En god bok er som en trampoline for fantasien. Den gir tanken noe å hoppe og sprette på

Eg kan så vidt hugse at eg var med mor på meierilemmen og lånte bøker. Dei hadde nokre trekassar med bøker, som dei fekk tilsendt frå Hamre folkeboksamling. etter ei tid vart trekassane sendt vidare til ei ny utleigestad, og Leiknes fekk nye kassar.
Mor var glad i å lese, og fann seg alltid stunder til det, midt i ein travel kvardag. Så eg lærte at lesing var viktig.
Då eg kom i storskulen, fekk eg tilgang til skulebiblioteket, nokre hyller med bøker innkjøpt i hovedsak fra  Det norske samlaget. Det var gode bøker, skrive på nynorsk, og opna ei verd utanfor vesle Leiknestangen. Eg lånte og las, lånte oppatt og las.
Vi skulle låne ein gong i veka, men ofte var lesehungeren så stor at dei ivrigaste av oss fekk låne ekstra bøker.
Kvar vår fekk skulen bevilga pengar frå kommunen  til å kjøpe inn nye bøker, og eg trur læraren la mykje arbeid i å bestelle desse bøkene, og bruke prngane fornuftig. Det kom i alle høve innbundne årgangar av  Norsk barneblad, forteljingsbøker som Vesle Lord Foutleroy, Frostmoborna og..,
nokre fagbøker og oppslagsverk.
Bøkene kunne ha bilete på forsida, eller var utan. Var det bilete inni, var dei i svart kvitt, anten foto eller strekteikningar, og det var ikkje mange av dei. Såleis var vi overletne til fantasien når me las, og plasserte nok mange hendingar og personar inn i kjende mønster, eller i ei verd vi såg for oss.
Vi lånte bøker av kvarandre, om nokon hadde fått bok til bursdag eller jul, og så diskuterte vi det vi hadde lest, og leika ein del av innhaldet. ei god bok varde lenge!
Eg var grindajente når far reiste til byen og handla varer. Det gjorde han ein del, for det han trong til entrepenørverksemda si, som dynamitt, sement og oljefat, var det lettare å ta på lasteplanet enn å få med dampen.
Bilen stod ofte på bryggen, eller var på Strandkaien, og då hende det ikkje så sjeldan at eg masa meg til nokre kroner, og gjekk på handletur. Madsens bokhandel besøkte eg ofte, og der hadde dei både glanbilete, papirdokker, og inkje minst bøker.
Milly Molly Mandy handla om ei jente i ein landsby i England, Ho opplevde mykje spanande saman med vennene sine, som å få kattungar, at kyrne gjekk gjennom ei opna grind, og at mormor laga syltetøy. Det kom vel 5 bøker om henne, og eg hadde dei alle. Lesne vart dei, oppatt og oppatt.
Seinare kjøpte eg Robinson Crusoe, og las om korleis han overlevde på ei sydhavsøy, fekk seg ein innfødt tenar og til slutt vart berga.   Kom la oss synge av Margrethe Munthe. kjøpte eg og, og syster mi og eg song med kvar atonale stemme om Gråpus og Å jeg vet en sæter.
Mor kjøpte den nynorske boka  Beritungen før eg kunne lese, og las høgt for meg , men etterkvart las eg sjølv, både om ho og etterfølgjaren : Beritungen får nye vener. Bøkene gjekk føre seg på ein gard i byrjinga av 1900-talet handla om rettferd og hjelp for dei svake.  Eg las dei mange gonger.
Då nyeskulen kom, vart biblioteket flytt dit, og fekk eit lite rom der. Sverre Magnussen var bibliotekar, og dei hadde faste opningstider kvar veke.
Bokbåten Epos reiste og lånte ut bøker på 60- talet. Han var fleire gonger på Leiknes, og vi fekk låne bøker der. Stort å sjå så mykje bøker samla på ein stad, og berre gå og velje å vrake. Kva skulle ein egientleg låne, når det var så mykje å velje mellom? Vi  høyre forfattarar fortelje om bøkene sine, høre musikk og sjå små teaterstykke.
Boka kom til deg, og opna fantasien.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar