Trygg på skrivespråket

Ei gamal norskbok skaper minner







Eg sit her med ei gamal norskbok for 4. og 5. klasse . Ho er lita og ubetydeleg på utsida,og omslaget er borte.  Ho er berre 83 sider. Illustrasjonane er svart/ kvit , og ingen av dei er på meir enn ei halv side. Men for ei bok! Det er  Norskbok for folkeskulen av Henrik Søreide, som kom ut i 1953.  Når eg ser på oppgåvene i dag, verkar dei avanserte. Lærde eg alt dette om det nynorske språket allereie som 12-åring? Ikkje alle studentar kan alt dette om nynorsk i dag, og slett ikkje i Hedmark, der eg no bur. Som lærar undrar eg meg over at vi lærde så grundig og så avansert om språket så tidleg!

  På s. 60 står det til dømes om lang og stutt å-lyd. Deretter er det substantiv med lyden til innøving, og verb og adjektiv, som  skal gradbøyast.  Deretter var det vidare til arbeid med neste lydar : kj og ki- ky - kei- køy. Me skreiv orda, brukte dei i småstykke, og resultatet var at me lærde og vart trygge på skriftspråket vårt. Når me hadde skrive eit par sider, tok læraren inn bøkene, og gav oss karakter på det me hadde skrive.

Skriving


Skriving var viktig. Vi fekk vel ikkje grunngjeving for at det var slik, men viktig var det. Du skulle skrive rett, og håndskrifta di skulle vere fin, etter normen, og lett å forstå. Vi hadde slike norske skrivehefte, der det stod små stykke vi skulle skrive av med skjønnskrift frå andre klasse , og det var små øvingsoppgåver som eg har fortalt om.
,

Eit viktig fag

Norsk var viktig, saman med kristendom og rekning. Det lærde me snart. Første time var kristendom, den neste var rekning, og så var det norsk  i tredje. Ein skuledag der ein visste kva som skulle hende.. Norsk hadde to delar, lesing og skriving. I lesing las du høgt frå leseboka, den eine etter den andre. Vi samtala litt om innhaldet, og forfattaren, og var det ein song som hadde tone, song me han.

Vi hadde og diktat, der læraren las opp eit lite stykke, setning for setning, og vi skreiv ned. Vi lærde oss til å høyre kvar det var komma, og korleis vi skulle skrive ord med stum d og om det var enkel eller dobbel konsonant. Etterkvart vart det automatisert hjå dei som ikkje hadde leseog skrivevanskar. Læraren retta, eller vi bytte bøker og retta for kvarandre.

Attforteljing var vanleg i dei høgste klassane. Då les læraren ei lita historie to gonger, og så skulle vi skrive etter minnet. Det var vanskeleg å hugse alle detaljar, men ei nyttig øving i å hugse.

Stilskriving- fantasifullt og morosamt

Rosina i pølsa var likevel stilen.

Den første eg skreiv var  allereide i andre klasse. Me hadde vore på vår livs ferie, til Ålesund, gjennom Gudbrandsdalen til Lillekhammer og over Måbødalen og heim att gjennom Hardanger Tokagjelet og Kvamskogen. Med spektakulær utsikt alle stader, og mange ferjer var det noko som sette seg i minnet. Eg reiste turen oppatt fleire gonger på det samanleggbare  bilkartet over Noreg som me hadde heime. Mor bretta det ut for meg på golvet, og eg fylgde riksvegar og ferjeruter frå sør til nord, frå aust vil vest på papiret.

 Så fekk eg altså mast meg til å skrive stil om storhendet. Noko stort litterært verk vart det ikkje, men to sider i kladdeboka vart det, med oppramsing av namn og ferjer .:" Så reiste me til Gudvangen og tok ferje . Deretter reiste me til Florø .."og så vidare. Eg var mektig stolt over meisterverket, og las det til alle som ville høyre.
Her er bloggen om den turen :https://www.blogger.com/blogger.g?blogID=5145840421804994256#editor/target=post;postID=7107959601118438083;onPublishedMenu=allposts;onClosedMenu=allposts;postNum=184;src=postname

I storskulen gav læraren  oss  heimeoppgåver der me skulle skrive ei forteljing, og ho trengte ikkje å vera sann i det heile. Det var lov å bruke fantasien, og leggje til hendingar du slett ikkje hadde opplevd.

Vi fekk oppgåver som Ein vårdag, Eit sommarminne og Eit dyr eg er glad i. Men det største og beste var oppgåver som Då lyset var borte, Då eg skulle stelle heime,  og  Fiskelykke.   Då kunne du verkeleg boltre deg i sannsynlege og usannsynlege hendingar om Midtgardsormen på kroken, øydelagde middagar og knuste kjøreld. Læraren las opp stilane før vi fekk dei tilbake, og han las nok litt frå det meste, for det var ein del av motiveringa å få stilen sin lese opp.  Feila vi gjorde måtte vi rette opp att, og skreiv oppatt ord med dobbelkonsonat, og /å feil og kommafeil. Vi lærde av det, og det vart færre raude merknader i innføringsboka etterkvart. For ein førde inn stilar, kom kje her!
Men fantasien blomstra, skrivehugen var stor, og me lærde å uttrykke oss på nynorsk,

Felles eksamen

I sjuande klasse hadde me eksamen i norsk .Forteljande oppgåver, og  same oppgåver for alle avgangsklassar i heile Hamre kommune. Det var ein spanande dag, der du skulle målast opp mot andre jamaldringar. Me visste me var godt førebudde, for læraren vår hadde terpa både på innhald og form. Det gjekk bra for meg, men me visste det var kappestrid mellom bygder om å ha gode resultat. Korleis det gjekk med Dalebygden våren 1960, hugsar eg ikkje. Men eg veit vi hadde fått ei god opplæring i språk og ei forteljarglede med oss på vegen.





Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar