Heil og rein

Du skulle vera rein når du gjekk nokon stad.
Leiken kunne gå, og du var både i sanddungen, klatra i tre og åla  deg gjennom graset. Men skulle du å handle, til dampen, på skulen eller kor som helst utanfor heimen, var parolen: rein i ansiktet, rein på hendene og rein i kleda.

Når vi kom inn til måls, måtte me på badet og vaske hendene. Me var ikkje store før me lærte at rein, det var å vaske hendene både i håndloven og på ryggen. Kom me til bords, og ei lita skiten hand strekte seg etter fisken eller flatbrødet, så var det marsj ut på badet og vaske seg med såpe og vatn.
Far hadde arbeid som gjorde at han var skiten på hendene, skiten i ansiktet og på kleda. Han bytte ikkje før han kom til bords, men tok av seg kjeledressen, og vaska seg ein kattevask. Men han sleit med å bli rein på hendene, og skulle han ut på noko særs, så var det brukt både såpe, terpentin og andre hjelpemiddel for å få bort arbeidsfargen frå hendene.

Mor og far fekk nesten andenaud då den nye moten kom med holete olabukser. - Slikt gjekk jo ikkje an!. Kleda skulle vera reine og heile. Det hadde vore barnelærdom i alle generasjonar.  Du kunne ha bøter på plagga, men ikkje hol.

 Så mor bøtte bukser, sette på lappar både ein og to gonger. Ho  hadde alltid ein haug med arbeidsbukser som skulle bøtast for far, og klede som me ungane hadde slite hol på. Lappane skulle passe til plagget, for det var ikkje vanleg med kontrastfargar, som i dag. men ei bot av det opphavlege tøyet  var vel brukande. Du kunne gå både på skulen og til dampen med kledeplagg som hadde bøter.

Trøyer og gensarar, sokkar, labbar og vottar av ull var vanleg.  Dei vart slitte og holute, og då måtte stoppenåla fram. På biletet ser du korleis eit hull skulle stoppast, der du først avgrensa holet, laga hjelpetrådar, og så stoppa du til slutt.

 Leistar og vottar vart bøtte, og hol på gensararmane vart ofte stoppa. Det var ikkje skam å ha bøtte klede, men det var skam å gå med holete tøy. så mor hadde ei stor stoppekorg og både ho og hushjelpa bøtte når det var ei stund, og etterkart lærde ho opp døtrene til å vøle sitt eige ulltøy.

  Riktig fine plagg laga du kunstsaum på. Då tok du ut trådar, og stoppa dei inn att, slik at det nesten ikkje viste at det var reparert. På skulen lærde ein å sy bøter, og under er eit eksempel på ein slik duk der nokon har øvd på ulike typar bøter.
I vår bruk og kasttid, der vi kastar tøyet i staden for å reparere, og nokre kan synast det er stas å gå med hol i kleda både her og der, så bør vi hugsa at slik har det ikkje alltid vore.
Det var ei tid etter krigen då det var mangel på tekstilar, og ein hadde ikkje råd til å kjøpe nytt. så måtte ein ta vare på det ein hadde, og stoppe og bøte. 
Men heil og rein, det skulle ein likevel vera!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar