Likestilling i leikekroken?


Du var fødd gut eller jente. Gutane var nok litt meir verd, sjøl om alle som hadde barn sa at alle var like verdifulle, så var det ein del val som var kjønnsbestemte. . Mange gjekk ut i arbeid etter konfirmasjonen, og yrka var kjønnsbestemte. Kvinner kunne ikkje bli prestar, gå inn i det militære og eg veit ikkje om dei var offiserar på båtar. Gutane tok utdanning, og om jentene tok det same, så var den kortare, for dei skulle jo gifte seg likevel.  Kvinnene sitt verde låg i å vere mor og kone, og vere dyktig med det huslege, kunne strikke og sy og ta seg av borna.
Men kvinner vart lærarinner, telegrafistinner, sykepleiersker, butikkdamer og arbeidde i industrien. Ofte var det skilnad på yrkestittel, der yrka kvinnene deltok i i hadde kvinnenamn,  og på løn, der kvinner fekk mindre betalt enn menn for same arbeid.
Jentet gjekk kledd i skjørt. Dei hadde kåper og huver, vesker og hanskar. Dei mest fremmelige hadde bukser på kvardagane frå midten av 50-talet, men til fest var det skjørt, sløyfe i håret og pensko, for jentene.
Ungane spegla av samfunnet. Det var kjønnsdeling på mange område.

Vi fekk jenteleikar, og hadde dokker, koppestell og  gjorde handarbeid , medan gutane leika med bilar, hadde kniv, leika politi og røvar og dreiv med sløyd. Dei brukte øks og sag, medan me vaska opp og laga mat.


I jenteleiken leika vi rolleleikar med mor , far og barn, og hadde ikkje vi ein mannleg lillebror til farsarbeidet, så var det ei jente som gjekk på arbeid og kom heim til ferdig middag, medan mor styrte heime, stellte dokker, laga mat, vaska klede og tok seg av heimen. Her var det den eldstejenta  som spela mor, og hadde den mest betydningsfulle rolla.
På skulen sat me rekkevis på gute- og jenterekkjer, og om me leika i lag, var det og gute- og jenteleikar, og me vaska hendene før maten, gutar for seg og jenter for seg.  Ein måtte passa seg for gutelus og jentelus.
  

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar