Minner om onkel Kåre


Eigentleg kjende eg ikkje onkel Kåre så godt.  Han reiste i fjordafart med Nornen, og var mykje vekke i vekene, ettersom han frakta sardiner i boks frå hermetikkfabrikken Norwegian Preserving  i Bjørsvik og til store delar av Hordaland og Sogn. Eg hugsar han med blå gensar, skipparhuve,kloggar og ein sneip hangande i munnen, der han såg ut gjennom styrehusvindauga og gav sine ordrar.

Han og tante Solveig budde i Tångamarka på Leiknes, i eit toetasjes hus som han delvis hadde  bygd opp av materialar frå eit nybygg frå bestefar, frå kaia på Hjelmås. Det var bygd opp like etter krigen, og dei nytta det dei hadde.  Der var god utsikt over Osterfjorden, og familien kunne fylgja med når Nornen  for ut og inn med last.
 Båten låg fortøyd i Vågen når han var heime, like nedanfor Betel, og der var det ein smal bratt stig opp til bedehuset. Derifrå hadde han ein 10- 15 minuttar å gå heim. Seinare laga han seg ein kai nedanfor huset i Tångamarka, og laga ein smal stig med ein del klopper og tau opp til nedre enden av hagen deira.
Ikkje sjeldan tok han ein tur innom heime  på vegen, og ungane hans fekk vere med på ein tur til Bjørsvik for å hente last. Eg fekk og vere med søskenbarnet, ho Oddveig, eit par gonger, og det var stor stas. Me måtte vera forsiktige når vi klauv ut og inn i styrehus og kahytt, og så vidt eg hugsar var det eit lite do i akterenden der me gjorde vårt fornødne. Me spela kort og såg på stadene me reiste forbi, og passa oss for vinsjen når båten låg ved kai. Stor var gleda då eg fekk med meg nokre boksar sardiner heim! 
Onkel Kåre var bror til far, den fjerde i søskenrekka. Interessert i båtar og motorar var han frå barnsbein, og han fylgde i stor grad opp, og gjorde det til levebrød i vaksen alder. Far og han var på mange måtar nære søsken, sjølv om far dreiv med motorar på land, og Kåre på sjø, og dei hadde mykje omgang. Vi ungane var også mykje på besøk hjå kvarandre, og  Oddveig og eg var bestevenner.
                                                           Den omtala bilen i bakgrunnen
                                            (Frå ein familietur til Hardanger med onkel Edvard i -55 )
                                   

Då far døydde, var det onkel Kåre og onkel Ingebjørn som var dei av onklane mine som mest var innom, prata med mor, og tok oss ungane med på overnatting heim til familiane, for å avlaste mor. Dei sterke søskenbanda fornekta seg ikkje.
Mor fortel at ein søndag kjem han innom med sine 4, og mor tek med seg sine seks, og så reiste dei på tur til Lindås med Opel Blitz: Overbygget med presenning var på lasteplanet, og dei 12 buss-seta plassert inni bygget.  Dei ti ungane fekk plass baki bilen. Tante Solveig var på eit eller anna stevne denne søndagen, så det passa fint å slå i hjel tida med ein biltur, sidan dagen gjekk med til barnepass anyhow, forstod eg.
Turen til Lindås tok si tid, for vi køyrde sannsynlegvis Vaet, Søreide, Torsheim og vidare mot Lindås., ein stor samlingsstad i dei dagar. Mellom anna hadde kaffen på Lindås ope på sundag.Veret var fint, og vi ungane  hadde ein fin tur bakpå "lasteplanet", Tilbygget hadde vindauga vi kunne sjå ut gjennom, og var elles luftig og godt.  Fram kom vi, og då stigen bak bilen kom på plass, myldra det ned ungar. Per var 14, Oddveig 13, Britt 12, Sigmund 10, Anny 9, Åsta 6, Edit 4, Margunn 3 og tvillingane 2 år.
Mor sa at folk sperra opp augene då dei såg ungeflokken, og tenkte nok at dette foreldreparet hadde ikkje lege på latsida, men produsert dei ungane dei kunne klare!
Kafeen hadde toalett, og det var viktig å få bruke etter ei såpass lang reise.

 Først måtte vi eta medbrakt mat, som var lov på kafeen i dei dagar, berre dei vaksne kjøpte kaffi. Det vart vel nokre brus på deling på oss ungane, tenkjer eg.  Alle ungane fekk  is, og sleikte i oss kroneis til den stor gullmedaljen. Nokre av dei minste klarte ikkje heile den svære isen, så dei fekk hjelp av større søsken til å fortære restane. Alt gjekk ned.  Det var ikke så ofte ein fekk søtsaker, langt mindre is, i dei dagar. Turen var altså på alle måtar vellukka.!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar