Dokker


Den første dokka mi sydde mor kroppen til. Ho hadde kjøpt celloidhovud, og armar og bein av det same. Dokka hadde hår som var måla på celloiden, og hadde blå påmåla auge og raud munn. Halsen var også av celloluid, og i han var det hol der hovudet var festa til bolen med sytråd.
Ho fekk rikeleg med klede, for mor sydde, hekla  og strikka til henne. Ho hadde kjolar og huver, strikkekjole og huve, labbar og strømpar, ja til og med sko. Far laga seng til henne, og mor sydde sengklede. Senga vart flytta frå soverom, til stova, og var med ute når det var ver til det.

Kva ho heitte, hugsa eg ikkje. Truleg skifta ho namn, ettersom vakre namn dukka opp, eller ein kalla opp att betydningsfulle personar.
Dokka var viktig i rolleleiken, og når eg fekk veslesyster, vart dokka mi vaska og kledd på, og mata og stellt.
Eg var kty av dokka mi, og viste henne fram til alle som kom på besøk. Alle skrytte, utanom nokre ungdommar som ikkje skjøna at dette var verdas 8. underverk. Eg kjenner enno kor vonbroten eg vart over at dei neglisjerte den viktigaste leikesaken min.

Då eg var 6 år fekk eg dokkevogn. Søskenbarnet mitt hadde raud vogn laga av tre, og med raud kalesje. Eg hadde misunt henne ei tid, der ho gjekk tur på vegen med dokke og vogn, og eg måtte bera "ungen min" på armen.

Så kom jula, og då pakkene var delte ut, måtte far ut ein tur. Han kom inn att , og bar med seg ei splitter ny dokkevogn, med regnteppe og kalesje som kunne faldast saman. Mor hadde sydd nye sengeklede, og dokka passa akkurat oppi. Dokka hadde fått nye klede, og eg leika med henne til eg sovna. Vogna stod ved senga, og eg kika på ho og på dokka oppi.
Dagen etter vart ho teke med på spaserturen, og eg drog henne over bjørkerøter og stein bort til bestemor. Ho måtte få sjå!
                                                 Mor sydde og hekla klede til gummidokka og.

Seinare fekk syster mi og eg gummidokker, dokker med babyfjes som var av berre gummi. Fargen på augnebryn, auge og munn vart etterkvart borte, men med fargestifter vart dokka som ny. Lukka var stor, og me kunne leika i timevis med " ungane våre", og gjekk inn i rolla som mødre med liv og lyst.
Me vaska og kledde på, gjekk tur og mata. Dei var ulydige , og fekk refs, dei sov middag og gjekk på potta, og dei var med ute.  Onkelen min var og med på leiken med som far, og reiste på arbeid, og kom heim att til ferdig middag. Men når kameratane hans kom, så forsvann han fort til politi og røvar, og andre guteinspirerte leikar.

Me høyrde om  dokkker som kom frå Amerika. Dei var  over ein meter høge, og kunne gå, snakke og når du gav dei drikke gjennom tåteflaske så tissa dei på seg
Dokkene fekk nye heimesydde klede rett som det var.Vi fekk nye dokker, som og vart med i leiken., så både kjernefamilien og dokkefamilien auka. Men dei eg har tala om, var yndlingsdokkene våre.

.Søskenbarnet mitt fekk babydokke som kunne drikke av tåteflaske og så tissa ho på seg .Å du vedunder, me valfarta for å sjå og leike saman med ho som hadde eit slikt mirakel av ei leike!.


Då eg var for stor til å leike med dokker, fekk systrene mine Annedokker med auge som kunne opna seg og lata seg att. Eg var misunneleg, sjøl om eg var for stor, og ikkje let meg merke med det.

.

                                                                  Litt yngre utgåve

Dokker går ikkje av moten. Dei endrar form, farge og utviklar seg.  Men dei har ein plass i rolleleiken enno.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar