Posthuset


Kaien på Leiknes var samlingspunkt. Dampen kom innom 2 gonger for dagen, på veg til å frå Bydn. Her låg meieriet, her låg Handelslaget, du kunne henta store pakker som var ekspedert ombord på dampen, og her låg posthuset. Bryggja var sentrum i bygda, hovednerva i kontakten med omverda, og når du skulle ha varer mjølk og post.

Eit lite eitetasjes hus, med post og rikstelefonskilt på utsida. plassert like ovafor kaien og meieriet, med ei lita steintrapp for å kome inn, postkasse på sida til å leggje brev i. Innanfor eit lite avlangt rom, med ein benk plassert på eine langveggen. Ei dør leidde inn til eit rom der det var rikstelefon i eine enden, og postopneri andre. På  kvar side av døra var ei luke med lem, og ei lita hylle. Der kunne du bestille rikstelefon i den eine sida, og hente post i den andre. På kortenden var det to avlukke som du kunnne få/ eller bestille rikstelefonsamtalar til nokon.

Posten var open ei stund om formiddagen,( 9-11?) og nokre timar i kveldinga:Var det frå 17-19.30?
Det var i alle høve travlegast like etter dampen hadde vore der. Postekspeditøren, ho Olga, eller ho Margit, som var vikar, hadde levert post i postsekk i postlugaren ombord i båten , og kom oppatt med postsekkar  med dei karakteristiske blå og raude stripene, og med posthornet på. Posten var stort sett sendt frå bydn, men det hendte det kom post frå Hamre, Tepstad, Eikangervåg eller en annan stoppestad båten hadde.. Sekkane var knytt med hyssing , slik at ingen uvedkomande skulle koma til.


I posten kunne du henta brev og aviser, og få postanvisningar med pengebeløp. Dei måtte rette vedkomande skrive under på før pengane vart utlevert. Men forholda var små, så vi ungane vart rett som det var sendt i posten med underskriven blankett.

Du kunne kjøpe frimerke og sende brev og pengar.
Breva hadde frimerke, og eg trur dei var på 10 eller 25  øre i byrjinga, litt mindre enn no.

Postsparebanken vart grunnlagt i 1950, og utover 1950talet kunne du få utført banktenester i posten, setje inn og ta ut pengar på Postsparebankboka. Kven hugsar ikkje henne? Med sirleg innlimte merke for innskudd, og stempel både for innskot og utttak. Så fekk du høgtideleg påført renter etter årsskiftet. Det var stas å ha postsparebankbok, og så lettvint både å setje inn og ta ut pengar! Vi følte på framgangen.

Når båten hadde vore der, og du hadde henta ferske brød på butikken, og andre matvarer som kom med  dampen, var det tid å hente posten. Folk sat på benken og venta, eller stod og hang langs veggene  og venta på at postopnaren skulle sortere dei innkomne breva og avisene, og tiddskrifta og utbetalingskorta.  Det var ingen reklame den gongen. Folk snakka om siste nytt, diskuterte politikk, og var ueinige om nytteverdien av Gerhardsen, og kor mykje dei sørom fjorden fekk av godene, men dei var einige om at dei fekk altfor mykje. Me ungane høyrde på,  og diskuterte det me var opptekne av.

                                                                        

Så endeleg opna ho Olga luka, og tok til å ropa opp namna til dei som skulle ha post. Vi gjekk bort til opningen, og fekk Bergens Tidende, Bergens Arbeiderblad eller Dagen, Sambåndet eller LO- bladet, alt etter politisk og religiøs ståstad. Me fekk brev, kort , og ikkje minst lange brev med gjennomsiktig
vindauga, der mottakaren stod. Det betydde rekningar.
Vi samla det saman, la det i nettet eller veska, og tok på heimvegen. Dagens høgdepunkt, å gå til dampen, var over,.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar