Martha Hagesæter


Det er med litt beven eg skriv dette innlegget, for det er ikkje lett å skrive om ei du har levd så nær. Men så er det blogg, mitt subjektive minne om mor mi, slik eg hugsar det. Ho fortener litt meir omtale.
Mor hadde altså vorte Martha Hagesæter, og budde i eit nytt hus i Lunddalen på Leiknes, med god utsikt over Leiknesdalen. Ho var heimeverande, men sydde for folk den første tida ho var gift. Far prøvde å arbeide opp eit firma som dreiv med å skyte og bore husagrunnar, kjelder og etterkvart vegstubbar, og var såleis mykje borte. Han var driftig og flink, og fekk mykje arbeid, og framgang.
Etterkvart som borna kom, vart det meir barnestell og husarbeid på ho Martha. Ho fekk fire jenter medan dei budde i Lunddalen, og det vart mykje å gjere, med stell, pass, matlaging, klesvask og handling.
Ho sørgde også alltid for at me var fint kledd, og sydde mykje av tøyet vårt. Når ho reiste til Bergen, var ho alltid innom Kløverhuset og Sundt for å kjøpe tøy, og på Knappehuset for å kjøpe knappar, sytråd og bånd.  Til å byrja med spedde far og mor på økonomien, som alle andre, med  dyrehald, og hadde høner og gris. Så dei slutta med dyr.
Men etterkvart som tida gjekk, måtte ho føre rekneskap og moms for far, så ho tok handelsskule på korrespondanse, men ho fekk aldri gått opp til eksamen. Kunnskapen hadde ho med seg, men det vart  eit nytt vonbrot fordi ho ikkje fekk fullføre skulen no heller..
Det vart etterkvart vanskeleg å bu i Lunddalen, fordi det var bratt og dårleg veg dit, og vinters dagaen var det vanskeleg å kome opp bratte bakkar med bil og kompressor. Far kjøpte difor  tomt på Flossvik, og han bygde nytt hus der. Vi flytta dit i 1955, og mor fekk eit mykje meir lettstelt hus, med bad og vassklosett, betre vaskekjellar,  godt isolert, og med fleire hjelpemiddel. 
Men far si bedrift auka og, og ho fekk meir å gjere for han, med å skrive rekningar, anbud ,rekneskap, moms. Dei fekk to barn til, tvillingar, og det vart mykje arbeid og nattevåk, sjøl om ho hadde hushjelp  eit års tid. Ho sydde framleis ein del klede til ungane, og det hende ho tok natta til hjelp for å få plagga ferdig til rett tid.
Far sette igang med ein liten bensinstasjon, med pumper, sal av bensin, olje og rekvisita, og den som hadde hovedansvaret for den daglege drifta var mor.
Far døydde då eg var nesten 12 år, og mor miste mann, forsørgjar, kamerat, bestevenn og far til ungane, og stod at med 6 born i alderen 2-12, ei bedrift og ein bensinstasjon. Ho var då 33 år.
Det var ingen enkepensjon, men etterkvart kom det litt forsørgartillegg for borna.
Kva kunne ho gjere? Ho gav seg ikkje tid til å sørge, det veit eg, men bretta opp armane og gjekk på.
Ho beheldt firmaet ei tid, enno det var dei som stod klare til å ta over, tok førarkort for å kunne kjøre lastebilen, såg på arbeid, skreiv anbod, rekningar, rekneskap og moms. Ho hadde god hjelp av far sin trufaste medarbeidar, Alf ( Svingen) Fyllingen til det praktiske, elles hadde det nok ikkje gått.

Ein sumar  tok ho  seg også arbeid på butikken på Leiknes om sommaren, og let meg halde fortet heime. Eg laga middag til ca. kl.12, og då gjekk ho 20 minuttar heim for å ete saman med oss, og gjekk så på ettermiddagsvakt att. Då fekk ho kontakten med oss, og maset frå ein ungeflokk på 6. Korleis var det å gå på arbeid att, har eg tenkt i vaksen alder. Mykje arbeid  var det nok å ta om kvelden, sjøl om syster mi og eg tok noko av det daglege.
 Eg vart konfirmert då eg var 14, som vanleg var. Eg fekk alt eg etter den tids skikk skulle ha, kjole, sko, kåpe, veske,  paraply, salmebok med gullskrift, og meir som eg ikkje hugsar. Alt vart kjøpt inn på bytur til Bergen. Vi hadde selskap med folk som hjelpte til på kjøkkenet.
Kor klarde ho det? Kor klarde ho det økonomisk? Eg kom meg aldri til å spørje henne om det. Det var for vanskeleg, men eg veit det må ha vore veldig tøft.
Etter kvart selde ho bedrifta etter far, og hadde att bensinstasjonen. Ho hadde vel og nokre strøjobbar, så vidt eg hugsa.
Så skulle eg ut verda, etter folkeskulen. Mor var bestemt: Eg skulle få den sjangsen ho ikkje fekk. Eg skulle gå realskulen!  Eg var på opptaksprøve i Alversund, kom inn, og mor sørgde for at eg fekk bu på gjestgjeveri i Alverstraumen, der eg fekk maten i vekene.  Ho hadde høyrt altfor mange vonde historiar om korleis det gjekk med 14-åringar som budde på hybel og stellte seg sjøl. Om ikkje ho eller Svingen kunne hente meg på Kleivdal lørdagane når eg reiste heim,, så bestelte ho drosje. Men det kosta pengar. Kvar tok ho dei frå?
Det var  ein del friarar. Mor var ung, og det var fleire som forsøkte å vinna hjarta hennar. Vi ungane var ikkje så begeistra for alle. Det var både bønder og enkjemenn, og vi ynskte ikkje at nokon skulle ta plassen til far.
Vestnorsk Brunnboring bora etter vatn til den nye skulen på Leiknes.. - Han Sigmund skal ha bensin, kom tvillingane inn og sa til mor. Slik vart mor og han kjende, og han vann etterkvart  hjarta hennar, og tok seks ungar på kjøpet!




Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar