- Om litt er kaffen klar.


Kjem dei ikke med fløyten snart? Eg var på julefest på ungdomshuset, og under matserveringa varde det og rakk før fløytemugga kom på bordet. Så drakk eg kaffien svart for første gong.Han smaka ikke så verst, så etter det har eg drukke kaffien svart i nesten 60 år. No brukar eg vanlegvis ikkje meir enn 3-5 koppar for dagen, noko som er godt innafor normalen. Unntaket har vore når eg skulle halda meg vaken, eller lese til eksamen. 
Kor som er, eg har som dei fleste andre med  forbruket mitt, fått i meg 60 % av antioksydantane eg treng gjennom kaffikoppen. Ekspertane seier at det har hundra betennelsar og innflamasjon i kroppen.  Så no veit vi det!
Kaffien me brukte då eg var liten, var sjølvsagt kokekaffi, grovmalen kaffi som høvde til å ha i det kokande vatnet, og så la han trekke nokre minuttar slik at gruten sokk til botnar før ein drakk av han. 

Bestemor hadde kaffikvern der ho mala kaffien, og for oss ungane var det moro å prøve å dra sveiva rundt, og å kjenne den gode lukta av nymala kaffi.

Mor, derimot,  kjøpte kaffien på handelslaget, og der hadde dei kaffi i ei skuff, og  tømde han opp i ei elektrisk kvern som mol, men den same gode angen av nymåla kaffi breidde seg i rommet.
Når ho mor  var i byen, hende det at ho var innom Friele sitt kaffiutsalg i Kong Oskars gate og kjøpte ei merk (250g) nybrendt kaffi. Då hadde ho seg ei god stund heime, og nytte den beste kaffien av dei alle. Han vart elles bruka i høgtider, og når det kom folk på besøk. Skulle det vera forrening for redningslaget, serverte ho og kaffi frå Friele.

Hjå nokre stod kaffikjelen på plata på  lange delar av dagen, men det var ikkje mor så begeistra for. Ho  og veninnene hennar snakkka om garvesyra som kom når kaffien stod lenge i kjelen. Seinare har det og vore snakk om at  kokekaffien auka kolesterolet i kroppen.
Ein del av magesåra og andre sjukdommar  kom nok av mykje kaffi med mykje syre i seg.
Mange koka på gruten, og hadde berre litt ny kaffi oppi vatnet og koka opp. Mor pleidde å slå ut  den gamle gruten og koke ny kaffi.

Etterat kjelen var reingjort, fyllte ein på reint vatn, og kokte det opp. Nokre skeier kaffi oppi, og så kokte ein opp på nytt, før ein drog kjelen delvis av plata og let drikken klarne seg. 

 Arbeidsfolk hadde kaffi med seg på flasker, eller på termosflasker. Men dei sistnemde hadde lett for å knusast, og mang ein sekk fekk brune flekker frå innhaldet i ein knust  termos. Far øydela ein del slike termosar i si tid.

 Termokanner fanns ikkje, så til fint bruk hadde vi kaffekanner av porselen eller sølv. Dei hadde ofte fløytemugge og sukkerskål attåt. For å få kaffien til å halda seg, måtte ein helst ha varmt vatn på kannene først, slik at kannene var varme når ein slo kaffien oppi.

Dei fleste drakk kaffi med mjølk, eller allerhelst fløyte. Han skumma ein frå øverst på mjølka. Ho var ikke separert, så fløyten samla seg øvst. Kaffisukker var vanleg, anten kvit raffinade eller brunsukker. Nokre brukte til og med kandis. Eldre folk slo kaffi på skåla og slurpa i seg, men dei yngre tykte ikkje om det.

Kaffi drakk ein til alle brødmåltid, til fest og vyrke. Var ein kald, og kom innatt, smaka det godt med varm kaffi, sa dei vaksne
For det var drikken for vaksne folk. Ungar skulle drikke mjølk, få sterke tenner og sterk beinbygning, men me masa oss til ein og annan koppen med halvt mjølk og halvt kaffi, og kjende oss store og viktige når vi drakk det same som dei sjølvefolket.

På basarar og julefester brukte dei store kjelar. Det var ofte diskusjon om dette med å laga god kaffi, og det var dei mest betrudde som laga kaffien i slike samkomer. For kor mange koppar kaffi skulle ein bruka til den store kjelen?
På kvinneforreningar vart det servert kaffi, og det var ofte at praten gjekk ekstra livleg etter å ha fått eit par koppar innabords,  men  tungebandet på menn losna også etter 2. koppen. 

Ein pussa kjelen. Han skulle vera blank. Det var litt av husmoræra å ha ein blank kaffikjel. På 60- talet kom dei emaljerte kjelane. Dei heldt seg nesten blanke sjølv.



.I vår tid er kaffi vorte ein vanedrikk som mange drikk fleire gonger dagleg. Ein kan få kaffi på arbeidsplassar, kaféar, kaffibarar og restaurantar. Det finst òg serveringsstader for kaffikjennarar der ein tilbyr kaffisortar frå ulike delar av verda, og kaffien kan lagast på fleire svært ulike måtar. Det er vakse fram fleire store kjeder som serverer lik kaffi ulike stader i verda, slik McDonald's gjer med snøggmat. Desse vert kalla kaffibarar, og den største kjeda er amerikanske Starbucks. ( wiki)

Den grovmalte kokekaffien er berre til turbruk, og passar når ein kokar seg kaffi på skogsturar.

.Alexander Kielland sa: Varm kaffi er godt for alt og til alle tider 
Seinare vart det sagt: Lykke er aldri meir enn ein kopp kaffi unna. 
Kos deg med ein god kopp kaffi, anten av det eine eller andre slaget!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar