Livberging , småindustri og meir pengehushald


Etter krigen skulle landet gjenreisast. Det gjekk betre, det vart meir mat i butikken, og folk kunne selja den maten dei produserte. Tyskjen skulle ikkje ha noko lenger. Det vart mindre og mindre bruk for rasjoneringskort, og både mat og klede kunne etterkvart kjøpast utan merke. Eg hugsar mor klypte merke, og at gleda var stor når det etterkvart vart slutt på å bruke dei.

Naturalhushaldet minka,  og folk kjøpte meir og meir av det dei hadde bruk for. Men til det trongs det pengar. Mange dreiv med attåtnæringar og småindustri for å skaffe seg nokre kroner ekstra. Av og til gav industrien arbeid til fleire, før olja og høge lønningar tok knekken på verksemdene.
Eg fekk høyra at Martin på Flossvika og ein til arbeidde tresko i kjellaren vår like etter krigen, og far selde skorne  for dei. Tresko vart nytta når du var ute heime, medan lærsko og gummistøvlar var meir vanleg når du gjekk ut blant folk.
Nokre fiska og selde det dei ikkje trong sjølve. Du kunne gå på kaia og kjøpe deg eit  knippe fisk, eller folk kom på dørene og selde eller gav bort-

På Mundal var det garveri, og dit kom dei med skinn for å få dei beredd, for mange slakta heime i den tida. Eg synest å hugsa at dei borda dampen når det var mykje skinn som skulle hentast eller sendast, for dei hadde kundar frå heile Osterfjorden.
Onkelen min, han Bjarne malte både  bilete og hus.. Bileta pryda veggene både på Hjelmås og Leiknes, og kanhenda vidare og. Han malte også fleire hus, sjøl om han arbeidde på skofabrikken på Hjelmås.
Nokre kvinner strikka og selde til butikkar i Bergen, og Helga Bjørsvik kjøpte strikkemaskin og strikka mangt eit ullplagg. Mor kjøpte mange ullplagg hjå henne. Vi ungane lika ikkje så godt ullstrømpebuksene, for dei klødde. Men gode og varme var dei. Mor sydde for andre den første tida etterat ho var gift, og laga ein del kjolar, eller sydde om. Det var ikkje så mykje nytt tøy å få kjøpt like etter krigen.
I Haukåsen tok han Otto til å køyre lastebil, og frakte for andre. Det var langt til bydn, og INDL hadde ikke vareruter enno, så han henta ein del i byen for andre. Han vart leigd inn av vegvesenet, og han køyrde sand, materialar , sauer og kva det elles måtte vera

Det kom kiosk på Leiknes på byrjinga av 60-talet. Ei lita bu der du kunne kjøpe brus, pølser i brød med det framanarta namnet hot dog, snop og is.  Ein samlingstad for ungdommane. Sume kom til fots, andre på sykkel eller moped. Ja, ein og annan gamal bil vart etterkvart å sjå der, og sjåføren var nokså populær, for bilturar var enno sjeldne. Men kiosken gjekk godt nokre år, og skapte ei lita inntekt for ho som eigde han.
Kunne dette vore laga på Hjelmås?

.På Hjelmås var det i etterkrigstida to møbelfabrikkar, som begge sysselsette nokre mann.  Det var mølle i Sauvågen, som den gong ikkje hadde anna enn kjerreveg, men så lenge folk enno sådde korn, måtte dei einstad mala.
Mange gardar hadde smier. Dei smidde til seg sjølv, og om naboane trengte litt hjelp.

. Nedanfor han bestefar, i Kalvatre var det skomakar. Han hadde innreidd verkstad i kjellaren, og sat og vølte sko, for det meste, i mi tid. Men sko var dyrt, og det var ikkje snakk om å kaste sko som hadde fenge hol på solen, eller om hælane på pumpsen var skeive. Nei, då var det til skomakaren for å få halv- og heilsåling, og så var skoen brukande nokre sesongar til. Eg har nemnt skofabrikken i Hedlesneset, som laga Raffar, ei slags kloggar,  og eg trur og dei laga aurlandssko ei stund. I alle høve selde dei desse skorne.
Det var mekanisk verkstad der dei vølte skipsmotorar, og overhalte små skip, og eg trur dei etterkvart bygde skip der og.

 Bestefar min hadde sagbruk, der folk kom og fekk saga tømmer til heimebruk, og det var både kafe og bakeri i Petersburg, husværet bestefar hadde bygd, og som elles hadde fire leiligheiter som han leigde ut for nokre kroner.

Far dreiv som entrepenør, og bora etter vatn , skaut ut husagrunnar og laga vegar. alt dette var det bruk for, i ei tid då økonomien vart betre, og folk la inn vatn i husa, bygde nytt og vegane vart fleire og betre. Nye stader vart knytt saman med vegar, og fjorden var ikkje lenger så viktig for samferdsla.
Me fekk bensinstasjon, som me hadde eit tiår, og selde bensin, olje og rekvisita.
Det var sikkert fleire som spedde på inntekta si med handarbeid og småindustri.Så kom olja, lønningane auka, og andre land kunne produsere billigare. Det står mange tomme hus att, der det før var arbeid og liv. Den nye tida tok over.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar