Avleggarar


Ein avleggar kunne vere avkommmet, ungen, barnet, etterkommar, poden eller gutten. Det kunne være babyen, gullungen, nurket, familerforøkelsen, ein venta eller  tenåringen .  Ja, ein avleggar var så mangt..
Eg skal skrive litt om avleggarane som me sette i vindaugskarmen for å pynte opp stua, særleg om vinteren.
For det var sjeldan ein kjøpte blomar.  Det fanns vel ikkje gartneri før ein nærma seg bydn, og planteskule var det vel heller ikkje i bygdene på nordsida av Osterfjorden, det eg veit. Dei selde plantar på torget og i blomsterforretningar, men for oss på landsbygda var det sjeldan me var innom desse.

Men bestemor fekk blomar på 50-årsdagen, for då hugsar eg det stod fleire store blå og kvite hortensiar i stova hennar, som ho hadde fått i gåve. Me ungane syntes dei var vakre og uvanlege.
Skulle du ha deg potteplantar, var den vanlegaste måten å skaffe seg dei på  å ta avleggarar. Dei skulle du helst ta når ingen såg, for då vaks dei best, sa mor. Men eg veit ikkje anna enn at dei fleste ho fekk tak i, spurde ho om å få.
Avleggarane vart sett i ein hankelaus kopp i kjøkkenvindauget, og skift vatn på med jevne mellomrom til dei røta seg. Me ungane fylgde med på det, og visste at utan røter, ingen blomst.
Så var det ut å finne blomsterjord. Dei fleste hadde så stor tomt at det ikkje var noko problem, men jorda skulle vere god og feit om ein skulle setja blomar i ho. Mor hadde eit par stader der ho gjekk for å finne skikkeleg blomsterjord.

Pottene var av steintøy eller leire og stod i kjellaren, der dei var sett etterat ei eller anna plante hadde visna, av for mykje eller for lite vatn, av for mykje eller for lite sol. Under pottene sette ein tefata frå dei koppane som var knust. Så kom dei til nytte , og. Nokre brukte hermetikkboksar etter Bjellands fiskebollar, som dei gjerne sveipte litt farga krepppapir rundt.
Så vart avleggaren planta, og sett på ein sollys eller halvskugge plass i vindauget, alt etter anbefalingane frå eigaren av morplanten. I min yngste barndom fekk dei gjødning frå utblanda møk, seinare vart det kjøpt inn Substral og andre kunstige næringstoff. Nokre husmødre  svor til kaffigrut, og kunne vise til gode resultat når dei brukte det.

Geranium var ein populær plante, anten han var raud, ljoseraud eller kvit. Han var viljug, og lett seg lett formere ved å knipe av skot på planten. Det var ikkje få av den planten i vindaugo bortetter.
Vandrande jøde var ein annan vekseviljug plante, ein eføy som voks både i lengd og breidd om han fekk ro, og som ikkje var så nøye korkje på sol eller vatn. Seinare, då eg flytte på hybel, hadde eg mange av den sorten. Det var litt moro å sjå kor mange ein fekk! Til slutt vart mengda så omfattande at eg måtte kaste ein del for å få plass sjølv.

Grøne renner med små kvite blomar var og populære, og du kunne få mange av dei, om du ville setje ned nye skot.

Betlehemsstjerne var rekna som ein litt vanskeleg blomst, og treivst best i sydvendt vindauga. Ein tok stiklingar, og for oss ungane var det kjekt med namnet, som minna oss om jul og Jesusbarnet, og stjerna som skein og viste veg til stallen. Me reflekterte ikkje så mykje over at blomen hadde mange stjerner.

Flittiglise, var som namnet sa ein voksterviljug blome som straks vaks seg stor og fin, og som viljug kunne formere seg.  Som unge var det moro med jentenamn på planten, og med eit så positivt navn, ein arbeidssom plante, akkurat som vi fekk beskjed på å vere, flittig med lekser, handarbeid og andre huslege sysler. Denne planten stod også i dei fleste hus eg var inni under oppveksten.

Mor fekk seg ein gong ein Callaavleggar frå ei tante. Det var ein liljeplante som  vaks seg til, og hadde kvite sylinderforma blomar. Men det som var så fantastisk med nett den blomen var at det draup frå blada når det skulle bli regnver. Vi ungane slutta aldri å forundre oss over at blomen kunne vita veret, og måtte bort med handa for å fange dråpane på blomen. Han var elles giftig, så me fekk beskjed om å vera forsiktig, noko me sjølvsagt var.
Kvar vår vart det bytt jord på plantane. Anten tok ein dei ut i fri luft, eller arbeidde på kjøkkenet med avispapir og bidne for ny og gamal jord. Nye potter til dei plantane som hadde vokse, eit par avleggjarar i den hankelause koppen i kjøkkenvindauget, og livsens formering heldt fram.
(No lærte eg da eg dreiv research på dette temaet, at avleggar er det vi kallar stikling, og avleggar er det du set rett i jorda, som for eksempel ein jordbærplanteskudd. Men eg brukar ordet avleggar slik som me gjorde då me var små).
I dag er blomar  bruk og kast. Det er ikkje så nøye om nokre av dei stryk med, for det finns nye i daglegvarehandelen , på bensinstasjonen og på Blomsterhjørnet. Vatnar vi feil, eller får dei for mykje eller lite sol, er det berre å kjøpe ein ny. Vi samlar tomme blomsterpotter, til me ein dag ser kor mange vi har, og kastar 20-30 om gongen.
Når sette du sist ned ein avleggar i blomsterpotte?

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar