Rasmus Lakness i heimbygda i 1948.

 Vi skal fylgje norskamerikanaren på hans sju vekers lange opphald i Noreg. Det gjev eit bilete av tida, og tankane, og eit bilete av språket hans etter over 40 år i USA.
Lunndalen i dag, 70 år etter. I bakgrunnen restane av floren og løa. 

Så stod han atter i Lunndalen, på  heimegarden på Leiknes. 44 år hadde gått.  Anna, kona hans Ragnvald kom han i møte og bad svogeren sin velkommen. Ho var fødd 2  år etter at han reiste til Amerika. " Aldrig før eller seinare hev eg fåt slik ein velkomst hilsen utenom i mit eiget heim".
Dei viste han omkring i huset. Kjellaren hadde fått sementgolv, og gruva var borte. Søre stova hadde fått nye møblar, men i nordre stova fann han att klaffebordet og senga i kråa. Kjøkkenet hadde fått moderne ovn, og benk med skap og skuffer. I romma oppe fann han gamle kommoden etter tanta si og faren sin gamle kuffert. Løa og floren var som før, men hadde fått silo og gjødselkjellar av sement.
                                                                         Floren i dag
" Dei store bjørkene attåt huset, så vel som heggen, eppletrena, kissebærtena og den store ask neom løen er alt borte. "  Men det har kome nye tre, og det er meir skog enn før i heile dalføret, og naturen er frodig.


Enno meir frodig i dag

Rasmus fekk søre stova, bestestova, som sitt værelse medan han var i Lunndalen. Sju veker skulle han vera i Norge, 2 veker i heimbygda, to veker på tur rundt i Norge, og dei tre siste vekene i heimbygda, bygdene rundt, og ikkje minst i Bergen. Det vart ei festferd frå ende til annan. Han var på gjestebod nesten kvar dag, over 30 heimar besøkte han på desse 35 dagane, men nokre to gonger. Han fortel nøye kven som er tilstades, talar vel om dei, og skryt av serveringa han får. Så takkar han for seg, og det er nesten som han skriv ein slags benediksjon over vertskapet.


Den første kvelden var det  selskap hjå Ragnvald og Anna med storfamilie, og Olivia, enkja etter bror hans, Andreas, og storfamilien hennar.  Søndag var det igjen middagsselskap, med onklar og familie, nokre heime frå USA, og andre frå bygda og Bergen.
" Slektsled hadde både komt og gåt, og me ifrå Amerika sat so tilskuara på nye folk som me helt på å bli kjent med",  skriv han når han ser attende på den kvelden

Jonsokafta ( 23.juni) var han beden i Træ, der mor hans ætta frå. Det var berre 10- 15 minuttars gonge gjennom utmarka for å koma dit. Han veit så vel korleis det såg ut  i barndommen sin, då han for der ofte, og ser korleis det no er blitt til eit " stormannshus", der det er vanskeleg å finna at korleis det var i gamle dagar. Han fortel  som alltid kven som var tilstades der, og korleis dei vart traktert, med rjomagraut og alt tilbehør.

 Sønene til broren og kameratane hadde bygd ein stor jonsokkall ved Merkjesle mellom Leiknes og Mundalstre. Dei var borte og såg på bålet. " Jamen var det interessant å sjå bålene bortover lannet ifrå den fine utsikten og på ein slik fin vakker sommar nat so da va". Dei avslutta kvelden i Træ, og som alltid takkar han for god servering og godt selskap.


Her skal vi nemne at han  besøkte soknekyrkja, den gamle middelalderkyrkja, på Hamre sundag 27. juni. Etter gudstenesta  helste  han på  slekt frå Sandalen, trefte folk han hadde gått til presten saman med, og såg til familiegravene . " og eg fek anledning til å ofra ein stille takkebøn for vore gode foreldre atåt deira graver".

Heimatt  gjer han seg sine tankar om kva som har skjedd sidan han for. Nokre hus er er borte, og husagrunnane står att av andre. Ein stor ask veks midt i eine grunnnen. Mesteparten av ettlingane  er i Amerika. Maten har endra seg, mest fordi det er lettare å få ferske varer og betre konserveringsmiddel. Han nemner møsebrum, mølja og klengabete som noko som er blitt borte, medan det er meir fisk, og rjomagraut og raspekake.
Han meiner folk omgjekst meir før, og hjelpte kvarandre med arbeidet. Dei reiste på fiske i lag, lånte vøvebommer og vovegogner, tørka og mol kornet saman, og hjelpte kvarandre å baka flatbrød i gruene.
Det skal kome ny bru over Leiknesvågen og " forbinner Dalebygden med heile lannnets veivesen. Soleis er no biler et almindelikt syn og eit almindelikt reisemåte" Fjorden vert midre viktig, og ferjene gjer at lastebilane tek over transporten.
Alt er meir frodig, og det er meir skog overalt. Men folk badar i Vågen som før, og byfolk har bygd seg hytter på landet.
                                                   Utsikt mot nordre Lunndalen i dag.

Som barn og ungdom var han mykje saman med jamaldringar frå nordre Lunndal. Dei var døde no, men 3. juli vart han beden dit, og hadde ein festkveld hjå naboane. Dei hadde samla 9 personar frå slekta si, også frå Bergen. Han nemner dei med namn, yrke og sivilstand, , skryter av festen, der han vart traktert " delikat" . " Vi sat i bestestova og snakka og småprata til lankt ut på natten, .. men endog  var det leit å seia godnatt.."
 Kart over Osterøy, med Osterfjorden og Sørfjorden. Dalebygden og Leiknes ligg på nordsida av fjorden, like ved der den første vesle fjordarmen buktar seg inn.

Han hadde som barn høyrt at det gjekk an å reise rundt Osterøya, og allereie då hadde han hatt hug til å ta den turen.  No hadde han høve til det.  Han snakka med bror sin, og leigde motorbåtbåt den 4. juli, og reiste inn Osterfjorden og gjennom Sørfjorden, ein tur som tok heile dagen. 23 personar frå  slekta var med. Han namngjev dei alle, som vanleg. Eg ser at eg var med, saman med mor og far. Men som toåring hugsar eg ikkje noko av den spekakulære reisa. .  Det var skya ver, men alle hadde moro av turen, skriv han. Vi drog gjennom inn gjennom Osterfjorden, og svinga inn Sørfjorden, som er ein smal fjord med bratte fjell på kvar sida. Rasmus reflekterer over alle laksenøtene  med jila som han såg, og meiner dei var noko av grunnen til at folket på dei usle gardane hadde inntekt.


Så tok han tok vegen og helsa på ein gamal skulekamerat som han gjekk for presten saman med, Hans Øfstegår: Der sat han heile ettermiddagen, og hadde ein førnøyelig ettermiddag,  og dei snakka om mykje "nyt og gammalt". Han vart sjølsagt traktert, som skikken var, og var glad for det.
Seinare gjer han seg sine betraktningar om korleis han vart teken imot av slekt og vener : " det er ein pen gammal sjik i Norge so har komet ner ifrå oldtide, at når ein vandrende kjem te gars, so skal han trakteras og forfriskas med mat og drikka, for, i gamle daga va dar få gjestgivar huser. Slekt var ikkje nødvendikt og kunne ikkje ha svart seg blant slekt eit gjestfrit folk. Eg antar derfor at når ein vandrande so eg hadde komt so longt ifrå som Amerika, so måtte han trenga heimens aller beste mat og drikka. Og da va netop da eg fek."

Neste veke skal vi følgje Rasmus på tur i Sør- Norge like etter krigen, som turist  frå Amerika.



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar