Rikstelefon





Det var og rikstelefon i det vesle postbygget. Det var  ein glugge, der du kunne bestelle rikstelefon. Innanfor  var det ein liten sentral, der dei sette samtalane over om ein skulle snakke med nokon, anten i bygda eller den store verda.
Hadde du telefon, var det som oftast var fleire på linja, og desse hadde ulike signal, eit langt, eller to lange og ein kort, forat det skulle vera forskjell når dei vart oppringte. Men det hende ein tok av røret, og høyrde andre snakka saman på linja.  Det vart rekna som lite fint å lytte, men særleg dei som delte linje med nysgjerrige, kunne nok koma ut for dette.

Vi hadde denne telefonen 

Skulle du snakke med nokon frå andre bygder, eller i Bergen, var det omstendeleg. Du ringte og bestillte samtalen på den lokale stasjonen, og dei måtte så ringe til den den stasjonen det galdt, som så måtte ringe opp abbonnenten du skulle snakke med, og så måtte dei vente på linja mens du vart ringt opp att. Men å ringe var dyrt, så du ringte ikkje rikssamtale utan at du var nøydd til det.     
Sentral omtrent som på Leiknes.                             Ein litt større sentral, kanskje Bergen?

I tettbygde strok vart det etterkvart telefonkioskar. Der var det myntapparat, og hadde du myntar, kunne du etterkvart bruke dei, og då eg gjekk på gymnaset, kunne eg bruke dei til å tinge heim.Kronestykka fall fortare ned etter lenger avstand det var, og hadde du for lite, vart samtalen broten. Då måtte du ut og veksle pengar , om du skulle samtale vidare. Det hende at eg var så fattig at eg panta mjølkeflasker for å kunne ringe. Elles kunne du gå til rikstelefonstasjonen og ringe på overføring. Då sa mottakar ja til å betale samtalen. Det var ei god løysing for fattige skuleelevar.

                                                                             
På rikstelefonstasjonen kunne du bestille festelegram, som du sende til konfirmantar, til bryllupspar og til runde dagar. Dei var så levert ut gjennom posten, eller direkte til mottakaren. Det var og vanleg å sende telegram med beskjedar frå sjøfolk og andre som var langt vekke, eller andre som hadde beskjedar som måtte  raskt fram. Mottakaren fekk då telegrammet utlevert heime hjå seg.
                                                                                                                 

Dette vesle posthuset hadde ei lita leiligheit, med kjøkkenkrok og stove med soveplass. Opphavleg var det vel hybelen til postopnerska, men etterkvart  overnatta dei der når dei hadde nattevakt eller det var dårleg ver. Men i den første tida var det ingen nattevakt.  Post og telefon stengde 19.30, og endå tidlegare laurdag. Søndag var det stengt. Då var det ingen der. Trengte du telefon da, måtte du først dra dit postopnaren budde, og tørne ho ut, og så gjekk ho til stasjonen og syrgde for at  du fekk kontakt med lækjar eller jordmor, som var dei vanlegaste folk trengte til .


 Telefonlinene kunne vera i ustand. Tre kunne blåsa over dei då som no. Lynet kunne slå ned, eller trådane kunne falle eller bli øydelagde. Då var det ingen kontakt med omverda før linjenettet var reparert. Ein kunne ikkje berre koble over til eiin annan satelitt om noko gjekk gale.


Eg var leikekamerat med Dagny, ei av døtrene til Margit, den andre postopnaren. Ho var av og til med mor si på jobb, eller gjekk frå skulen og dit når mor hennar hadde kveldsvakt. Det hende eg besøkte henne. Me leika ute og inne, sprang over rinnane og nede i fjæra, og leika inne i den ørversle leiligheita. Det var stas å vere der, litt annleis enn i ein  vanleg heim.
No er rikstelefonstasjonen historie. Vi kan ringe heimanfrå, til alle tider, til alle stader. Telefonlinene trengs ikkje lenger, for satelittane har teke over.


                                                                                                      





Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar