Det finnes ikke en bedre venn, bortsett en venn med sjokolade. Om snop


Godis i Sverige

I godt vaksen alder besøkte eg  godisbutikkane i Sverige, der det er hundre og hundrevis av kvadratmeter med berre snop, og der folk handlar gotteri for tusenlappen utan å blunke.  Då såg eg for meg min barndoms landhandel, der gotteriet var i eit lite skåp på disken, og kandissukkeret vart oppbevart i treliters metallspann på golvet.

Snop i barndommens landhandel

Å stå i barndommens landhandel med 10 - eller  50- øre eller tilogmed ei krone, og vite at nå kunne du snope, det var lykke, det! Foran deg stod nokre glas med kuler, småsjokolade, karameller og kjærlighet på pinne. Butikken på Leiknes trur eg hadde eige snopeskap, der mesteparten av herligheitene låg på rekke og rad. Eg tenkte og overvog lenge kva eg  skulle kjøpe, adderte og talde igjen, før eg bestemde meg for nokre sjokoladar, karameller og kuler. Butikkdama, som hadde venta tålmodig medan eg talde på knappane,  på fylte snopet høgtideleg opp i kremmarhuset, og eg tok imot, og gledde meg til søtsmaken. Kanhende måtte eg dele med eit par småsøsken, og bytet vart formelt og mykje rettferdig fordelt.

Kva er snop eigentleg?

 Men kvifor heitte det snop?Det kjem truleg frå nederlandsk eller lågtysk, og betyr nettopp søtsaker eller slikkeri.

Far kunne la deg få snopepengar

Eg var ofte med far på arbeid, og timane kunne verta lange medan han bora hol, laga til dynamitt, fenghetter og drog saman dekke. Eg masa om pengar, og fekk oftast ei krone å gå å snopa for. Det gjorde ikkje noko om butikken var langt borte.  Ein gong han heldt på i Eikongmarka, gjekk eg den lange vegen til butikken til Askeland, kjøpte meg ei pose bringebærdrops, og gjekk tilbake. Dropsa var gode å knaska på og, og var vel ei medverkande årsak til at tannlegen seinare fann mange hol i tennene mine.

Mange typar snop

Dei selde sjokolade i laus vekt, og 25-  50øres og krones sjokoladar. Riegel kosta 25 øre, småsjokoladane 10 øre. Lohengrin var ein fyllt sjokolade, men han var aldri særleg populær. Det var helst dei vaksne som kjøpte han til oss ungane, utan at me lika han så godt. Smørbukkaramellene kosta 5 eller 10 øre. Dei siste var tjukkare, men du fekk liksom mest om du tok 5-øres. Kjøpte du  10 øres karameller var det  eit teikn på at du hadde mykje pengar.
Lakris vart seld i bitar og i lange strimler, og mange hadde dei som favoritt. Du kunne sjå dei svarte strimene  rundt munnen til dei som var glade i det snopet..
Bruspulver skulle vere til å blande med vatn, men mange brukte pulveret som snop, og sleikte det i seg. Det var billeg og godt.
Dei små pastilløskjene med farga drops, Ifa, Lakerol og kva dei elles heitte var populære å ha med seg.
Drops var ei verd for seg. Du kunne kjøpe dei enkeltvis eller i pose. Det var bringebær, Kongen av Danmark, anisdrops, syrlege,  og lys og mørk kamfer. Peppermyntedropsa med innskrift på var spesielle. Me las dei nøye før me stappa dei i munnen. Det var litt vågalt å suge på eit drops med innskrifta :  Jeg elsker deg,

 Kandisukker kom i 3 liters blekkspann. Det var hekta saman med tråd, den vidkjende kandistråden, som ikkje alle hadde funne opp.

Tyggegummi og blåsing

Det var tyggegummi, ballong, toy og speermint, og særleg ballongtyggegummien var populær, fordi han kunne blåsast til kuler. Når dei eksploderte, låg det tyggegummi rundt heile truten. Då mor låg på sykehuset og hadde fått 3-djemann, hadde far kjøpt tyggegummi til syster mi på 3 år og meg på 6 år før vi besøkte henne. Vi hadde til overmål teke to flak inn i munnen på ein gong. Det var så fullt i dei små kjeftane at munnen knapt let seg lukka, og tyggegummikulene låg til tider over halve ansiktet. Mor sa seinare at der og då tvilte ho på dømmekrafta til far min.

Laban og knekk

Laban seigmenn. kunne kjøpast i laus vekt eller i posar.  Det var artig å bite av føtene eller hovudet på dei. Når dei attpåtil heitte Laban, som me knytte saman med han som heile tida lurde helten Jakob,  så var kannibalismen ikkje så farleg. Du gjorde jo ei god gjerning når du utrydda luringen.
Vi laga knekk på steikepanna, og karameller  av smelta sukker som vi tørka på matpapir, og delte opp i høvelege stykke. Ikkje alle mødre var like glad for den aktiviteten. Heime hjå oss måtte det ekstra god oppførsel, godt humør hjå opphavet , og ekstra overteljing til for å ta fram steikepanna. Men det var godt snop når søthungeren vart for stor.
Sjeldan med nøtter då eg var lita 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar