Kua er ikkje som andre dyr



- Dei har so fele tunger! Veslejenta med det raude håret stod under køyrebrua ved inngangen til fjøset.  Mor hennar skulle ta fjøset for mor si. Det var ikkje ofte det hende, men nettopp denne kvelden skulle mor gjera det ho hadde gjort så mange gonger i oppveksten: Stia i fjøset. Men aberet var at ho hadde ei lita jente som slett ikkje likte seg i det vesle mørke fjøset, som var lite. Stod du på forgangen måtte du rekna med at ei lang kutunge sleikte etter deg, og stod du bak kua, var mesteparten møkkarenne, og du  måtte du passe deg. Letta ei ku på rova, kunne erfarne sjå det å trekkje seg unna, slik at dei ikkje fekk skit eller urin på seg. Men eg var korkje røynd eller hadde vore i fjøset før, så dette var skremande.Kyrne rauta, dei slende med hovudet, så det var eit øredøyvande leven i det vesle  mørke rommet.
 Fjøset var som fjøs flest like etter krigen, murd opp av stein, med eit lite vindauge som slept inn dimt dagslys, og ei lyspære som dingla i taket og gav eit ljossken. Kyrne rauta, for dei ville ha stellet sitt, eg gret fordi desse uhorvelege dyra rauta, pissa og skeit, og brukte den lange tunga si for å sleikje og sleve på meg!
Mor sat ved fjøskrakken og håndmjølka i bytta, ttømde mjølka i silen i  20- literspannet, og mjølka vidare. Ho hadde hjelp av ein av onklane mine for å dra fram høy. Dei henta og vatn  frå florsbrynnen for bryne kyrne, og hjelpte til med å måka skit og piss frå mkkarenna og ned i gluggen til  møkkakjellaren under fjøset. Eg stod utanfor og hiksta, og ville ikkje inn , sjølv om infernoet der inne etterkvart stilna.

Mor vart ferdig, og me gjekk heim. Eg heldt fast i handa hennar, og ville ikkje sleppe.
Eg har aldri likt kyr sidan.. Dei er store, feite og ubereknelege. Aldri har eg hatt på meg raude klede i utmark i beitesesongen, og  gått omvegar for å sleppe å møte dei. Kattar er betre!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar