Sidl å pote


Vi likte at det kom sild på bordet på vinteren. Vel var det mykje bein,  noko som vi ungane syntes var noko herk, men vi lærde oss fort å reinska bort det grøvste, og svelgde resten. Ingen mukka fordi det var sild på bordet. Det var sundt og godt! Vi lærde det på skulen, om korleis sild og pote hadde vore sikringskost i dei harde 30-åra. Dei svalt ikkje, som hadde ei tønna spekesild i kjellaren og ein potetåker attåt.











Vi hadde sild på bordet gjennom heile året. Men det var noko spesielt med storsilda, som kom inn kom inn til norskekysten for å gyta på ettervinteren. Då var sildefisket i gang etter heile kysten.  Fleire skøyter frå Hjelmås og Leiknes var med på sildefisket på 50- talet, og kunne gjera det godt i gode år. Dei kom heim att, og mannskapet hadde fenge god lott. Dei var lenge borte, og vi ungane syntes det var eksotisk.  Melding om fiske, dei obligatoriske 5 minuttane om fiske og fangst sende NRK kvar dag, og den monotone røysta messa fram kor mykje som var fanga, til glede for spesielt interesserte.

Silda  var på mange middagsbord i sesongen. Ho  var stor og feit, og hadde rogn og mjølke, som også vart nytta som middagsmat. Skjela måtte skrapast av før ein laga henne til. Steikt sild med rogn var ein delikatesse, og me gledde oss til det.

Silda vart elles servert kokt, eller me  koka henne med eddik, laurbærblad og heil pepar, og la ho stå i laken til neste dag. I kjellaren, sjølvsagt, for me hadde ikkje kjøleskap.
Silda kunne også saltast lett, og så vart noko av saltet skylt av, og kokt.
Onkel Ingebjørn, som hadde fiskehandel, røykte og tørka silda, og selde ho på fiskebilane sine.
Han laga og spekesild, som var ein delikatesse. Ho måtte vatnast ut ca. eit døgn, og så åt me ho på flatbrød, saman med nykokte poteter og og løk. Nydeleg!

På sommaren vart det fiska brisling. Småsild, som me kalla ho.  Vi koka ho, reinska henne ved bordet, men dei mest hardbarka av oss åt det meste av beina.

Sardiner var liten brisling på boks. Dei kunne du få i olje og tomat, og var rekna som helgepålegg. Onkel Kåre frakta sardiner frå hermetikkfabrikken Norwegian Preserving  i Bjørsvik til store delar av Vestlandet, og det hende me fekk nokre boksar i metall, og utan papiretikett  rundt. Men innhaldet var ekte King Oscar likevel!

Sursild laga me sjøl. Me vatna ut og reinska silda, skar opp løk i ringar, og kokte opp lake av eddik og pepar. Dette slo vi over silda og løken, og let det stå til dagen etterpå. Det var godt og næringsrikt pålegg på brødskiva.

Til jul hadde vi ansjos, brisling lagt i lake. Han kom i same boksane som i dag, men var ikkje reinska. Du måtte reinske skinnet av, ta  ut innmaten, og ta av hovudet.  Han åt me på brødskiva saman med kokt egg.  Det var ofte servert i  juleselskap og på julefestar.
Silda var sikringskost, og metta mange munnar i min barndom.
( inspirert av reportasjen om "Liv og Lyst gjengen på Hjelmås som fanga sild.)

                                                             (Ill foto)










Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar