Heimkomsten. Ein norskamerikanar ser heimom gamlelandet .


Han stod på dekket og såg Venus runde Kvarven og gå sakte innover mot Skoltegrunnen. Byen var herja etter bombinga under krigen, men dette såg han ikkje. Han såg byen og dei sju fjell som omkransa han. Året var 1948, og Rasmus Lakness var på veg for å vitje sine heimtrakter. Som han sa: -Kvifor kjem laksen frå det ukjente havdjupet te elven der han vart utklekka, for å kasta rogn, og slå seg ihel på steinane?... Kvifor ville eg so reisa til Norge? Simpelthen fordi eg va født dar. Eg kan ikkje giva nåken bedre grunn.
I dag kan du flyge Bergen -Orlando på 12 t og 5 minutt med Norwegian. Rasmus reiste i tolv dagar for å nå Bergen. Han brukte tog gjennom USA, båt frå New York til Southhampton, tog til Newcastle og båt til Bergen. På veg gjennom USA møtte han slekt og vener som bad han helse til Noreg, og sende med gåver til sine i gamlelandet. Han ringde si kjære Beatrice eit par gonger, og siste gongen kunne ho fortelje at dei hadde blitt besteforeldre til ei lita jente, Dortothy. Så tok han båten til England.

Korleis veit eg dette ? Jau, då reisa var til ende og han var vel attende i California hjå sine eigne, skreiv han bok om ferda si, først på engelsk, men jula 1950 fekk slekta i Noreg heftet, omsett til eit slags dialektnorsk som han sjølv kalla " Rasmus Laknessnorsk". Heftet var skrive på maskin, og mangfoldiggjort på spritduplikator, og bokstavane ljosna ettersom tida gjekk. Då eg var unge, var det moro å lesa om ferda hans, og finna att omtalen av seg sjølv og familien min. Han mangla som amerikanar æ ø og å, og skreiv ae, oe og aa for dei bokstavane.
Søster mi, ho Åsta reinskreiv spritstensilane , la til dei manglande vokalane, og gav ut boka som julehelsing til familien vår i 2000, 50 år etter det første heftet såg dagsens ljos. Det var ei fin gåve.
-Yngste broren står på kaien, og enkja etter nest yngste broren hans, og litt anna slekt. Ingen kjende kvarandre. Ragnvald, bestefar min,  var 2 år då broren for, og Olivia hadde gifta seg med Andreas lenge etter.  Det vart eit hjarteleg møte, kan me lesa mellom linjene. Rasmus skriv utan dei store orda og dei sterke kjenslene, som dei fleste på den tida. Men ikkje tale om at han skulle ta inn på hotell! Dei ovetalde han, og han overnatta hos svigerinna si på Skansen, og Ragnvald og han samtala til langt på natt. Dei hadde nesten eit halvt sekel å ta att!

Broren måtte på arbeid dagen etterpå, men om kvelden tok dei rutebåten innover til Osterfjorden.

2 1/2 time tok ferda, og han møtte kjentsfolk og slekt på båten, og dei nemner han omhyggeleg  med namn. Så steig dei i land på Leiknestangen,44 år etterat han tok farvel med mor, far og søsken ein marsdag i 1904, for å dra til det lova landet.

Tanter og onklar på morsida hadde reist føre, skrive og bede han koma. Han arbeidde hardt der borte, tok utdanning, og fekk ein god stilling. Han var av dei som lykkast.  No var laksen kome attende, trekkfuglen på plass. Han nemner gardane han går forbi på veg heim i Lunddalen.
Då eg las meg opp på denne hendinga, fann eg at 7 av dei eldste søskena til bestefar min drog til Amerika. Det ser ut som dei fleste drog litt før dei var 20 år, og det var vel berre Rasmus som tok seg
tid og råd til å kome tilbake.
To be continued.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar