Å lese en bok for første gang er som å finne en ny venn; å lese den for annen gang er som å gjense en gammel venn.


Som barn var eg glad i å lese. Då eg hadde knekt lesekoden, varde det ikkje lenge før lesing var den kjekaste sysla eg hadde, og mange er forteljingane om ho Britt som måtte ha med seg innhaldet  Donald, Hjemmet og Norsk Ukeblad i dei heimane ho besøkte, samsundes som ho leika. Eg valde ofte rolege rollar for å få tid til å sluke litt lesnad.

Bøker var og viktige, men dei såg annsleis ut enn i dag. Forsida hadde fargar, men det var sjeldan fargebilete inni. Anten var det svart/ kvite strekteikningar, eller fotografi utan fargar. Du måtte la fantasien råde medan du las.
Skulebiblioteket var plassert på det kombinerte lærarrommet og lageret. Nokre hyller med skjønnlitteratur og ein del faktabøker var plassert på eine veggen. Utlånsdag var ein gong i veka, men ikkje reint sjeldan maste me oss til å få låna ekstra. På våren var det innkjøpsdag for biblioteket, og læraren sytte for at dei nokre bevilga kronene frå kommunen rakk lengst mogeleg. Norsk barneblad gav i den tid ut følgjetongar som bøker, og alle dei vart kjøpte inn. Eit par vart brukt til høgtlesing i siste timen, og det var utruleg spanande å følgje Frostmoborna på deira farlege ferd gjennom skogane i Sverige etterat mor deira var døydde, eller Nils Holgersons forunderlige reise på anderyggen.
Når boka var utlesen, lånte me ho heim, og las ho ein gong til. Gode bøker kunne lesast mange gonger, og vart berre betre.
Vi lånte bøker av kvarandre, og diskuterte det me las.
Eg var så heldig at eg var grindehjente for far når han reiste til bydn, og tagg meg ofte til litt pengar. Eit besøk til Madsens bokhandel stod høgt på lista over stader eg måtte innom. Det lukta bøker, og her hadde dei glanbilete, papirdokker, skrivesaker, og ikkje minst barnebøker.

Eg fekk etterkvart bøkene om Beritungen, og den omsette serien om Milly Molly Mandy frå landsbygda i England. Spanande lesnad om kva ungar fann på, og lesne omatt og omatt. Robinson Crusoe fann vegen heim til Leiknes, og Margrethe Muntes barnesongbok. Eg og syskena mine song med umusikalske røyster om  Nei, nei, gut dette må bli slutt, Å jeg vet en sæter, Da klokka klang, og mange andre, til glede for oss sjølve, i alle fall.
Folkebibliotek hadde det vore i bygda lenge. Mor hadde ei utgåve av Snorres kongesagaer med gotisk skrift som var stempla Dalebygdens folkebibliotek. I mi tid  var det  utlån frå nokre bokkassar plassert i andre etasje på meieriet. Det var utlån ein kveld i veka, og kassane vart skifta ut med visse mellomrom. Det var vel folkebiblioteket i Hamre som distribuerte kassar til dei ulike bygdelaga i kommunen. Mange brukte biblioteket flittig, og las mykje.  Seinare vart biblioteket flytt til nyeskulen på Leiknes, og fekk vel eit eige lite rom der.

Bokbåten Epos, ( eller kanskje det var Abdullah i mi tid), kom på besøk på Leiknes kai, og me fekk fri for å gå dit og låne bøker, og eg trur det var underhaldning der også.  Så mykje bøker på ein plass! Og eg kunne berre låna nokre få!
Bøker var viktig. Det opna ei verd utanfrå, og du gjekk inn i framande univers og fekk ny kunnskap. Mykje var nok platt underhaldning, men det fanns også perler, med godt innhald og ikkje minst godt språk. Særleg bøkene i skulebiblioteket hadde godt språk, og eg fekk mat til fantasien og mine eigne skriveprosjekt. Eg las meg nok til eit betre språk, tvillaust.
I ei tid når bileta var fåe, og lysbileta på misjonsbasaren og ein og annan bygdekinofilm var den levande animasjonen du såg, då var bøkene viktige. Du såg hendingane føre deg, sette dei inn i kjende landskap eller laga nye, identifiserte deg med eller tok avstand til heltar og skurkar, og drøymde deg til fjerne stader, eksotiske omgivnader, var rik og berømt.
Kanhende er det dei positive opplevingane med bøkene som barn som gjer at eg enn i dag heller set med ned med ei bok i staden  for å sjå film?
De nyttigste bøkene er de som tvinger leseren til å tenke videre.( Voltaire)

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar