Kranselag

 Når nyhuset var under tett tak var det vanleg med kranselag.  
Då me bygde på Flossvik, og taket var kome på bygget,  sette dei opp ei busk i mønet på huset. 



Byggjarane venta seg då ei påskjønning, ofte dram eller eit måltid mat. Kva far gjorde veit eg ikkje, men eg trur han betalte arbeidarane litt ekstra, for mor hadde lite barn, og hadde ikkje tid til så mykje utanom.dagleg stell.  .
 Men eg veit dei vaksne snakka om at kristne og avhaldsfolk hadde problemer med kranseskåla.
 Nokre betalte seg ut, eller spanderte rømmegraut på arbeidarane i staden., slik at dei skulle vera nøgde.
Som takk kom det opp ein krans eller eit norsk flagg på mønet. Rett som det var når eg var ute og køyrde, såg eg  flagg på nybygg som hadde kome under tak.

Men det hende og at gnitne folk forsøkte å unngå kranselaget. Arbeidsfolket syntest det var snipleg at ikkje arbeidet deira vart sett pris på. Dei hengde dåopp ein fillemann på mønet, til spott og spe for byggherren. 
I dag er det helst større byggherrar som har kranselag. Dei spanderer eit måltid mat på arbeidarane og andre som kan gje dei god PR, og brukar også høvet til å vise journalistar rundt , så dei kan sjå bygget og skrive om bedrifta.
Bileta er illustrasjonsfoto.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar