Rasmus Lakness returnerer til Oakland .


Eg hadde tenkt å avlevere Rasmus Lakness på Skoltegrunnskaia i Bergen, og sjå han vel ombord i Venus.
https://mangtegminnes.blogspot.com/
                                                            Lunndalen på Leiknes i dag

Men når eg les resten av boka hans, slår det meg at det er meir å fortelje, om båtreisa, om turen gjennom USA frå austkyst til vestskyst, og ikkje minst om møte med slektningar undervegs.Det er eit tidsbilete frå ei tid når reiser til gamlelandet var uvanleg. Når eg ser på bileta frå Amerika frå i dag, slår det meg kva klassereise dette var, også i 1948. Frå metropolar i USA, tilbake til røtene, og attende til storbyane i Amerika. Ein mann som er glad over muligheitene han fekk for seg og sine " over there", som har arbeidd hardt for sin suksess, men bar på ein lengt etter å besøke gamlelandet før han vart for gamal til å reise. Så er er resten av historia, krydra med mine tolkingar av forteljinga :

Opphaldet i England 

Han kjem til Newcastle allereide neste morgon, og tek tog inn til London, der han omadresserar bagasjen, og tek inn på hotel. Standarden er dårleg, og han er i tvil om frukost er med i prisen. Det er han, men maten er ikkje noko å skryta av i etterkrigsEngland. Båten til USA går først etter 2 dagar, så han og ein annan norskamerikanar er turistar i storbyen, og handlar gåver. Siste dagen får dei omvisning av "ein gamling" som politiet går god for. Mannen kan si historie, og dei er til Downing Street, som ikkje imponerer, ( Det hvite hus var nok betre), og til Buchingham  Palace som er storslage, til dei får så baksida. Gamlingen ville ha mykje pengar for guidinga si, og var misnøgd med betalinga, bemerker Rasmus. Rasmus har forøvrig sin 64 fødselsdag i England, men nemner ikkje det.

Båtreisa over Atlanteren

Dei tek toget til Southhampton, og får seg ein betre middag ombord på båten.  Dei er to i firmannslugaren første dagen, men båten er innom Cherbourg i Frankrike, og då kjem det to mann til. Rasmus byrjar å blø naseblod på overfarten, og vart overført til skipshospitalet for resten av turen. " dar fek eg kvila godt og fek flot opvartning ifrå første klasse kjøken."
 
                                                                   Broadway i dag

New York                                                         

19.august kjem han til New York, tek inn på Hudson hotell, og får ringt til si kjære Beatrice, som ikkje hadde høyrt frå han sidan 9. juni, det vil sei over 2 månader.
https://www.blogger.com/blogger.g?blogID=5145840421804994256#editor/target=post;postID=5022604763512906332;onPublishedMenu=allposts;onClosedMenu=allposts;postNum=4;src=postname

 Så får han  besøk på hotellet av Oscar og Ingrid Knudsen frå Brooklyn. Dei hadde sendt helsingar til slekta si i Norge, og venta på nytt frå gamlelandet. Dei fekk gåver og  helsingar tilbake. Så såg dei på bilete frå Norge, og ville ha han med på køyretur i byen, men han takka nei til nattelyset i Broadway. Han var for trøytt.
Dagen etter hentar han fleire ( lys) bilete frå Norge som han hadde sent til framkalling før han reiste derifrå, får sendt den tyngste bagasjen direkte til Oakland, og så startar på togreisa tilbake til California.  Med fly ville den reisa ta 6 t og 45 minutt i dag, med bil 43 timar  og med tog 3 dagar og 4 timar.  Men han brukar 6 dagar, med litt stopp innimellom.  Til samanlikning tar turen Bergen -Nordkapp i dag 30 timar gjennom Sverige, og Oslo - Nordkapp 25 timar gjennom  Sverige og Finland.  Vi snakkar om store avstandar frå aust til vest på kontinentet..
                                                                         Trenton

Reisa  frå austkysten til vestkysten                                                    

Men første dagen tek han toget berre ein time, og besøker brordatter si, Marjorie Collins og familien i Trenton. Ho var dotter til Rasmus sin tvillingbror, Johan,  som  døydde i 1932. Ho steller til ein flott festmiddag til onkelen sin, og dei såg på lysbilete frå Norge.
                                                              Cleveland i dag
Han tek nattoget til Cleveland, der han treffer brorson sin,son til tvillingbroren,  svigerinna si, og resten av familien der.  Dei ser på lysbilete frå Norge, naturlegvis.
Han fortel nøye om opphalda, takkar for den fine velkomsten.og er oppteken av at slektningane  har gode jobbar og vakre hus. For ein som kom flyttande  med to tomme hender for mindre enn eit halvsekel sidan, er det vel ikkje så rart at han gleder seg over at neste generasjon har lukkast .

                                                                Chicago i dag
Så reiser han med sovevogn til Chicago, og kjem dit om morgonen, til ein travel dag, som han seier.
Her treffer han slekta til bror sin, Magnus, seinare på dagen er han hjå kusina si og hennar familie, og treffer nokon fra Tvedtslekta, ( som eg trur må vere i slekt med andre kona til bestefar på Hjelmås), og om kvelden ber  det til enno ei kusine og storfamilien der. Alle stader er det servering, dei pratar om laust og fast, han gleder seg over samværet, og velstanden,  og han viser Norgesbileta sine på prosjektor.
Han vert køyrt til stasjonen, sjølsagt, og tek nattoget vidare  til Sioux City, Iowa.
Her møter han bror sin, Magnus, og familien hans. To av døtrene kom køyrande neste 30 mil for å møte onkelen, og høyre om Norgesferda. Her møtes dei på hotellrommet hans Rasmus, og har picnic i parken. Alle er svært interesserte i Norgesbildene, både dei frå Dalebygden og frå rundturen i Norge. Rasmus nemner  all slekt i dette området han ikkje fekk møte og helse på, men " hadde ikkje ti te slektnåke." Det er tydeleg at slekta betyr mykje for han.
Så reiste han til Omahoa, Nebraska, og fekk sovevogn til Denver Coldorado.
                                                           Denver i dag

Her møtte han broren, Anton, " i den store, pene heimen hans. "kona hans, Ethel, motok meg med ein av hennes framifrå goe frokoster, og dei  samtala mykje. Anton og familien sette stor pris på å sjå Norgesbildene. " Anton va gla å sjå bilde av gamleheimen og all dei kjente steder".  Om kvelden kom ei tante og sonen, ei niese og fleire andre, og dei hadde ein fin kveld, der han viste lysbileta frå Norge enno ein gong.
Oakland i dag

Heime i Oakland, California

Neste morgon reiser han vidare , denne gongen ber det direkte til Oakland, og om ettermiddagen 26. august kjem han til stasjonen der, to månader og 21 dagar etter han for. " Min kjære Beatrice va dar på stasjonen og såg så pen ut i den nye drakten hennes.Vi va begge gla at sjilletiden va forbi. Vor son, Ralph, med fruen, ho Dorothy, og med veslejenten deira, ho Jeanette, va ogso dar." Jeanette var født 9. juni, den dagen Rasmus reiste frå New York med kursen mot Norge, så Rasmus ser no barnebarnet sitt for første gong.
Han hadde med seg mange gåver, både til slekta, som var avlevert på vegen, og til sine eigne, frå familien i Norge. Det er tydeleg at bånda til folket i gamlelandet er sterke, for det er jo same generasjon som han, eller neste generasjon.
 " Eg er sikker på at kver mottakar verdsetter da dei fek som minne gaver og forstår og verdsetter tanken so er bakom.  Eg for meg synes alt er mykje verdifult."

Etterord

Så hadde laksen vore tilbake til sine fødetrakter, trekkfuglen til heimstaden.
Rasmus held kontakta med familien i Norge så lenge han levde. Boka eg skriv frå, var julepresang til familien i 1950.Tante Bjørg fortel at ho fekk julekort frå han kvart år. Siste året kom det to kort , eit til henne, og eit til sonen ho hadde fått det året, skrive med hans vakre, men då så skrøpelege handskrift. Han døydde 10 år etter Norgesturen sin, i 1958.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar