fint utsyn over fjorden, og det var ein steinbenk ein kunne sitje på. Eg trudde at det hadde med at det var ein stad der unge forelska sat og hadde ei hyrdestund, men fekk etterkvart vite at det var kalla opp etter eit mindre bra skjenkestad i Bergen. Antakeleg var det nokre karar som sat der og klunka av og til.
Port Arthur har eg nemnt før. Dei var kome dit med pliktarbeidet på vegen til Mundal / Hopsdal då meldinga om det store og øydeleggjande slaget i Sør-Kinahavet kom. Så fekk leet namnet sitt etter ein kamp på andre sida av jorda.
Alle visste kvar Brunæ var. Det var berre ei bru, brua over Leiknesvågen.

Brekkene hadde namn: Tångabrekko, Sudmannsbrekko, og Nøsskleivæ, ned mot Tångjen og kaien Du rodde forbi Leknesvåjen og Kattevåjen, og drog du  vidare såg du alle småholmane hadde namn, som  Kråka, Skjere og Hestholmen.


Hugsar du fleire namn? Litt leitt at dei går i gløymeboka!
Takk til Svein Børtveit for boka Ord og uttrykk heimanfrå. Han har eit kapittel om stadnamn frå Leiknes/ Hjelmås

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar