Turist i Noreg i 1948


"I min ungdom hadde eg set svert lite av Norges land. Soleis syntest eg at når detta va min første og sidste tur, burde eg sjå meg litt om i den part av landet so dei utenlanske turister går te. Soleis hadde eg fått utarbeit ei reiseruta med foranbestilt plass på buser, båter, tog, og hoteller, for ein to vekes tur" Sitat Rasmus Lakness
Setersdalen

Så reiser han med buss frå Bergen, gjennom Hardanger via Haukelisæter til Hovden, vidare nedover Setesdalen til Bygland, der han skifter til tog, og reiser så til Oslo, der han vert i to dagar, før han tek toget til Voss, med buss til Stalheim, der han også vert eit par dagar, før han tek buss til Gudvangen, og båt til Balestrand . Der vert han til dagen etter, før han held fram båtreisa til Bergen. Det vart ein  spektakulær tur, slik turistar både då og i dag opplever. Det slår meg at det må ha vore ei fantastisk reise han gjorde.
Det var og ei klassereise  dettte, å reise som turist i sitt fedreland. Då han reiste til USA for 44 år sidan, hadde han truleg fått billetten av slektningar.
Han er oppteken av naturen og kva folk lever av, og kommenterer forskjellen på levemåten og arbeid i aust of vest, der vestlendingane lever meir av fruktdyrking enn på det frodige og opne landskapet på Austlandet. Han skriv om skogen i Setesdalen og den opne Hardangervidda.

Hotellstandarden er  var vekslande. På Hovdehytta vert  han  overraska over at han må overnatte i eit lite tomannsrom, med køyesenger. - Heldigvis fekk han den nedste, men dansken som kom ved midtnattstider måtte ha hjelp til å kome seg opp i overkøya.

I Oslo får han luksussuite første natta, med " eit bad so va so stort nok for motagelses salong". Han klaga på dette og fekk eit meir beskjedent værelse. " Det fik min rygg at betale, so Peter Dass skriver. Sengen va so ei steinur. Leksen er : Klag deg ikkje". På Stalheim får han ei gamaldags "fjøraseng" å ligge på. " Heldigvis fek eg og ein stor pute av same slags, so passa godt i hølen midt i senga".


Han tok bussen til Hardanger, og gjer seg sine refleksjonar ned Tokagjelet, der vegen gjekk utanpå fjellet på den tid, og du såg beint ned, og langt ned. Han overnatta første kvelden på Sandven hotel i Norheimsund., og fekk ei god seng å liggje i, og eit vakkert rom med bad.

Dagen etter tek han bussen til Ulvik,  og set lenge og ventar på å få rommet som han hadde bestilt på forhånd. Til slutt tek han kontakt med den "ældre bonde konen" og forklarer kven han er.. Då vart det fart i gamla. Ho krodde seg som ein orm i solskinnet, og visste ikkje det beste ho skulle gjera for han. Rasmus skreiv så turt: - Eg gjorde ein feil. Eg snakka norsk til henne i staden for engelsk." Då han slo om språket, vart han overmåte velkomna.

I Oslo blir han møtt av eit frykteleg regnver, og må stå ute og vente på drosje, då Vestbanen har stengt for natta. Dagen etter skulle han møte slekt.  Den eine var dotter til grandonkelen hans, og den andre var ein tremenning. Ein kunne slekta si i dei dagar.
Ho Anna Leknæs vart med han på det meste dei to dagane han var i Oslo. Dei oppsøkte Stortinget, og han var inne i Odelstingssalen, og han prøvesat presidentstolen i Lagtinget, deretter såg han Universitetsaulaen, Utan at det imponerte amerikanaren så fælt: " Dei skryte at den hadde plass for
700 tilhørere".

 Ein tur til Bygdøy var meir interessant, og han såg "gamle heim" med utstyr, og fekk foredrag om vikingtida.


Dei avslutta kvelden i Anna si leilighet, der ho serverte mykje god mat som eigentleg ikkje var å få tak i like etter krigen. Dagen etter  treffer han tremenningen sin, og er glad over møtet, og dei friskar opp hendingar frå barndommen.







  
  

 Han og Anna dreg til Frognerseteren, der du kan sjå ut over heile Oslo og fjorden. Dei et kveldsmat på restauranten " for ein billig penge", og så tek dei farvel utanfor hotellet.  Men Anna møter opp morgonen etter når  toget skal gå til Voss, og gjev han ein sølv brevkniv til avskjed, noko han set stor pris på.


Snøen hadde nettopp smelta av vatnet på Finse, blir han fortalt, då dei reiser forbi.

Han overnattar på Stalheim hotell, og er full av lovord over den vakre utsikta. Dagen etter finn han ut kvar diktaren Per Sivle vaks opp, og ser Naulæ, ein plass som ikkje såg ut som noko anna enn ei hole i fjellet, der 8 born hadde vakse opp. Dei hadde to kyr, nokre smalar og geiter, så faren måtte ta arbeid kvar han kunne, fortel son hans til Rasmus.

Vegen vidare går ned  vegen gjennom gamle Stalheimskleiva til Gudvangen, og der stig han ombord i ein båt. " og soleis fortsatte utigjennom og blant storfjell so nådde op i ein beskyet himmel, mens fjorden va so blank, og so stille at da va vanskeleg å forstå at da va ein arm av da stora havet. Dar helt naturen herredømme, meir enn eg såg noken annersteds på heile turen min"

På vegen ut Sognefjorden tenkjer han på menneske han møtte "over there", som kom frå denne regionen, og som hjelpte han då han tok college i USA. Sterke i natur og sterke i ånd gav dei av sin kunnskap til dei som trengte den for å bli amerikanarar. For han meinte at den lærdom han hadde fått på folkeskulen i Dalebygden var svært mangelfull, fordi dei hadde liten progresjon i det dei lærde, sidan det var fådelt skule.

Han overnatta på Balestrand, og skryt av den fine naturen, den gode maten , og Stella Polaris som la til kai der medan har var der.  Han treffer fleire amerikanarar, og blir invitert til å eta ved bordet deira. Han set pris på dette, på å vera i eit cosmoplitisk og samtidig demokratisk miljø, der alle snakkar med alle.
" På reisen med dampbåten utover Sognefjoren og videre te Bergenom ettermiddagen den 20de Juli, sto eg ved rekken so aldeles ubevist om alt annet end den stadig forandrende sene av fjell, vannfall, gårsbygder, frukthager, og Aker og eng."
Han kom til Bergen klokka ti om kvelden, og overnatta nok på Skansen, hjå  slekta der.
Enno var det tre veker att av Norgesturen...

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar