Farvel med gamlelandet


Norskamerikanaren har no sine siste veker i Noreg.
" Eg tok min sidste tur oppover dalen,so longt som til Pipervannet den lørdag ettermiddag, og va so heldig å få nokre gode bilder av vatnet og landet rundt om det. Deriblant bilde av vannliljerne"
Rasmus Lakness er no i ferd med å vende nasen heimover til California.

Men først er han og broren til gudsteneste i Midtgard interrimskapell, som vart teke i bruk nettopp denne sundagen. Han treffer enno fleire slektningar, og omtalar den vesle kirkeklokka som kimte i Dalebygden for første gong. Han ynskjer at klokka skal kime for nye generasjonar, og at dei skal halde fram og samlast der i" da bedehus som står i den naturskjønne dal, so fager at, i forfatterens or " ein kan injensta venare sjå".
Men før dette har dei siste tre vekene også vore eit einaste stort gjestebod med besøk hos slekt og vener. Han var i Naustddalen, hjå tanta si ,  ho Maria. Han hadde vore i bryllupet hennar like før han drog til Amerika. No var slekta samla, og dei hadde ein triveleg kveld. Ekstra fint for han var at dei rodde tilbake, gjennom sundet han hugsa frå barndommen sin.

Så skulle dei besøke familien på Seim. Brua over Leiknesvågen var ikkje komen, men dei hadde bestelte bil,sannsynlegvis frå Lindås eller Seim, gjekk over marka, møtte drosjen  og reiste vidare den gamle kongevegen  over Sjauset og gjennom gamle Furubergtunnellen. Inga Spurkeland var tremenningen hans. I våre dagar veit ein vel ikkje kven tremenningane  er, men på den tid var det tjukkaste slekta. Dei blir  traktert, og besøkjer borna hennar  Inga  og Lorents som har farsgarden, og får tid til å besøkje enno ein slektning på Vatne før den bestellte bilen kom, og dei returnerte til Dalebygden.
Han besøkjer " dei på Kleiva" og gjer seg sine betraktningar om klyngetunet som stod der i byrjinga av 1800- talet, der Arthur på Kleiva på ein særleg måte representerer kontakten med det forgangne. Dei vart servert raudddravle, og prata om laust og fast til det var tidleg morgon. " Fjoren låg so pen og stille nere ved dal openingen dar den, so og seia, gjenspeilet alt da godhjerta av den kvellen."
Fjorden frå ein annan vinkel

Han besøkjer ei kusine på Reigstad , sør om fjorden, i nærleiken av Valestrand, der Ole Bull hadde heimen sin. Han treffer andre slektningar, og tek drosje til Hamre, og reiser attende til Leiknes med motorbåt, og han set stor pris naturopplevinga på turen. Som så ofte siterer han ein songstrofe, denne gongen frå "Nordmannen" av Ivar Aasen. Han kunne sine klassikarar, om han hadde vore borte frå gamlelandet i 40 år.

Så  besøkjer han  sin gamle klassekamerat, Hans Øfstegard på nytt, og har ein uforgløymeleg ettermiddag der, og er same kvelden på vitjing hjå  foreldra mine. Han skryt av dei, av servering og at dei er så " jille" å vera saman med. Han skryt av huset far min  har bygd på fristundene sine, og at mor var ei flink syerske, og far min som var flink med alt masjineri, både finmekanikk og grovmekanikk.
Han og broren ror til Hjelmås til tanta mi, ho Ingrid.  Der vert dei servert nysalta torsk, med mjølne poteter og kling, noko han berømmer, for han hadde ikkje fått det før på Norgesturen sin.
Dei ror innom Hillesvåg Ullvarefabrikk på turen heim og helser på styrarane Anton og Martin Myhr. Rasmus hadde arbeidd  på fabrikken  som unggut,då far deira levde, ein gong mellom 1898 og 1904." Eg va soleis gla at eg kunne koma att som Amerikanar på tur."

Han besøker ulike slektningar i Bergensområdet, og fortel frå besøka der. Alle stader han er, fortel han om kven som ar der, kva han vart servert, kor godt det var å vere der, skryter av vertskapet, og ynskjer dei alt godt vidare i livet.

Så kom tida for å ta farvel: " Den søndag, den 8. august, ba eg fødelannet mit farvel i mit hjerte og tilbrakte ettermiddagen i stilheit i barndomsheimen. Fem dagar seinare ville eg ha min 64te fødselsdag. Soleis ville ein annen tur, heile veien ifrå California, te Norge bli både for anstrengende og for kostbar".
Han er takksam for all hjelp han fekk, og nemner denne gongen  særleg tanta mi, ho Bjørg for at ho hjelper mor si, og har gått han til hånde, og syrgde for varmt vatn til barbering og vask, sjølv om ho måtte vente med eige arbeid.

Han reiste med dampbåt til Bergen saman med bror sin og kona, og dei overnatta på Skansen, hjå svigerinna og døtrene hennar. Dei hadde tre leilegheiter i same huset.
Han får dei etter mykje overtaling med seg på Bergens flottaste hotel, og spanderer middag på bror sin og kona, og dei tre damene på Skansen. Han hadde håpa på å få noko amerikansk på menyen, men dei måtte nøya seg med laks, "som dog var av god kvalitet".

Rasmus hadde alltid vore velviljug og tala godt om alt og alle. Men vantar det på høflegheit og service sa han frå. Her fekk Magna, ei av døtrene til Olivia,  ikkje ta inn barnevogna i spisesalen, men etter mykje om og men fekk dei henne inn gjennom ein sideinngang. Han er ikkje nådig i sine kommentarar om servitøren. Det er tydeleg at han øydela noko av det som skulle vera eit storslege avskjeds- og festmåltid.

Dei åt kveldsmat på Skansen. Han nemner menyen, kven som var tilstades, og at dei dansa for fotografen, og Ole, svogeren i huset song mange morsomme songar, med den gode songrøysta si.  Det var tidleg morgon før dei sa godnatt til kvarandre.
 Han overnatta i Magna si leilighet, og ho sov hos mor si. Mannen hennar var ikkje heime , men på oppdrag i Bodø. "Han sendte meg dog eit pent avskjeds telegram". Rasmus gjer seg vidare sine tankar om bror sin som var avliden, men som han så gjerne skulle ha møtt att og hadde drøymt om å ha  ferie saman med.
Dei et frukost. Han fortel kven som laga han, og at dei dreg avgarde til Skoltegunnskaien i typisk bergensk muskregn.

 Venus ligg klar ved utstikkaren.  Han ergrar seg over formalitetar ved innskjekkinga, og så tar dei siste farvel. Han merkar seg at han hadde den største farvelgruppa ved denne avgangen. Med smått og stort var det 20 stykke. Mor og far og vesle Britt var der og. Dei siste hadde teke morgonbåten til byen for å ta farvel med onkelen. Eg hugsar det ikkje, men veit me var hjå fotografen den dagen, og eg var pynta med amerikansk halsbånd eg hadde fått frå onkel Rasmus.

Eg kjenner meg så godt igjen i korleis han oppsummerer avskilden. Slik har eg opplevd det sjølv mange gonger  når eg har vore vestpå og reist heimatt til Nordmøre eller Austlandet. Du er takksam for samværet, men  vender hugen frå dine kjære der du har vore, og til heimen din.
" Eg setter stor verdi på den avskjeden. Eg va glad for Norges turen min, og eg trur alle som va dar hadde vore gla at eg kom; men da va ikkje so ont for meg å seia farvel. Tankane hadde snut seg te min eigen heim og famelie, og eg hadde begynt å rekna på dagane so va att førend eg kom heimat te ho Beatrice i vort eiget rede"




Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar